Grøda er stor
Matt.9,35-38 - juni 2013

Grøda er stor

Kva er det Jesus ser, som fortel at grøda er stor?

Bibeltekst:  Matt.9,35-38
Dag:  4.sundag i Treeiningstida
Kyrkje:  Time
Dato:  16.06.2013

Grøda er stor
 
35 Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. 36 Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. 37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. 38 Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Grøda er stor!

Var det bare på Jesus si tid det var slik?

Har me slutta å tru på det?

Mange tykte det såg spøke ut med grøda då frost og turk laga brunsvidde kjelver over heile Jæren i mars.  Bange anelsar slo til også.  Førsteslåtten vert sein eller fælt ring for mange som slår eller pløyer og sår på nytt.  Enkelte har fått litt grøde, men dei fleste ojar og gruer. Måtte det verta ein god sommar og haust for alle som produserer mat på Jæren!

Er grøda stor i Guds rike for tida?

Det varierer gjerne minst like mykje kor du er og kven som svarar. Spør du unge kyrkjer i Afrika, så kan det forteljast om grøde så stor og så mange arbeidarar som haustar, at nord-Europa sine misjonærar ikkje trengs slik som før.  Spør du i den arabiske verda, så er det ikkje lett med grøda, når mange kristne emigrerer eller strever som annenrangs borgarar utan lov til å driva truspraksis som inneber open misjon.

Er grøda stor, slik me ser det rundt dørene her?  Tenkjer eg at grøda er stor? Eller gremmest eg over at misjonen sin gullalder er forbi og kyrkja sin plass i skulen er over og grep om folkekulturen er passè?  Misjonshøgskulen har knapt igjen studentar som reiser ut for å verta heiltidsmisjonærar.  Norske misjonærar er dyre i drift, slik me alle er i høgkost-Norge.  Det skal godt gjerast å ha råd til slike.  Men er det heile forklaringa på studenttall som gjer at prestemangel i Norge alt har begynt og ser ut til å verta alvorleg.  Må me bare akseptera at kall til den type teneste er sjeldan vare?  Eller er det bønn til Gud om å senda ut arbeidarar som stilnar av?  Eller er det rett og slett tru på at grøda er så liten at dei ikkje trengs? At det er spreidde grastustar og utsikt til dårleg slått også i Guds rike for tida?

Så: Har me slutta å tru at grøda er stor? Og sukkar mindre til hausten sin Herre.  Me som bur midt i verdens matfat og oljefat og knapt kan tenkja himmelen betre enn dette. Bortsett frå det med graset i år, då…

Eg har starta med spørsmåla.  Me får leita etter svar i hop.  Eller helst ein veg å gå.  Og då går me sjølvsagt først om Jesus.

Dei som tek fram Bibelen eller bibel-appen på mobilen, vil sjå at evangeliet for i dag startar eit nytt avsnitt i Matteusevangeliet. I kapittel 8 og 9 vert det fortalt om Jesus som gjer under og forkynner evangeliet. Heftige greier!  I kapittel 10 handlar det om apostlane og oppgåva deira.  Versa denne sundagen dannar overgangen. Frå det som Jesus gjer, til det disiplar vert sendt til.  Eller sagt på ein annan måte: Frå det som Jesus gjer sjølv, til det han utfører gjennom dei han sender.

Jesus opplever i alle fall at grøda er stor.  Han veit det, for han lever nær folk, går rundt i kvardagen deira, underviser på sabbaten og reiser opp og lækjer.  Han veit kva han ser og merker.  Grøda er stor.  Det er mykje å hausta.

Så me kan forstå at Jesus ser stor grøde.  Folk strøymer jo til.  Etterspørselen er stor.  Evangeliet virkar. 

Det er lett for oss å spinna på den der og skriva nye vers på den visa.  Klart grøda var stor rundt Jesus!  Det må jo ha vore fantastisk!  Men me kan jo ikkje venta det sånn i dag.  Folk er annleis og disiplar er annleis, dette var Jesus si tid, gullalderen.  Me må rekna med skralare grøde nå, skal me vera realistar.

Me bør nok ikkje dikta på den visa.  Ho er feil. Ho har ikkje lese evangeliet i dag godt nok. Eg oppdaga nemleg noko til denne preika. Det er ikkje etterspørselen som får Jesus til å sei at grøda er stor.  Det er ikkje at forkynnelse, omsorg og under virkar så grasat godt.  Det er ikkje det som fortel at grøda er stor.  Det er ikkje alt dette som me lett tenkjer at me manglar i dag. 

Kva er det då?  Kva er det Jesus ser, som fortel at grøda er stor?

Jau, det er innblikket i hjarta! Han såg at folk «var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar».  Grøda var stor.  Større enn dei som Jesus fekk nærkontakt med.  Større enn dei som kom til tru og vart helbreda. Grøda var så stor som menneskehjarta som alltid vil bera på ein uro til det finn kvile hos han som har skapt det

Slik såg Jesus det.  Han såg inn i folk sine hjarte, fordi han såg med sitt eige.  Han fekk inderleg medkjensle med dei, står det.  Orda som er brukt, refererer til innvollar, til magen.  Akkurat som me seier at me kjenner det i magen, når noko står på.  Eller brukar ordet magefølelse.  Som fortel akkurat det som var vanleg å tenkja i antikk tid:  Følelsane sit i magen.  Jesus såg med langt meir enn auge, han såg med hjarta – vil vel me sei i dag.  Med empati.  Med innsyn og hjartelag: Folk treng å høyra til og verta leda, akkurat som sauer til ein god gjetar, som ein bortkomen son til sin lengtande og elskande gode Far.

Ein som har vidareført både Jesus sitt blikk og trua på at grøda er stor, er salmediktaren Karl Ludvig Reichelt:

«Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og harm!
Lukk meg i dine smerter inn og gjør meg sterk og varm!
Lær meg å skue med ditt blikk hvert folk som liv og grenser fikk,
å bære verdens nød og skam med kjærlighetens offerbrann
til døden tro, tålmodig, sterk og fro!»

Sit poenget nå? Grøda vil alltid ver stor! Det er ikkje den som er variabelen. Variabelen er arbeidarane som vert sendt til å hausta inn Herren si grøde.  Og dei som bed denne sendelsen fram.

Så då skal me ikkje sukka over noko som var betre eller lettare før.  Så då skal me ikkje venta passivt på at folk kjem strøymande slik dei gjorde rundt Jesus. Grøda er der heile tida.  Me skal bare ta på oss Jesus sine briller – eller magefølelse – og sjå kor dei forkomne og hjelpelause er i dag.  Me finn dei kanskje ikkje utan å inkludera oss sjølv og gjenkjenna uroen i vår mage?

Korleis ser dei forkomne og hjelpelause ut i dag?

Det er spørsmålet for misjon og diakoni i overflodssamfunnet, slik som gammal ytremisjon var motivert av hedningane sin elendighet der ute.

Me får gå veien om Salme 22 som eigentleg er preiketekst i dag, salmen som Jesus begynte på, forkomen og hjelpelaus på korset:  «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg.»

Det ropet fortset å runga forkome og hjelpelaust - frå korset på Golgata, frå forfulgde kristne, frå nødlidande under urett og katastrofar, til velfødde i overflodssamfunnet som oppdagar: Ops, nå har eg visst forlatt deg, Gud, og det går aldeles utmerka greitt – heilt til livet plutseleg verkar så merkeleg tomt og overfladisk. 

Per Arne Dahl spurde i Vårt Land nettopp om kva det er som skjer når nøkkeltal for trua i Norge peikar nedover til tross for at kyrkjene fornyar seg og satsar som aldri før. Han lurte på om me er inne i ein periode av Gudsformørkelse – som vil snu ein dag.

Noko slikt som skjer i Salme 22:

«Alle som ser meg, hånar meg, vrengjer leppene og ristar på hovudet:  Han har gjeve seg over til Herren, lat han fria han ut og berga han, han har då glede i han.»

Sagt i ei livskrise.  Eller ei kvardagskrise.  Det er nok av dei til alle tider.  Fortvilelse og håplaushet set seg i førarsetet der me ville at livsmot og håp skulle styra.  Me føler me ikkje strekkjer til og vert slitne.  Lurer på kvifor Gud ikkje gjer meir. Føler me kjem til kort, for me når ikkje opp til eigne ideal og dei me ønskjer å vera og gjera meir for.  For mange kjennest samfunnet rikt på overflod og fattig på nåde. Anten det er kvardagskaos eller livskriser som kjem durande, så prøver me å ta kontroll, organisera smartare og gjera alt me kan for å mestra livet betre. Men sannheten er at me er ikkje skapte for å mestra alt åleine. Me er skapte for å spørja kvifor me ikkje har det betre inni oss når me har det så godt på utsida.  Me er skapte for å opna oss for ein medvandrar som forstår når magen knytter seg.  Me er skapte for å lena oss til Gud og vera leda av den gode hyrden til vatn der me finn kvile.

Det er så mykje som kan gjera oss forkomne og hjelpelause: Ensomhet, tap, sorg, rop etter meining, forgjengelegheten, skulda, skammen, angst, perfeksjonisme, døden, finna identitet.  Ingen kjenner på alt, men alle kjenner på noko.  Det er derfor grøda er så uendeleg stor.  Det er derfor Jesus utfordrar til å be hausten sin herre om å senda arbeidarar til å hausta inn.  For dei som skal kunna hausta, må vera tett på.  Dei må bu i nabolaget, høyra til i familien, vera kollega på arbeidsplassen, sveitta i hop på ein bane og drøsa i garderoben.  Det er bare Jesus sin kropp i verda som er nær nok til å sjå og møta det som gjer den enkelte forkomen og hjelpelaus og klar for å søkja Jesus og eit fellesskap som kan bera bører.

I tekstane for i dag er det fullt opp av bilder som får fram desse nære relasjonane: Paulus snakkar om å vera hengiven slik eit spebarn er.  Han snakkar om å vera som ei amme som trøstar og matar.  Ja, han som slit fælt i Salme 22, finn tryggheten i Gud ved å tenkja på den varme og gode tryggheten ved mor sitt bryst. 

De er visst det nære evangeliet kallar oss i dag. Til nære relasjonar som kan oppdaga at grøda faktisk er stor.  Og at Jesus er verkeleg nær.  Det er sterkt å vera sett av Jesus. Å la han ta seg det som er mi hjelpeløyse. Å vera så elska at me kan sjå andre med Jesus sitt blikk og læra av han. Vera arbeidsfolk som haustar inn.  Han veit at grøda er stor.  Han veit kva tid ho er moden og tipsar oss nok om kva tid den rette tida er der. 

Våg å tenkja deg som svaret på kyrkja si bønn om arbeidsfolk.  Tenk deg som ein av nøklane til at den store grøda kan haustast.  For du har nokre du er nærare enn andre er. Nære relasjonar er heile hemmelegheten for misjon og evangelieformidling i vår tid. 

Nær Jesus, nær medmenneske.  Så stor grød kan haustast inn!

Powered by Cornerstone