
Sundagstreff
Sundagstreffet består alltid av to bolkar. Først har ein ei bolk med litt song, ringleik, drøs og mat nede i peisestova frå kl. 18-19, før alle går opp i kyrkjesalen for å feira gudsteneste i lag.
Sjølv om arrangementet er spesielt tilrettelagt for menneske med utviklingshemming, er sjølvsagt alle som har lyst, hjarteleg velkomne til å koma. Anten de har lyst til å koma på heile arrangementet, eller bare på den forenkla gudstenesta som byrjar kl. 19.00.
Datoar Hausten 2025
- Sundag 31. august kl 18:00 Vanleg Sundagstreff
- Tysdag 23. september
- NB: Hausttakkefest i St Petri kyrkje. Vi arrangerer felles avreise. Det er påmelding på dette.
- Sundag 19. oktober kl 18:00 Vanleg Sundagstreff
- Tysdag 11. november kl 17:00: Gudstenesteverkstad
- Sundag 16. november klokka 11:00. Gudsteneste med Bankers
- Sundag 14. desember kl. 18:00 Vanleg Sundagstreff