Du er ein Gud som ser meg
7.sundag i treeiningstida 2014 - 1.Mos.16,1-13

Du er ein Gud som ser meg

17.aug her i kyrkja får me besøk av 30 ungdommar som prøver forståinga, freden og forsoninga sin vanskelege veg. I trua på at Gud er ein Gud som ser. Ikkje gå glipp av å møta brubyggjarane, Ismael og Isak og Norge sine søner og døtre.

Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar. Sarai sa til Abram: «Høyr på meg: Herren har hindra meg i å føda born. Gå no inn til slavekvinna mi! Kanskje får eg ein son ved henne.» Og Abram høyrde på det Sarai sa. Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan. Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si. Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. Herren skal dømma mellom meg og deg!» Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne.

Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur. Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.» Og Herrens engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!» Herrens engel sa: «Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.» Så sa Herrens engel til henne:

«Sjå, du er med barn
og skal føda ein son.
Han skal du kalla Ismael,
for Herren har høyrt at du vart audmjuka.
Han skal bli eit villesel av eit menneske.
Handa hans skal vera vend mot alle
og alle hender mot han.
Rett imot alle slektningane sine
skal han slå seg ned.»

Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?» (1.Mos.16,1-13)

Den første personen i bibelen som gjev Gud eit namn.  Den første som titulerer Gud, undrande takknemleg over noko sentralt i Gud, ein handlemåte, ein eigenskap, eit vesenstrekk.  «Du er ein Gud som ser meg!»

Ikkje med kjølig registreringsblikk.  Nei, at Gud ser, betyr at han finn, oppsøkjer og kjem med håp og veiledning der håp er uttømt og veger ser stengde ut.  «Du er ein Gud som ser meg».

Det er interessant i seg sjølv at dette utsagnet dukkar opp grytidleg i den historien der Gud openberrar seg og viser meir og meir kven han er.  Det er ennå meir interessant når me høyrer og reflekterer over kven som seier dette, kven det er som første gongen gjev Gud navn og eigenskap, og finn blinken på første forsøk.

Me må sjå ho føre oss. Hagar.  Ei mor med sonen Ismael i magen. Til fots i brennheit ørken.  Vegen bakover ser stengt ut.  Konflikten ho kom oppi vart så hard at ho såg seg nødt for å rømma.  Dra frå trygt liv og ein viss status i velståande nomadar sitt  telt til hånd-til-munn-liv i ørkenlandskap.  Vegen framover er høgst usikker.  Er ho på veg tilbake til Egypt der ho i si tid kom frå?  Kva liv får ein rømt slave der?  Viss ho nokon gong kjem fram.  Ho har funne ei vasskjelde og ein midlertidig stopp på vandringa.  Vegene ser stengde ut, det står om livet.  For barnet ho ber, og for henne.  Ho er ei av historien sine mange utsette.  På flukt og vandring.  Frå konflikt til spørsmålsteikn. Hagar ser me på afrikanske stiar og i overfylte middelhavsbåtar dag etter dag.

Men Hagar er ikkje bare ei av mange utsette.  Ho er også på utsida.  Ikkje medrekna.  1.Mosebok sin Gud har tenkt å vera Abraham og Isak sin Gud, ikkje på same måten Abraham og Ismael sin.  Guds pakt og løfte og særlege nærvær går til andre enn Hagar, til eit anna folk enn Ismael sitt.  Ho har ikkje noko å venta av Abrahams Gud, om ho aldri så mykje fostrar Abraham sin son.

2 sårbare og utsette, fødd og ufødd liv, på utsida av det som betyr noko, utan håp og framtid. Ørkenen er konstant brennheit, varme sommardagar i Norge er jo ikkje heite på dette viset.

Så skjer det: Herrens engel finn henne.
Ho er kjent på namn, sett og forstått i situasjonen: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå og kvar skal du av?»   Konsist spørsmål i knapp form.  Og Hagar er rett på med eit ærleg svar. «Eg rømmer!» Ho får råd om å venda heim til teltet og får Guds løfte for Ismael på kjøpet, han som har fått navnet som betyr «Gud høyrer». Så Gud både ser og høyrer, slik at framtida opnar seg for ei utsett.  Ho oppdagar at Gud også bryr seg om henne som står på utsida av paktsløftene og frelseshistorien som skal følgja Israelsfolket sin veg vidare. «Du er ein Gud som ser meg.»

Og så undrar ho seg, akkurat slik me skal undra oss nå: «Har eg verkeleg sett han som ser meg?»  Kan eg kjenna og tenkja at dette er noko av det første eg også kan seia om Gud? «Du er ein Gud som ser meg.»  Ser meg slik det er sterkt og godt å verta sett.  Ikkje overvåka, men vakta.  Ikkje med sjekkliste, men med omsorg og veiledning.  «Har eg verkeleg sett han som ser meg?»

Kva tid var siste erfaring av det?  På smilande sommardagar eller tilbake til ei kaldare og meir stormfull tid? Det er gjerne når veger ser stengde ut og ting står på spel, at Gud sitt blikk merkast og Guds ånd kviskrar presist og stillferdig:  «Stein, kor kjem du frå nå og kor skal du av?»  Ein Gud som ser meg, som lyttar, utfordrar og har veg eg kan gå vidare på.  Tenk litt nå og framover i sommaren si tenkjetid «Har eg verkeleg sett han som ser meg?»

Er Gud ein Gud som ser meg, så må me denne sundagen dukka djupare inn i bibelforteljinga, slik at den og Guds ånd finn vegen til livet vårt 4000 år etter Hagar si erfaring. Eg tenkjer me skal stoppa ved 3 punkt.

Først: Nokon kjem ikkje spesielt godt ifrå det…

Dei valdar liding og vert offer for liding.  Ofte har det vore slik for Ismael og Isak sine etterkomarar, for arabarar og jødar.  Felles stamfar i Abraham har ikkje hindra at konfliktane har blussa ofte og lenge.  Nå har det kokt over i Israel og Gaza, og det manglar ennå ein gong ledarar som kan venda voldsspiralen og snu den meiningslause runddansen i å kjenna seg som offer og svara med vald som bare aukar lidingane. Det er klart at Gud er ein Gud som ser når verjelause og barn vert drepne.  Det er klart at alle som undrar om dei har sett han som ser meg, må be.  Kyrkjene må be.  Kristne må be. For folka som valdar liding og vert offer for liding.

Kristne bed til forsoninga og freden sin Gud.  Som aldri har slutta med å sjå.  17.august her i kyrkja får me besøk av 30 ungdommar som prøver forståinga, freden og forsoninga sin viktige og vanskelege veg.  Ikkje gå glipp av å møta brubyggjarane, Ismael og Isak og Norge sine søner og døtre. Ver med og be. Våg å tru at evangeliet og trua på at Gud er Jesu Kristi Far, er den sterkaste forsonande krafta inn i låste og uverdige konfliktar.

Det var same greia for 4000 år sidan.  Mennesket har ein ulykksalig tendens til å valda liding og verta offer for liding.  Då var det 3 involverte – eller 4 med Ismael.

Abraham og Sara går der barnlause. Dei som har vandra til Kanaan på Guds kall og to gonger fått Guds løfter om å bli til eit stort folk.  Tallause som stjernene på himmelen.

Så går nå tida.  Abraham og Sara forblir barnlause.  Skam og bekymring vekslar.  Dei opplever sorga og spørmåla som mange par har måtta bera på.  Kvifor?  Er det noko me kan gjera?  Dei har ikkje moderne befruktningsteknikkar å falla ned på.  Ingen prøverørsteknikkar og donorhjelp.  Ikkje surrogatmor.  Eller er det ein variant av det Sara føreslår? Ikkje ordinært polygami, for kandidaten er jo Sara si slavekvinne.  Sannsynlegvis eit resultat av ein annan gong Abraham og Sara ikkje kom spesielt godt ut av det.  For å berga skinnet lot Abraham Sara gå for syster si, så farao i Egypt fekk vakre Sara i huset sitt og sikkert senga si ei tid.

Til slutt i barnløysa er visst tålmodigheten slutt og frustrasjonen sterkare enn trua på Guds løfter, for Sara strekkjer seg langt for å finna ei løysing.  Sosialt og kulturelt var nok dette ei fullt akseptabel løysing. Slik kunne det vera, i ei anna tid og ein annan kultur, med ei salig røre av frustrasjon, utålmodighet, kreativitet og kjærlighet bak Sara sitt forslag.

Abraham får ein son med Hagar.  Og etterdønningane er atskillig meir kaotiske enn dei som kjem når Isak blir til og alt er ei rein løftessak frå Gud.

I situasjonen som dagens tekst teiknar, er det ingen som kjem spesielt godt frå det.  Syndene kjem trillande, falskhet florerer.  Hagar med struttande mage ser ned på Sara i falsk stolthet. Sara som sto bak ideen, kjem med falske skuldingar mot Abraham: «Det er di skuld.  Du skulle ikkje ha gjort dette».  Og Abraham vaskar hendene som ein annan Pilatus og prøver å innta ein umuleg nøytralitet:  «Det er din slave, Sara, gjer som du vil!»
Og ho gjer livet utåleleg for Hagar.

Ei anna tid, andre skikkar, men bibelen er dønn ærleg om at menneskehjarta ber i seg stoff som gjer at me valdar liding og vert offer for liding.  Det er ikkje bare Hagar som ender på rømmen, og må svi for eigne handlingar og andre si uforstandige nedvurdering av eit menneske sin verdi.  Orkar me, så tenkjer me på ting me er ramma av, og liding me har valda andre.  Eg trur det er akkurat nå me skal orka. For i dag møter me den Gud som ser. Idag møter me han som kan venda ein håplaus situasjon og opna ei ny dør!

For det er det andre:

Gud ser og høyrer det enkelte utsette mennesket:
«Du er ein Gud som ser meg.»

Nå veit me korleis Gud såg Hagar. Nå veit me at han berga 2 liv og førte ho tilbake til Abraham sitt hus.  Nå veit me at Gud var trufast mot sine løfter og ga Abraham og Sara sonen Isak. Nå veit me at Gud ser og høyrer heilt på tross og tvers av at me menneske rotar livet til for oss sjølv og andre. Nå veit me at Gud forpliktar seg i ei einsidig løftepakt og lovar å vera vår Gud.    Men aldri slik at han ikkje er ein Gud som ser den utsette som står på sida av løftene.  Derfor bed me til Gud som ser dei som ikkje tèr seg som ein del av den synlege kyrkja.  Me bed om at dei høyrer til den usynlege kyrkja, at Guds vegar og vesen er Gud som ser og høyrer og finn oss på alle slags rømmingsveger.  Slik me har sunge Edvard Hoem sin salme om å koma heim (NoS2013 nr. 333).  Slik Jesus viste oss Gud og fortalde at Gud ser dei som andre overser, at det ligg til hans vesen å leita etter den eine som fell utanfor. At gleda er ufatteleg stor når nokon vert funne og finn heim til Gud som ser.  For det er det tredje:

Det fins eit møte mellom meg og Gud som skapar ny framtid.

Gud som ser, får meg til å undrast: «Har eg verkeleg sett han som ser meg?»  Det møtet er på Guds initiativ.  Det er alltid hans kjærleik som er først.  Det var slik han sende Jesus. Det var slik Jesus opna alle veger på korset.  Det er slik han viser seg som Gud som ser.  Det er slik frelseshistorien går vidare for Abrahams barn. Fordi Gud er ein Gud som ser, lyttar og talar, og menneske vågar å trø ut av det me ikkje kjem så godt ut av, lyttar, ydmyker oss og går nye veger.  Gud som ser, er Gud som kan forandra!

Nå skal me syngja litt om kor overraskande dette kan vera. Kanskje me får lyst til å venta på noko som kan skje?  Ein salme av Ylva Eggehorn og Benny Andersson. Han er ny, så det er lov å bare nynna og la orda finna hjarta. Ein salme om korleis Gud vil og kan møta oss nå. Orda om livet nå er prega og farga av Jesus sitt liv på jorda.  Gud kjem med overraskande ny framtid, så eg må spørja: «Har eg verkeleg sett han som ser meg?» (NoS2013 nr. 364)

Powered by Cornerstone