Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38

Sårbar og villig

Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange. Det har ei nedside i uro for helse og leveveg for mange. Like surrealistisk som Maria sitt uventa besøk.

Du kan lesa det i augene til den unge jenta Maria.  Ein støkk. Ei forskrekking.  Synet av ein engel er overveldande.  Dei første orda om det som er på gang, er sjokkarta.  Det er heilt uverkeleg.  Og det angår henne.  Maria sitt liv.  Framtida.  For henne og for mange. 

Noko her liknar det som ei heil verd opplever.  Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på.  Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land.  Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange.  Det har ei nedside i uro for helse og leveveg for mange.  Like surrealistisk som Maria sitt uventa besøk.

Mon tru om det ikkje er veldig godt for oss akkurat denne helga, å få del i håp og godt nytt frå Maria sitt møte med Gud og engel. Ho får 3 helsingar.  Dei er sagt til henne.  Me kan godt høyra dei til oss i vår situasjon.

Den første helsinga er: «Ver ikkje redd!» 
Det er ord fylt med innhald. Om nåde hos Gud.  At Herren har sett og ser og er med deg. 

«Ver ikkje redd» er førstehelsinga frå Gud når noko står på.  Anten mennesket står der skræmd, eller Guds engel boblar over i glede over noko som Gud har gjort og har på gang. 
«Ver ikkje redd» er helsinga til gjetarar ei Betlehemsnatt, til sørgande kvinner og etter kvart menn ved Jesus si tome grav.  Jesus sjølv sa det då han såg ut over liljene på marka og fortalde om Guds omsorg til dei som lurte på kva morgondagen si møde vart.  Ja, før han sjølv skulle inn i si møde den lange fredagen, sa han: «Lat ikkje hjartet dykkar uroast.  Tru på Gud og tru på meg!»  Og så fortalde han om Gud si framtid for oss – og om vegen som han har opna.

Høyr Gud si førstehelsing når du er overvelda av det ukjente: «Ver ikkje redd».  Gud har ikkje gløymt deg, han ser deg, han har ei framtid for deg.  Med den helsinga i botnen kan du gjera som poeten Benny Andersen seier: «Spar ikke på angst og vennlighet».  Hald ikkje igjen på det gode smilet.  Det overvinn 2 meters avstand glatt.  Del klumpen i brystet med nokon. Gjer det du kan for at du og andre kan leva trygt og ansvarleg. Spar ikke på angst og vennlighet.  I himmelhelsinga sitt teikn: «Ver ikkje redd!»

Den andre helsinga til Maria:  Du skal verta mor
Du skal fø Jesus.  Guds eigen son – og din.

Å, kjære folk!  Skal Gud verta så sårbar at han stig heilt inn og ned i vår verd?  Er det slik Gud vil berga verda?  Med å identifisera seg totalt med oss.  Leva vårt liv.  Døy vår død.

Maria får malt eit bilde av Gud her.  Gud hos oss.  Gud med oss i alt som skjer.  Gud for oss i det vonde som er og hender.  Gud inn i angsten for å smitta og verta smitta.  Gud inn i hostekuler og tungpust.  Gud inn i alle lækjande og lindrande hender.  Gud inn i bønner om tilgivelse, beskyttelse og håp.  Gud inn i gleda over tiltak som virkar og virus som må gje tapt.  Ja, me må visst undra oss veldig inn mot påske når me ser Gud i Jesus,  inn mot kors og død og grav og oppstode og evig håp. Den sårbare Gud for oss sårbare menneske.  For eit vannvittig prosjekt!

Ikkje minst for Maria!  Ho treng nok alle gode helsingar ho kan få.

Den tredje helsinga til Maria. «Ingen ting er umogleg for Gud»
For ho skal gjera valget sitt. Tek ho oppdraget?  Frykteleg sårbar. Likevel villig.  For det er ei helsing frå Gud her.  3 faktisk.  Med ei framtid for henne og for mange.  Ho aksepterer.  Ho stiller seg til teneste. Ho tek omkostningane, for det er så mange som vil ha bruk for det ho gjer. 

Takk for Maria!  Og takk til alle som tek oppdraget som Gud og styresmakter kallar til.  Du treng ikkje vera redd.  Det skal verta til framtid for mange.  Ingenting er umogleg for Gud.

Powered by Cornerstone