Framtid og håp
Konfirmasjonsgudstenester 30.april 2022 - Johannes 14,1-7

Framtid og håp

​​​​​​​Det året de konfirmantar vart fødde, var mange hjarte i hundre.  Særleg over at de vart fødde!  Eller av at første iphone vart lansert! Mykje såg lyst ut, men uroen dukka fort opp rundt dykk, før de skulle parkera sutten...

Lat ikkje hjarta dykkar uroast.
Du kjem ikkje til å snofla i konfirmantkappen, tryna i trappa eller svima av når du reiser deg frå forbønna.  Det er bare bekymringane som kan driva med slike katastrofescenar.  Hjarta ditt er mykje meir robust. Det har viktigare ting å uroa seg for, eller ha fred og håp i. For hjarta ditt, det er deg.  Eit uttrykk for personlegheten din. Det innforbi konfirmantkappen, bunad og dress, sånt som ikkje er det heilt vanlege deg.  Men hjarta er deg.  Deg, slik du tenkjer og føler.

Når hjarta har roen
Hjarta kan ha heile roen.  Det bankar i jamn, rolege takt, livet går sin gang. Dunk, dunk, dunk.  Rytme og liv!  Store toppar med vanvittig glede eller djupe dalar med fæl sorg er bare unntak. Hjarta har ikkje kome opp i halsen, det er på plassen sin. Livet kjem rullande med det gode. Gildt og løye og gode opplevingar og nære ting pregar dagane.  Mykje å takka for!  Kanskje det vert sett ord på ein del av sånt rundt festborda i byen i dag. Historien din til nå. Bilder og film med glimt av mange slike ting som gjev varme i hjarta, ikkje uro.  

Hjarta i hundre
Nokre gonger er hjarta i hundre.  Noko flott har hendt eller hender. Bursdag, venner, fest, merkedagar i livet, ros og gode ord, første gong med nye erfaringar, forelskelse, kjærlighet, verta far, mor, bestefar, bestemor, det gildaste på fritida.  Livet har masse fargar. Takken sit laust, både for livet, for dei som gjer livet godt å leva og for han som har gitt oss livet.

Uro i hjarta
Så hender det at hjarta vert uroleg.  Det er noko me ikkje har kontroll på. Spørsmål og reelle bekymringar gneg.  Framtid kan virka uklar eller truande. Hjarta dunkar hardt for noko eg ikkje anar korleis eg skal få orden på eller koma meg ut av. Hjarta kan verta så uroleg at fargane i livet forsvinn og alt vert grått eller svart. 

Det året de konfirmantar vart fødde, var mange hjarte i hundre.  Særleg over at de vart fødde!  Eller av at første iphone vart lansert, eller at Oslo børs sette rekord, og at mykje såg lyst ut, i alle fall her til lands.  Men uroen dukka fort opp rundt dykk, før de skulle parkera sutten hos kaptein Sabeltann eller noko sånt.  Finanskrise først. Aukande klimakrise.  Og nå veit de om både store og små ting som kan gje uro i hjarta, anten eit bittelite virus lagar pandemi, eller ein overoppheta klode stel draumar, eller ein krigsmaskin valsar inn i eit naboland i Europa, eller de har møtt noko heilt personleg som de sjølv fekk i fleisen og måtta stå i ein storm med.  

Barneåra er ofte meir sorglause enn det som begynnar å røra seg på innsida når de er unge.  Ein konfirmant skreiv til meg ein gong noko som er ganske typisk:
“Eg lurer på korleis framtida mi skal verta.  Kva skal eg arbeida med?  Kor skal eg bu?  Og elles mykje anna som ein må tenka på når ein blir større.  Då er det jo ikkje sånn av mamma og pappa bestemmer kva eg skal gjera, men eg må velja sjøl."

Er framtida ein venn?
Gled eg meg til det som kjem?  Skal det verta godt å verta vaksen? Eller virkar det rett og slett så skummelt at det er best å drøya så lenge eg kan med å ta ansvar?

Ein legende fortel om ein ung gutt som kom til ein kjend vis mann med ei gåte, ei nøtt.  Han kom med hendene bak på ryggen og stilte vismannen fylgjande spørsmål: Eg har ein fugl i hånda mi.  Kan du seia om den fuglen er død eller levande?
Kva trur de vismannen svarde? 
Han sa: Svaret ligg i dine hender, gutt!

De tok den?  Me også kan stilla mange spørsmål om framtida. Og kan læra av denne historien at svara på veldig mange av dei, ligg i våre hender.  Om det er liv eller død, dette her.

Framtid i våre hender
De veit det, ikkje sant?  Det er slik det er.  Det er slik det er å verta vaksen, å ikkje leva på andre sine valg og at andre ordnar opp for oss, men å ta ansvaret for livet med svar i eigne hender.

For sjølv når me vert vaksne av år, er det fristande å skuva ansvaret for livet over på andre. På samfunnet, på politikarar som bestemmer feil ting, på økonomiske fordelingar som slår ut skeivt, på oppdragelsen, foreldre, lærarar, sjefar, markedskrefter, ja, kanskje til og med på Gud!
Men ansvaret er ditt. Svaret ligg i dine hender.
Om livet skal seira og leva. Det viktigaste svaret ligg i dine hender.

Ingen havnar i rusavhengighet og kriminalitet uten at noko av ansvaret ligg på valg ein sjølv gjorde.  Ingen får eit rikt liv som betyr mykje for andre, utan at ein sjølv var med og gjorde gode valg på vegen.

Me som konfirmerer dykk, kjenner ei ekstra stor glede når me treff og ser dykk seinare i livet, og ser spor av gode valg de har gjort. Dei gode ressursane dykkar har fått blomstra.

For dei beste tinga i livet er dei du kjempar for.  Dess meir me investerer av det beste i oss, dess betre går det.  Dess betre får me det.  Dess meir betyr me for andre.  Det viktigaste svaret på spørsmål om framtida ligg i dine hender. At du ikkje bare lar det skje det som skjer.  Men velger.  Satsar.  Set mål.  Gjev av deg sjølv.  Eit meiningsfullt liv kjem ikkje rekande på ei fjøl. Langt på veg skaper du di eiga framtid.

Men dette er ikkje heile sannheten.  For me skaper ikkje vårt eige rolege hjarta.  Viss all framtid låg i våre hender, då var det opplegg til ennå meir stress og prestasjon enn de alt kjenner og kan verta halvsjuke av.  Ja, faktisk vart det ganske mykje meir skjelving for det som ligg framføre.

Om dette har Jesus eit viktig og sterkt ord til oss i dag:
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast. Tru på Gud og tru på meg.  I Fars hus er det mange rom…»

Framtid i Guds hender
Å tru på Jesus er å få ro i hjarta for veien vidare. Å tru på Jesus er å ha framtida som venn. Så eg kan leva og elska og arbeida og engasjera meg og håpa fordi eg har ei tru som er sterkare enn det urolege hjarta.

Uroen i hjarta er lagt på ein annan plass i livet når du trur på Jesus, og trur at du er på veg heim til han som arbeidar på framtida di. Rommet i Fars hus står og ventar. Det er gjort i stand av han som kjenner deg og elskar deg og aldri vil sleppa deg. Målet for livet ditt har han teke ansvar for. Det kviler ikkje på deg og det som du får til og fiksar av fint liv eller sterk tru.  Der ligg ikkje svaret i dine hender, det ligg i Guds hender.  Det kviler på det han har gjort då han ordna opp med synda og nederlaga våre på korset, og då han tok kverken på døden då han sto opp av grava.

Ja, så klare er Jesus sine ord på konfirmasjonsdagen: Vegen til Gud, vegen til djup fred i hjarta, vegen til framtida der svaret ligg i Gud sine hender, alt dette dreier seg om Jesus.  Han som seier: «Eg er vegen, sanninga og livet.»

Framtid når Jesus er venn
Det gode svaret på dei store spørsmåla me stiller til livet og framtida, ligg i hans hender.  Mange av svara på dei daglege utfordringane ligg i våre hender.  Men også når eg sjølv må ta ansvar og velja min veg, så er det ein utruleg styrke at eg er omslutta av Jesus. Slik at trua og håpet og kjærligheten er sterkare enn uroen i hjarta.  Framtida er ein venn når Jesus er dagleg venn.

Ein dag vart de døypte i Jesu navn. I konfirmantåret har de vorte meir kjente med Jesus.  I dag gjer de valget å knela og verta bedd for. Slik at det viktigaste i livet ligg i Guds hender.  Og du har ro i hjarta for alt det gilde og viktige som ligg i dine hender. 

Me ønskjer dykk ei velsigna framtid!

Powered by Cornerstone