Trong dør og open famn
2.sundag i fastetida 2019. Lukas 13,22-30

Trong dør og open famn

Kyrkjearkitekturen og kjernebudskapet er ikkje ei trong dør du må kjempa og smyga deg inn gjennom, men ein open famn å springa deg glad inn i.

Skal tru om han var like klok etterpå, han som spurde Jesus.
”Herre, er det få som blir frelste?” Korleis går det til sjuande og sist?  Når tida er over og evigheten startar.  ”Herre, er det få som blir frelste?” Han var sikkert ikkje bare nysgjerrig, eller teoretisk interessert.  Dette var eksistensielt.  Mange spurde og spør om det:  ”Herre, er det få som blir frelste?”

Er kristen tru for dei få?  Over evne for vanlege folk?  Vert himmelen tynt befolka, eller vert det eit rom til dei fleste?  Spørsmålet er skarpt stilt: ”Herre, er det få som blir frelste?”

Like kloke etter svaret?
Og var han akkurat like klok etterpå, han som spurde?  Var dei like kloke dei som hadde høyrt presten i ei gravferd?  Eller når me går ut av kyrkja i dag, mette på inntrykk og kyrkjemiddag og dåpsfest.  Går me heim ørlite i villrede om koss det kan gå både med meg og andre i evigheten?

Svarer Jesus klart på spørsmålet?  Er det få eller mange som vert frelste?  Nei, ikkje direktesvar. Men ei direkte utfordring:  Kjemp! Kjemp for å koma inn!  Og ei antydning: Det kan verta færre enn mange ønskjer, og det kan verta fleire enn mange anar.  Ein straum av folk frå alle himmelretningar går mot festbordet i Guds rike.  Og enkeltpersonar finn døra stengt.

Er de like kloke nå?  For Jesus er rett på – og held to mulege utgangar opne:  ”Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra!”
Mange skal prøva og ikkje greia det. Og mange skal koma frå alle verdensdeler og sitja til bords i den store festen i Guds rike!  Begge deler, altså: Kom, for festen er i gang, kjemp, for døra er trong.

Glede og alvor
Kven veit om mannen som spurde, var like klok etter Jesus sitt svar.  Eg veit ikkje. Men eg trur at han i alle fall hadde fått muligheten til å gå vidare med ei enorm glede og eit veldig håp om det som ventar til sist.  Pluss eit stort alvor om å kjempa og sjølv gå inn mens døra var open.

Det er gjerne det som skal skje i dag også.  Når me høyrer gudsordet.  Når prestar og andre forkynner.  Når me feirer gudsteneste med ånd og liv.  Enorm glede. Veldig håp. Alvor og kamp.  Det er gjerne slik det skal vera: Ei glede som tåler alvor, eit alvor som treng og får gleda.

Jesus seier alt som skal og kan seiast om det vert få eller mange til slutt:  ”Kjemp du for å koma inn!”  Dette gjeld deg før alle andre.
Så seier han ein ting til, den store Mesteren:  ”Døra er trong.” Det likar eg ikkje!  Det vil eg helst ikkje tru er sant.  Eg vil mykje heller høyra at døra er høg og porten vid. 

Open famn
Eg og folk flest i mi tid likar låge tersklar og god takhøgde.  Me gjer open og inkluderande til honnørord.  Me trivs best i fellesskap me er sikre er for alle.  Me vil jo vera den opne famn si kyrkje, ikkje den tronge dør si kyrkja.  Me er sikkert mange som ber i oss eit gudsbilde som er prega av at Gud elskar alle sine unike skapningar og vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna.

I dag ser me tilbake på eit år i kyrkja.  Årsmeldinga er full av slikt som fortel om den opne famns kyrkje i praksis.  Glade ungar som fyller kyrkja på torsdag og sundagar. Diakoni som når mange med trøst og hjelp og fellesskap.  Unge som vil gå til konfirmasjon. Bibelglede! Ein haug med frivillige som bryr seg om kyrkja og brettar armane opp for å forma og påvirka.  Biskopen var rørt når ho såg og las.  Eg trur mange av oss kjenner på stor takk!  Og ber og håpar og trur at kyrkja er open famn, og ikkje trong dør.

I dag vert 4 små innlemma i denne kyrkja – og i Jesus si verdsvide kyrkje – har me høyrt.  Den som gjer at folk frå sør og nord og vest og aust skal sitja til bords i Guds rike, både når det er fullkomment og når det er ein liten forsmak.  Fantastisk!  Dåpen og fellesskapa våre skal spegla at Gud elskar alle like høgt. Og spegla festen der framme rundt det store himmelbordet med ein skare som ingen kan telja. Dei skal spegla draumen og målet. At Guds frelsesvilje er stor og oppsøkjande, slik Jesus viste det då han var venn med dei som ingen andre ville vera venner med og ga livet sitt til soning for alle som aldri hadde spurt om det.  Den opne famns kyrkje og den opne famns himmel. 

Og me har høyrt profeten si opne innbyding.  Døra er open.  «Kom, alle tørste, kom til vatnet!  Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling.»  Alt er gratis. Alt er ordna.  Det kosta Jesus dyrt, men nå står døra vidopen.  Kom for alt er ferdig!

Open famn eller trong dør?
Kvifor då ord om den tronge døra?  Irriterande lite kulturelt korrekt og salgbart i vår tid. Forstyrrande for gudsbildet og trua på at Guds kjærlighet er grenselaus. Motsatt av kyrkjearkitekturen i Bryne.  Budskapet her er ikkje ei trong dør du må kjempa og smyga deg inn gjennom, men ein open famn å springa deg glad inn i.  Heng dette i hop?  Og korleis?

Det hang i alle fall i hop i Jesus si forkynning og praksis. Han ga livet for å opna døra. Han fortalte om far som sto og venta på bortkomen son med open famn.  Og vekta låg minst like mykje på famn som på open.  Å bli frelst handlar om ein relasjon, om fellesskap, om å få vera tillitsfullt barn i ein famn som overgår det beste foreldreskapet me kan tenkja oss.  Poenget i den opne famns kyrkje er at det opnar seg ein veg heilt inn til Gud sjølv, du lever i Guds nærvær, du kjenner at du er omslutta av Guds armar, du har kjærlighetens blikk på deg, du høyrer ord om nåde og tilgivelse som gjer at du kan retta ryggen og bera det sterke gode håpet med deg på dine veger og ut på andre sine.

Eg har lyst til å sei i dag at den famnen er vid open.  I dag.  Så lenge det heiter dag og tid.

Døra inn til Guds famn
Men det hender at døra inn til Guds fang er trong.  Det kan så godt vera at det er me som gjer døra trong, ikkje Gud.  Jesus måtte i alle fall ta hardt fatt i skriftlærde og farisearar som brukte bud og regelverk til å leggja tunge bører på folk .

Nokre har kjent mykje av dette på kroppen.  Nokre gjorde døra trong for deg.  Det vart ein utfordrande kamp å gå inn gjennom same dør som dei såg ut til å gå gjennom, dei som skuffa og såra deg.  Kva gjer du då?  Nokon å bearbeida følelsar og hendingar med, er godt.  At nokre beklagar og gjer opp for seg, er fantastisk.  Men kva når det ikkje skjer?  Kan du likevel høyra varmen, oppmuntringa og utfordringa frå han som seier:  ”Kjemp for å koma inn gjennom den døra som har vorte trong.  Mitt fang er større og betre enn bitterhet og sinne over det du er påført. Kom, du er sett og elska - i smerten din.”

Trong dør.
Det treng ikkje plent vera Gud si dør, eller dører andre har gjort tronge.  Det kan handla om eigne dører, indre dører som gjer det trongt og vanskeleg å finna vegen gjennom Guds opne dør.  Tankar som kvernar og mel og vert eit stengsel av tvil.  Eller gode tankar som bare har så vondt for å finna open dør til hjarta og liv og handling.  Jesus sine ord om å kjempa for å finna vegen, handlar vel om dette også?  Å sleppa gode samtalepartnarar inn der det er trongt.  Å la lyset frå evangeliet få fortelja deg at du er grunnleggjande elska av Gud, på grunn av Jesus.  Han som kan befri oss frå dei harde dommane me feller over oss sjølv og opna opp døra for han som elskar oss. Å kjempa er å sleppa Gud inn gjennom mine tronge dører og befri meg.

Trong dør.
Ho vert i alle fall trong når me har mykje å drassa og dra på.  Bagasje som ikkje passar til landskapet innforbi Gudsrikedøra.  Då er døra trong.  Når me dreg fram eit eller anna som skulle gjera oss passe fortent til ein plass innforbi, då er me i konflikt med nåden si dør. Og Jesus er rimeleg klar på kven det er døra vert stengd for:  ”Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!” Urett – det vonde, det som stengjer og øydelegg og bryt ned.

Livet!
For: den trua som tek imot nåden heilt gratis, er alltid liv.  Ho er ikkje ei meining om Jesus, kor mange preiker me har høyrt eller noko som ennå ikkje har vorte liv.  Jesus peikar på livet i dag, at det ikkje gror urett i spora våre, men at der gror fram gode følger av å elska han som har elska meg først og har kalt meg til å elska nesten som meg sjølv.

Paulus beskriv dette livet veldig ærleg i teksten me høyrde frå 2.Kor.6.  Ei djup glede i livet sitt tøffe og ærlege alvor.  Sant om festen og gleda, sant om fasten og kampen.

Nå skal me syngja om dette livet.  Om han som er livet og viser vegen til livet og festen og slikt som absolutt ikkje er urett.  Ein håpstango.  Sånt som gjer den opne famns kyrkje tydeleg i retning.  Den retningen Jesus går for oss og med oss. NoS 479.

Powered by Cornerstone