Fred over året!
Joh 14,27 - midnattsmesse nyttårsaften 2014

Fred over året!

Minnene kom med fred. Dei kom ikkje med noko som var uoppgjort, med noko det ikkje var løysing på, med slikt som slår blikket ned. Dei hadde ikkje nederlaget sveipt om seg. Dei kom med fred.

"Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk.  Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det.  Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!"  (Joh.14,27)

Ein stor del av folket vårt fekk nettopp auga på dei ufattelege skattane som er samla mellom to permar i Norsk Salmebok.  Både auge og øyre fekk med seg salmane, den store kordugnaden og NRK si kulturformidling på sakte-TV den første adventshelga.

Eg tykkjer eg finn perler heile tida.  Nå til nyttår var det ein salme av Eyvind Skeie. Slå gjerne opp nr.839.  Salmen treff tankar og følelsar ved årsskiftet.  Han vidar dei ut til draumar og bønner. Han forankrar dei hos Jesus.  Nå skal salmen hans få leggja seg rundt Jesusorda om fred til urolege hjarte.

Ingen tid så fylt av minner
som den aller siste time,
mellom liv og død vi stilles nå
på årets siste dag.
Alle mennesker vi møtte,
alt vi tenkte, sa og gjorde,
alle øyeblikk er nær oss
når vi hører klokkens slag.

Tid fylt av minner.
Ingen tid så fylt av minner, ja.  Dei kjem til oss.  Ansikta. Episodane. Dei lysaste dagane og dei mørkaste stundene finn oss lettare i kveld enn dei grå gjer.  Det som gjorde oss glade, finn oss.  Det som såra og svei.  Det me ikkje fortalde på facebook og kanskje bare toucha i julebrevet.  Ingen tid så fylt av minner.  Årskavalkaden for sinnet.  For det som er meg.  For det som gjorde meg litt meir til meg. Det som vida ut livet til noko betre, det som snevra det inn og gjorde veger trongare.

I kveld kjem det fram, ingen tid så fylt av minner. Dei skal få vera hos oss, minnene.  Men dei skal ikkje overmanna oss. Me skal ta dei med til Jesus sin siste kveld.  Til kvelden der han oppmuntrar: Ver ikkje motlause. La ikkje hjartet dykkar uroast.  For han har ein gave: Fred gjev eg dykk.  Min fred.

Fred over det som var
Hadde han fred denne siste kvelden?
tida er så fylt av minner, stilt mellom liv og død, og alle øyeblikk er nær.

Visste han at han hadde gjort det han skulle gjera?  At han hadde elska sine heilt til det siste.  Han hadde kalla dei til å fylgja seg.  Han hadde undervist og veileda dei.  Han hadde sett og stansa opp der folk kom til han med nød og sjukdom. Han hadde fortalt likningar om himmelriket og sett det i funksjon på jorda.  Han hadde bore over med veike og uforstandige disiplar, ikkje gitt opp sin kjærleik, ikkje vore trulause om dei var, ikkje ærekjær og herskesjuk og full av misunning.

Dei kom vel til Jesus også, minnene, denne siste kvelden.  Men dei kom med fred.  Dei kom ikkje med noko som var uoppgjort.  Dei kom ikkje med noko det ikkje var løysing på.  Dei kom ikkje med slikt som slår blikket ned.  Dei kom ikkje med skam. Dei kom ikkje med skuld.  Dei kom ikkje med uro.  Dei hadde ikkje nederlaget sveipt om seg.

Er det den freden han vil gje oss. Sin fred.  Freden som gjer at minner ikkje er vonde.  Den kristne kyrkja trur det.  At alt me tenkte, sa og gjorde ikkje skal stå som ein anklage mot oss eller ei skamfull bør inni oss.  Ikkje fordi me er som Jesus.  Men fordi han gjev denne utrulege gaven. Gratis.  Sin fred.  Sitt fullkomne liv tilrekna oss.  Eg kan be han om tilgivelse, så har eg hans tilgivelse.  Eg kan be han om oppreisning frå skam, så har eg hans elskande blikk på meg.  Fredshelsing over det som var.  Freden som har navnet nåde.  På årets siste dag når alle øyeblikk er nær oss.

Fred over det som er

Alt er hos oss denne time
når vi er i grenselandet
på det sted der drømmer fødes,
mellom nytt og gammelt år.
Klagen over det vi mistet;
bønnen for en ukjent fremtid,
bever under rommets hvelving
når de store klokker slår.

Alt er hos oss denne time, ja! Det kjem så nært, det finn grenselandet der draumer vert fødd, der me kan koma til å laga nyttårsforsett, sjølv om me har aldri så blanda erfaringar med slike.

Det som er hos oss, er ikkje bare vår eigen historie, våre minner.  Det er alt me ikkje kan og skal lukka augene for.  Me er jo ikkje ei øy.  Me er interesserte i andre rundt oss.  Korleis det går med familien, nærmiljøet og kloden.  Me ber i oss dette ønskjet om overblikk som gjer at dei som driv med ferske nyheter finn det verd å laga oppsummeringar, kavalkadar over nyheter, tilbakeblikk, observasjonar og analysar.  Plutseleg finn sånt oss heime i eit årsskifte.  Me vil ha alt hos oss denne time når vi er i grenselandet på det sted der drømmer fødes

Alt er hos oss denne time, ja.  Til og med dei vonde meldingane frå FN sitt barnefond, Unicef. 15 millionar barn og unge veks opp hardt ramma av krig.   15 millionar er 3 gonger fleire enn alle som bur i Norge. Dei lever med plagene av krig i den sentralafrikanske republikken, Irak, Sør-Sudan, dei palestinske områda, Syria og Ukraina.

Eit øydeleggjande år for mange barn
Aldri i nyare tid har så mange barn vorte utsett for ein så unevneleg brutalitet.  Unicef kallar 2014 for eit øydeleggjande år for millionar av barn.  Dei er drepne mens dei sit i klasserommet og studerar, mens dei leikar, mens dei søv i sengene sine.  Dei har vorte foreldrelause, kidnappa, torturert, rekruttert til å gå rundt med maskingevær, voldtatt, sendt på flukt og til og med selde som slavar.

Det gjer vondt å tenkja på det.  Så vondt at mange av oss lukkar augene. Forhåpentlegvis ikkje så mykje at draumar sluttar å verta fødde. Dei treng me verkeleg for at barn og unge skal oppleva fred.  Draumar nyttar. Det  vart Nobels fredspris til 17 år gamle Malala. Ho har vist at den enkelte av oss kan gjera ein stor forskjell.  Til stor inspirasjon for mange viser ho mot og styrke og gjev andre håp.

Det nyttar å stå opp for andre.  Det nyttar å gje andre mot.  Fred trengs.  Det fins fred som verda skal gje.  Verda er jo oss.

Seier Jesus imot dette når han set sin fred opp mot den freden verda gjev?

Ikkje viss me tenkjer på at dette var hans siste time, timen då alt er hos  oss, alt kjem til han, blir verande i han, er hos han. 
Timen då han ser kvar ein av sine minste på jorda.  Timen då draumar vert født.  Då han vågar tru at han skal skapa fred då han forsonar menneske og Gud.  Ein fred som ser mennesket sin ubetalelege verdi.  Han skal gje ein fred som kan trøsta hjarte og bera føter som står midt i strid og uro.  Han skal gje ein fred som kan endra hjarte.  For fredshelsinga hans er ikkje bare over det som var.  Ho kjem over det som er.  Over skjelvande steg inn i nye draumar.  Helsing akkurat nå:  Min fred gjev eg deg!  

For:

Ingen tid så full av fremtid
som den tid vår Frelser gir oss,
Han som gikk sin vei i tiden
og ble døpt med korsets dåp.
I den mørke vinternatten
lyser håpets klare stjerne.
Aldri var vår jord alene.
Aldri er vi uten håp.

Fred over det som kjem
Denne kvelden er full av framtid.  Tankar og følelsar om det som skal koma, piplar fram i oss.  Me må bare.  Me gjer bare.  Slik er den siste timen i året.  Ingen tid så full av fremtid.  Kor er eg om dagar og veker?  Kva skjer?  Vert det gode svar på noko eg har lagt opp til og bedd om?

Ingen tid så full av fremtid!
Ikkje bare fordi det er lada minutt på slutten av eit år.
Men fordi Jesus si fredshelsing kjem akkurat nå.

Ta ho til deg! Ho er betalt med blod. Ho er gitt den kvelden då alle minner skal stemplast med tilgivelsen på Golgata og alle draumar skal pregast med hans forsoningsgjerning, Jesus sin fred er det beste du kan ha.

Han helsar deg med fred over det som kjem.  For han står og vil ta imot deg når kalenderen sitt siste blad er rive av.  Den freden har navnet håp.

Powered by Cornerstone