Ein som forventar og forsvarer
Midnattsmesse nyttårsaften 2019 - Lukas 13,6-9

Ein som forventar og forsvarer

Det er ein som kjem denne nyttårskvelden og forventar av oss. Det er godt han kjem, og held fast at mennesket er sett til å bera frukt. Det er endå betre at han først går til han som forsvarer oss.

Eit fikentre i ein vingard!  Kva hadde det der å gjera?  Skulle det ikkje vera bare vinranker og druer der? 

Nei, det var visst planta der.  Det skulle få nyta godt av vingarden si gode jord.  Det skulle få lov å breia store, saftige blad i mineralrik jord. Eit par gonger i året skulle fikenfrukta dingla moden og hausteklar. Eit tre det var stilt forventningar til.  Ikkje eit viltvakse furutre med konglar, men eit planta frukttre med edle frukter. Noko flott og verdifullt med masse muligheter...

Kva er det eit bilde på?  Er det heile menneskeheten sin situasjon?  Er det mennesket i Guds hage?  Adam og Eva og alle etterkomarane?

For den som plantar eit fikentre, ventar å få fiken.  Og den som skaper ei verd med mennesket som sin forvaltar, ventar å få gode rapportar om måten mennesket skjøttar sitt kall.

Ein som forventar
Det kjem ein og forventar noko her. Ser etter frukt. For jorda sin hage var rik frå Gud si hånd i 2019 også.  Skaparen si rause hånd trekte seg ikkje tilbake.  Men mennesket klarte å skada og øyde-leggja. Konfliktar og krigar hindra fordeling av godene.  Rikdom hopa seg opp på grådige hender som ikkje delte.  Ledarar snevra inn blikket til sin nasjon eller si folkegruppe og snakka ikkje sant om dei andre og om verkelegheten.  Altfor få av oss fulgde dei som vekka verda sin samvittighet mot klimaøydelegging og kvar manns rett til å leva verdig og med fri tru og tanke.

Me har rett og slett godt av å høyra at skaparen forventar meir.  På vegne av alle og alt han har skapt.  Han ser etter frukt.  Han bed oss dela, ta oss av, sjå sanning i augene, gjera grep som gjer at fleire får verdig liv, og dei som veks opp, har håp i augene sine.

Det er ein som kjem denne nyttårskvelden og forventar av oss.  Det er godt han kjem, og held fast at mennesket er sett til å bera frukt. Det er endå betre at han først går til han som forsvarer oss. 

Ein som forsvarer
Og då må me ut av den globale hagen og inn i den personlege. For han som forsvarer oss, er gartnar.  Han forstår seg på eit menneske på jorda, ein disippel i sitt rike og eit fikentre i ein vingard. Han ber for det og lar det få vera i hagen.  Det er nåde. Han gjev ikkje opp håpet om at det skal bera frukt. Det også er nåde. Evangeliet Jesus kom og stadig kjem med.

I kveld spør både Gud og du etter frukta. Det er jammen ikkje lett å halda årsoppgjer. Ikkje før me ser at i året sine siste minutt er det ein som kjem og forsvarar oss. Han er den same i går og i dag og til evig tid.  Han heiter Jesus og han vil stilla opp for meg, forsvara meg og gje meg nye muligheter!

Det kan me trengja. For heller ikkje dette året levde eg og du slik me ville. Nokon hadde bruk for meg, og eg var ikkje der.  Nokon ville hjelpa meg og vart avvist.  Noko skulle eg ha ordna opp i, men eg var for stolt eller feig eller bitter.

Sjølvforsvar?
Kanskje var eg ein meister til å prøva å forsvara meg sjølv.  Me har våre metodar!  Dei fleste utviklar me frå me er små og unge. Kan eg bare gje ei lita forklaring på at eg er som eg er og gjer som eg gjer, så er det langt på veg godt nok til å forsvara meg. Så justerer me litt på krava, kallar det å vera realistiske, er rasande flinke til å samanlikna oss med dei som gjer at me tykkjer me kjem betre ut sjølv.  Noko rusk feier me under teppet.  Nokre fakta diktar me litt om på.  Me skal jo leva med oss sjølv.  Og vert noko litt for ubehageleg likevel, så lagar me eit saftig nyttårsforsett, noko som stort sett er det same som å utsetja saka til neste nyttår.  Me er nokre fine, nokon!  Med mykje ugrei ballast inni oss, fordi denne måten å forsvara oss på ikkje er ærleg og sann.

Sanninga gjer fri
Då er det noko ganske anna med han som kjem denne kvelden og forsvarar eit tre som manglar frukt. Han er ærleg.  Han er sann.  Han bruker heilt andre metodar. Han juksar ikkje med målestokken, han firer ikkje på krava, han seier ikkje: Stakkars menneske som er så hardt belasta av arv og miljø!  Han benektar ikkje og unnskyldar og forklarar.

Han ser det som er å sjå og seier det som det er.  I ansvaret vårt i den globale hagen, i dei nære relasjonane og i meg sjølv.  Har du svikta, så har du det.  Vart det ingen frukt på treet, så vart det ikkje det.  Han ser det slik det er, og seier det slik det er.

Kvifor?  Ikkje for å trykkja oss ned.  Ikkje for å å tværa det ut kor svake me kan vera.  Ikkje for å gå gjennom kvar einaste kvist og grein og gjenta elendigheten opp og ned og i mente. Nei, når Jesus set klart lys på det som er galt i livet mitt, då er det ikkje for å trykkja meg ned.  Det er fordi sanninga er det einaste som kan gjera meg fri.  Det er først då eg kan få krefter til å bekjenna det som er galt og be om at han må skapa sine frukter i livet mitt.  Det er først då eg veit at han ser meg! 

Eg og du er mykje viktigare for Jesus enn seirane og nederlaga våre.  Han ser at me er slike som treng ennå meir omsorg, ennå meir kjærleik, lys og varme.   "Herre, lat det få stå....

Denne kvelden skal me læra at Jesus ser meir på framtida vår enn på fortida.  Han ser alle mulighetene, alt håpet.  Alt som ennå kan skje viss han får gjødsla og stella. Å grava rundt ein stamme er jo å sleppa lys til og opna opp for livgjevande vatn.  Å gjødsla er å tilføra næring som livet treng.

Å satsa på gartnaren
Eg trur eg satsar på gartnaren i 2020.  Han stiller opp for meg. Vil lufta den harda jorda som har fått pakka seg rundt røtene.  Vil risla ny næring inn i rota.  Dei fruktene som treet skal bera, er han full av.  Dei kjem frå han. Kjærleik. Glede. Fred. Tolmod. Mildskap. Godleik. Truskap. Audmjukskap. Sjølvdisiplin. 

Eit nytt år som startar her i kyrkja, kjem med denne helsinga:  Jesus gjer alt som står i hans makt for at eg og du skal bera frukt for han og for andre.  Er ikkje det fantastisk å møta nye dagar med.  Jesus ber for meg.  Jesus tek meg i forsvar.  Ikkje fordi han ikkje veit betre.  Men fordi det er min einaste sjanse.  Og det er det Han er best på.

Skal han få lov å stella med meg?  Opna for lys og næring.  Og gjødsla med sin kjærleik og nåde?  Då vil noko nytt og spennande skje.  Slik han sjølv seier i Joh.15: «Ver i meg, så er eg i dykk…. Om de blir i meg, og eg i dykk, då ber de mykje frukt!»

Powered by Cornerstone