Sørgetonar og himmeltonar
Allehelgen 2022 i Time kyrkje - Luk.6,20-23

Sørgetonar og himmeltonar

Fellesgudsteneste med innviing av nytt orgel og piano
Det er noko med å sjå djupt nok inn og langt nok fram. Poenget med livet sitt løp er å koma til mål.  Å sjå målet gjer at mykje kan haldast ut.  Å få himmeltonane gjer noko med sørgetonane.

Denne allehelgengudstenesta har overskrifta «Sørgetonar og himmeltonar».  Me snakkar musikk.  Tonar frå nytt orgel og piano er i gang med å prega det gamle gudshuset på Time.  Tonar skal på ein ny måte tolka levd liv og levande gudsord.  Møte mellom oss vanlege menneske og Gud, mellom kvardag og det hellige, mellom heftige følelsar og kraftfulle helsingar frå himmelen. 

Tonespråk
Sørgetonar og himmeltonar i dette rommet skal løfta oss opp frå det låge. Dei skal finna språk for det inste i oss og det djupe i Gud. Me skal verta hudlause av desse tonane, nakkehår skal reisa seg, me skal verta ærlegare om oss sjølv, opnare for det som er så mykje større enn oss. Den treeinige Gud. Kyrkja sine skattar som gjer at sorg finn håp, tvil finn tru, og mismot kan reisa seg til kjærleik og liv som bryr seg om andre.

Tonane skal blanda seg med babygråt og stolte foreldre, med ungdommar som spør om meining og framtid, med festpynta glade i brudestolar, med sørgjande som ikkje forstår korleis dei skal koma seg gjennom denne dagen, og dei neste.

Nye ansikt som ser kvarandre
Tonar skal gjenta seg til det varmt gjenkjennelege, og dei skal tolka øyeblikket, det som er akkurat nå.  Tonar i dag.  Når to kyrkjelydar møtest med gode smil.  Når tankar sviv til dei som levde før oss.  Når heilt nye ansikt ser kvarandre. 

I dag vil me sei særdeles varmt velkommen til dei som har kome frå Ukraina og søkt tilflukt frå krigen sine redsler her i Norge.  Det er sterkt å vera i lag med de som har mista så mykje og kjempar for så mykje. Me vil stå i saman i felles bønn, i sorg over dei me har mista, og i håp om ei mykje betre framtid med fred for Ukraina.

Sørgetonar er vårt ærlege språk. Himmeltonar er Gud sitt språk. Og får dei finna kvarandre, oppstår ein ny sang, ein lovsang til vår Gud.  Og ein ny veg. Ein veg til medmenneske og samfunn som treng det lyset og saltet som kristne på jorda er, i Jesus.

Allehelgen
Sørgetonar og himmeltonar.  Det er denne helga, det.  Det er sorga som trør over gulnande, rotnande lauv ut til gravene, til vinterpynt og til lyset som skal stå og brenna over namnet og minnene og takken for dei som var våre, og alltid vil vera det. 

Mange gjekk til gravene og stelte dei i går.  I kveld skal mange fylla kyrkja med minner, sorg og takk.  Begge plassar står lysa som lykter på vegen heim der me verkeleg høyrer til. For lys fortel at størst av alt er kjærleiken, ikkje størrelsen på hus og lønning og reisebudsjett og alt grådig jag etter lukka som er ein annan plass enn det kortvarige som me lettast og fortast søkjer gleda i.

Sørgetonar og himmeltonar.  I musikken. I denne helga. I bibeltekstar me har høyrt. I liv me lever.

Sorga sitt språk
Sorgene er mange.  Voldsomt mange.  Nokre av dei stig fram frå bibeltekstane og blandar seg med liva me lever.  Vald i eit land, eingong i Israel og Juda sitt land (Jes.60,18-22), nå i Ukraina og altfor mange andre plassar.  Herjing og øydeleggjing, ufatteleg og hjerteskjærande. Folk i eksil.  Flytta til eit anna land eller framande og heimlause i sitt eige land, i eit indre eksil av noko som ikkje er greitt å leva med.  Til og med Abraham og Sara utan livskraft og framtid, ser det lenge ut for (Hebr.11).  Ein straum av dei som helsar noko betre der framme, lengtar etter eit fedreland, i tankar om landet dei drog ut frå, eller løftelandet som lokkar der framme. 

Det er viktig at sorg får språk.  At smerte vert til bønn.  At lengsel vert til håp.  Slik Jesus gjer i evangeliet for i dag.  Orda hans møter etterfølgjarane i sorga.  At dei er fattige.  At dei svelt. At dei grin sine tårer. At dei er hata.  Utstøytte. Spotta.  Forakta. Forfulgde.  Sorg på sorg.

Jesus gjev sorga språk.  Han ser sine i det vanskelege og smertefylte livet.  Han adresserer det.  Livet med sørgetonar.
Og så gjer han noko eineståande med det…

Til mål!
På veg inn i det vil eg fortelja om ei gravferd her i kyrkja i haust.  Ei som mange kjenner, kanskje frå Bankersorkesteret, eller frå bufellesskapet i Kringlemyr.  Eit liv som lett kunne ha gitt meir sorg, viss ho ikkje hadde hatt evnen til å vera fornøgd og gle andre.  For ho hadde musikken, tonane. Ho fann dei lett på pianotangentar, også etter at store fysiske plager sette begrensningar.  Hennar salmar spelt med urolege kroppsdeler, med vaiande kropp frå pianokrakken, var eit mektig vitnesbyrd. 

Ho heitte Kari Pedersen. I gravferda vart det fortalt om ein av idrettsdagane ho var med på.  Ho vart spurd: «Kor langt skal du springa?»  Kari svarte:  «Til mål»!
Kan det seiast betre?  Riktigare?  Er det ikkje til mål me skal?  Før og meir enn noko anna. 

I dag løftar Jesus blikket vårt mot målet.  Han teiknar det opp.  Han lar det vera noko han tilseier oss.  Himmeltonar i sørgetonane våre.  Guds språk inn i våre famlande ord og tonar.

Guds rike er dykkar, de fattige.  De skal mettast, de svoltne.  De skal le, de som grin. De har stor løn i himmelen, same kva vondskap de møter på jorda. 

Jesus kallar det å vera sæl, salig, få den høgaste lukka.  Trøstetiltale om noko dei allereie er og ennå meir skal få.  Sagt som bare han kan seia det. Radikalt. Paradoksalt. Så det kvepp i oss som høyrer.

Adressatar for saligprisningane?
Noko av det er ikkje heilt lett å ta til seg. Eller forstå.  Det kan jo mest virka som du er kvalifisert for Guds rike bare du er fattig og nødlidande nok.  Men slik er det ikkje elles i Nytestamentet.  I kristen tru er det ikkje noko anna enn Jesu død på korset og oppstandelsen hans som opnar Guds rike for nokon.

Så kva er viktig å tenkja for å ta evangeliet i dag rett til seg?

For det første: Adressen er Jesus sine disiplar. Dette er ord til dei som vil følgja han og lytta til han. På dei har han festa blikket, til dei gjev han ord til trøst og håp. Orda han seier er ikkje allmenn-gyldige læreord om vegen til frelse, men direkte trøstetiltale til dei han har gjort til disiplar:  «Sæle de fattige, svoltne, gråtande…»

For det andre ender saligprisningane med dei som er hata og forfulgte for Jesus si skuld.  Me veit at livssituasjonen til første og andre generasjon kristne var så tøff.  Det var vanleg å verta utstøtt både av familie og religiøse fellesskap.  Det var mange fattige blant dei første kristne, mange som gjekk rundt med salte tårer og tome magar. Trua kosta. Slik det er altfor normalt og veldig relevant for mange trussøsken i dag også.

For det tredje er saligprisningane håpsord til disiplar som har tronge kår å leva under.  Situasjonen skal snu!  De har jo del i fellesskapet over alle grenser. Guds rike er dykkar. Guds rike kjem med mette magar og latter og glede og stor lønn i himmelen.

Det er noko med å sjå langt nok fram. Poenget med livet sitt løp er å koma til mål.  Å sjå målet gjer at mykje kan haldast ut.  Å få himmeltonane gjer noko med sørgetonane.

Sørgetonar og himmeltonar
Det er dette eg har lyst til å sei i dag. Me skal vera ærlege med alle slags sørgetonar.  Dei er vårt ærlege språk i møte med livet sine tøffe påkjenningar.  Det er ein gave å ha ei kyrkje å koma til med dei, å ha bøner som kan løfta dei til Gud, å ha tonar som kan dra heile oss med seg i dette.

Men den største gaven er himmeltonane.  Guds språk inn i vårt. Jesus sine håpsord.  Me får dei som ein skatt nettopp mens me sørgjer og vert plaga!

Himmeltonane i dag er lys på vegen heim, lys frå det me skal bli!
Himmeltonar med eineståande ord.  Profetien frå Jesaja om landet utan vald, om byen utan murar, om natta med sterkare lys enn månen og dagen med betre lys enn sola.  Sørgjedagane er over.  Herren er lyset ditt.  Det skal aldri slokna!

Himmeltonar med orda frå Hebrearane 11.  Om dei som har vandra før oss og vist vegen.  Om dei og me som helsar det som skal koma og lar det vera identiteten vår.  Det som definerer oss.  Me er ikkje det som me gjer og prøver å raska med oss.  Me er det som Jesus har gjort oss til og det som me skal bli

Jesus vil vera med oss alltid! Også når døden lukkar augene våre.  Me anar det på forhånd og helsar det i tru.  Slik har Jesus sine disiplar det.  Dei er salige.
Så salige at det er tamt å bruka ord og mykje betre å utrykkja det i sørgetonar og himmeltonar.

Powered by Cornerstone