Ei forteljing om livet
Skjærtorsdag 2014 - Matteus 26,17-30

Ei forteljing om livet

Eg førestiller meg at Jesus lot Judas vera der heile måltidet for å fortelja at gaven er for alle og større enn alle svik...

Det siste måltidet
17 Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
20 Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv.21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»23 Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.24 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»25 Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.

Nattverden
26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»27 Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det!28 Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
30 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

 

Fortetta atmosfære! Jesus har ein dag igjen å leva og veit det.
Judas har ikkje stort meir, men veit det ikkje ennå. Ganske uvitande om at han ikkje skal orka å leva med sviket sitt.

Ja, for den eine gjev sitt liv. Og den andre skal ta sitt liv. Det djupaste fellesskap som Jesus lukkar oss inn i i nattverden, står side om side med den djupaste avstand det kan koma mellom menneske. Sviket.

Det mest berømte bildet av dette må vera Leonardo da Vinci sitt maleri «Nattverden».  Eg fekk sjå det i klosteret Santa Maria delle Grazie i Milano på retreat med prostiet for halvanna år sidan.  Fresko malt på tørr mur. 8.8 x 4.4 meter. Tært av tida si tann, men voldsomt i inntrykk likevel.  Da Vinci har fanga øyeblikket då Jesus seier: «Ein av dykk kjem til å svika meg.»  Det er som det går straum gjennom romet, og reaksjonar av sjokk og vantru er større dess nærare du sit Jesus til bords. Alle hender er på veg ein plass, alle ansikt prega.  Bare eitt ansikt er usynleggjort, vend vekk: Judas sitt.

Det er fortetta atmosfære. Av kjærlighet og hat. Av gave og rov. Av fellesskap og avstand. Av offer og svik. Av dagen før dagen. Av ein dag som har evig betydning for alle våre dagar.

Forresten: Har han det?  Er dette knakande viktig for oss i våre dagar. I dag?

Det kan vera det. Det kan vera at me har sett fram til påske. Til å leva oss inn i kjernen og grunnlaget for det me trur og byggjer livet på. Syngja det i påskesalmen: "Åpen har jeg himlen funnet. Jesus vant og jeg har vunnet!"

Men det kan også vera at eg i praksis lever med ganske andre tonar. Det kjennest meir ærleg å seia: "Lukket har jeg himlen funnet!"  Eller: «Så fjern Guds himmel syntes meg.»

Og då har eg det på eit eller anna vis vondt. Eller eg må skaffa meg noko anna i plassen. Noko manglar.  Ein tomhet.  Eit sug. Ein svolt. Viss Gud har vorte så merkverdig fjern.  Og den opne himmelen har innført stengetid.

I nattverdsalen på skjærtorsdag er det eit sug etter fellesskap og åpna framtid.  Det får form som eit sukk av bestyrtelse når felles-skapet ser ut til å brytast, anten det er uforståelege ord om svik, eller om brød og kropp som skal brytast sund, vin og blod som skal renna ut. Kva er nå denne svolten som Jesus brukar denne kvelden til å metta, og som Judas brukar til å svika?

Då lånar eg litt ord og tankar av professor William Cavanaug ved DePaul University i Chicago.  Han var gjengitt i Magasinet «Strek» i fjor og er oversett til norsk i boka «Nattverdens økonomi».  Han seier at me lever livet i vår tid i skjæringspunktet mellom 2 forteljingar om verda.  Det er markedet si forteljing og det er nattverden si.  Begge handlar om svolt og konsum, om transaksjonar og gavar.

På skjærtorsdag 2014 ser den jevne nordmann neppe føre seg køen til nattverdbordet. Nok heller køen i skiheisen på fjellet og på kassadisken i systembolag og affæren over svenskegrensa. Det er ikkje for ingenting at kjøpesentera har vorte den vestlege kulturen sine katedralar.  Shopping har fått status som noko me kan vera hekta på utan å skjemmast. Det gjev identitet:«Eg shoppar, altså er eg!»  Poenget er jo ikkje plent å eiga så mykje ting, men å jakta på noko me ennå ikkje har.  Eit sug som er sjølve bunnplanken i markedet sin logikk.  Handel forutset at det aldri er nok til alle.  Suget etter det me ennå ikkje har, kan effektivt unyttast i reklame og auka produksjon.  Dette er ei drivkraft i velstandsutviklinga i den rike delen av verda. Det set verda sine fattige i ein endå meir fortvila tilstand. Og det truer jorda si helse og ein fredeleg sameksistens bygd på rettferdig fordeling av for knappe goder.

Suget etter meir er umetteleg.  Kyrkjefaderen Augustin har skrive om begjæret sin natur. Det er betingelse for liv.  Begjæret får oss opp av senga om morgonen.  Problemet er at me begjærer og er svoltne på ting som ikkje har evne til å tilfredsstilla oss. Slikt som løyser seg opp til ingenting viss det vert lausrive frå Gud som er livet si kjelde.  Løysinga på det rastlause begjæret er å næra lengselen etter Gud, han som me er skapte til, han som kan gje kvile for det urolege hjarta.

Judas hadde visst ikkje sett det som Augustin innsåg.  Han tok begjæret i eigne hender.  Han avvikla svolten etter Gud, den som hadde gjort han til Jesu disippel i tre år.  Det virka som Jesus ikkje ga han det meir han hadde håpa på.  Hadde svolten vorte for grådig?  For sjølvrådig?  For dennesidig?  Han selde i alle fall Mesteren for 30 sølvpengar og sjela si for svik. 

Det er ei altfor stor gåte å sjå inn i Judas sitt hjarta og sviket sin psykologi.  Om pengar eller skuffelse var hovedmotivet.  Men det er noko denne siste kvelden, noko med svolt og begjær som kjem ut av kurs og kontroll.  Og når lausrivinga frå Gud vert så total at det ender med svik og salg og sølvpengar, så er det ikkje noko igjen.  Freden i hjarta og livet si meining fordunstar til ein stor tomhet som ikkje er til å leva med.  Himmelen lukkar seg.

Det gjer han lett der begjæret vårt giftar seg med markedet og forbrukerkulturen.  Me får vera så ærlege at me seier det til kvarandre i kveld:  At Judas sitt begjær er nærare enn me likar. At himlen kan verta lukka og fjern lenge før det store sviket.  Det er bare me som har fjerna oss.  Me har bare latt feil forteljing om livet ta grep om oss.  Me trur for fort at me lever med å skaffa oss og få med oss meir. Men me lever jo bare mindre i markedet si forteljing om livet vårt.  Me lever meir når nattverden får vera forteljinga om livet vårt.  Nå kjem ho.

Nattverden fortel ein ganske annan historie om sug og svolt og å bli metta. Forbrukerkulturen sitt utgangspunkt er mangel. Du manglar noko som det er knapphet på. Det må du kjøpa deg for å bli tilfredsstilt. Nattverden sitt utgangspunkt er ikkje ein mangel, ikkje noko det vert mindre av med å dela det ut.

Utgangspunktet er Jesus som kom for at me skulle ha liv, ja, liv i overflod.  Når han inviterer til bords, til måltidet han innstifta på skjærtorsdag, då møter han dei djupe behova som markedet ikkje kan dekka: «Eg er livsens brød, den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.» 

Det me har sug etter og svolt på vert møtt av ein nåde som bare strøymer mot oss frå han som har skapt og frelst oss:
«Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen

Me vert heva opp over og ut av vårt jordiske begjær etter stadig nye ting.  Himmelen er open! Me er ute av kjøpet og sjølvrealiseringa sine sonar.  Me er i nåden sin sone, der alt er gave. Kristi kropp og blod er ikkje mangelvare, brødet og vinen vert mangfoldiggjort i tusenvis av nattverdbord kloden rundt.  Det tek ikkje slutt. Det går ikkje tomt.

Og ettervirkninga er fellesskap.  Nattverden gjer oss til ein del av Kristi kropp.  Nattverden er ikkje livsforteljinga som får oss til å dyrka individet og lukka augene for andre, slik som forteljinga til forbrukerkulturen manar eller fører til.  Nei, om ein lem lid, lid dei andre med.  I nattverden bryt Gud syndefallsegoismen sin tragedie.  Suget som markedet ikkje kan metta, vert gjenoppretta mot det opprinnelege, mot Gud og open himmel for alle.  Dei svoltne skal sleppa å venta, for Guds rike med håp og rettferd er på ferde allerede og skal koma for fullt.  Me er ein del av Kristi kropp i verda.  Me ventar på å sjå han som han er, når me sit rundt det store festbordet i hop med alle stammar og folkeslag.

Det hender at markedet og nattverden si forteljing om livet vert forveksla, når nattverden vert delt ut på institusjonsbesøk.  Det hender nokre vil betala for brødet.  Det hender nokre vegrar seg fordi dei ikkje føler dei har det som skal til for å vera verdig.  Då er det fantastisk å kunna seia:  «Alt er gratis. Jesus har betalt. Han er god nok.»  Det smilet som av og til breier seg i eit mildt ansikt og ein tanke som klarnar frå demensen, er ubetaleleg.  I alle meiningar av ordet ubetaleleg.  «Å, tusen takk

I kveld innledast påske for oss med Jesus sin gave i nattverden og med Judas sitt svik. I morgon fortset det med eit kaos av menneskeleg vondskap som rammar Jesus. Alt tyder på at det er menneskeheten sin samla vondskap som fører Jesus til korset. Der er også mitt svik med. Der er mi skuld. Eg kjem ikkje unna det faktum at eg sjølv lukkar himlen for meg og for andre. Det kan vera med min vilje, det kan vera mot min vilje, men faktum er: Eg påfører medmenneske lidelse.  Med og uten forbrukerkulturen sitt grep om begjæret mitt. Det går ut over foreldre og barn. Eg sårar nokre på arbeid og heime. Eg opprettheld uretten i verda.  Eg opplever så ofte at eg kjem til kort, sjølv om eg ønskte å gjera så godt eg kunne. Eg står med skuld. Er i slekt med Judas sitt svik og alle andre sin feighet og unnfallenhet.

Då får eg ta til meg at påske er kva Jesus har gjort med mitt svik!
Han er mykje meir verd enn dei sølvpengane han vert taksert til. Han er mykje meir. Han er løysepengen! Han hadde sagt det til disiplane tidlegare: "Menneskesonen er komen for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange."  Og nå var tida komen. Den kvelden han vart sviken, den kvelden han vart taksert til klingande mynt, den kvelden brukte han til å ausa sin kjærlighet over disiplar som skulle koma til å svikta han, kvar på sin måte. Jesus er eit hav av kjærlighet mot oss som har livet fullt av nederlag.  

Eg førestiller meg at han lot Judas vera der heile måltidet for å fortelja at gaven er for alle og større enn alle svik.

I kveld skal eg få ta imot.  Nattverden si forteljing om livet mitt.  Eg kjem til å ha bruk for ho kvar sundag. Kvar oppstandelsesdag.  Kvar oppreisningsdag.  Det er bare ein løysepeng som gjeld.  Den er gratis. Overflod av liv som aldri går tomt.  Eg har ikkje bare auga for meg sjølv, men for Jesus og alle andre lemmer på hans kropp.  Åpen har jeg himlen funnet.

Powered by Cornerstone