Frelsa er ikkje til sals
Reformasjonstema 15.okt. 2017. Jesaja 55,1-3. Apg.8,4-24. Luk.20,45 - 21,4

Frelsa er ikkje til sals

Å tru og halda fast på at frelsa ikkje er til sals, er frigjerande. Det opnar blikket og hjarta for Guds nåde. Det set opp eit beskyttande vern mot misbruk av makt. Det vernar respekten for mennesket sin integritet.

«Kom! Kjøp! Høyr! Snu øyra til! Høyr!»
Det kan høyrast ut som ivrige torghandlarar i atskillig sydlegare strøk.  Dei ropar om oppmerksomheten.  Dei har noko du treng.  Dei tilbyr det.

Det liknar på torghandel, og så er det ein profetstemme.  «Kom! Kjøp! Høyr! Snu øyra til! Høyr!»
Like ivrig som ein torghandlar.  Like trygg på det som vert tilbudd.  Men vilkåra er ganske sjokkerande:  «Det beste eg har å by, er ikkje til sals eingong.  Det er gratis.  Utan betaling.  Kom og kjøp det som stiller tørst og svolt utan pengar.  Kom og få, altså.  Fritt!»

Kva skal me tru om sånt?  Tidenes opphørssalg?  Nå skal varene ut for aller siste gong?  Eigaren er konkurs eller skal slutta?  Eller varene er utdaterte og ikkje viktige lenger?

Ikkje handel, men gratis!
Men det er ikkje slik ein markedslogikk. 
Eigaren skal ikkje avslutta.  Verdien på varen skal ikkje dala.  Dette gjeld det som menneske sitt indre alltid vil tørsta etter, og hjarta alltid vil hungra etter.  Frelse.  Fellesskap og harmoni mellom Gud og hans skapningar.  Forsoning.  At Gud og menneske er forsont, at synd er tilgitt, at motstand er broten ned i vennskap, at svik og nederlag ikkje vert tilrekna svikaren, at Gud ikkje vil dømma som fortent, at det svake i mennesket er berga av Guds styrke, at Gud elskar den som altfor ofte har etablert seg som ein fiende.  Tørstar og hungrar ikkje mennesket etter dette?

Ja, så «Kom! Kjøp! Høyr! Snu øyra til! Høyr!»
Seier Guds profet.  Utan betaling og pengar eller andre slags eigne byttemiddel.  Korleis kan dette vera slik?

Prisen er betalt
Det må vel bety at nokon alt har betalt prisen. 
For eigaren driv ikkje billegsalg.  Gud devaluerer ikkje frelse og forsoning til noko som bare er der eller kjem av seg sjølv.  Nokon har alt betalt prisen det kosta.  For det kosta at frelsa er fri og nåden gratis.

Les gjerne nokre kapittel i Jesajaboka.  I kap.54 og 55 vrimlar det av poetiske og glade utrop om Gud si frelse, rekt og bydd fram.  Desse orda har ein bakgrunn.  Mest ei heil Jesajabok der Gud held menneske ansvarleg for synd og urett som rammar andre og fører oss langt unna det gudshjarta som bankar og lid med kvar skapning som vert sviken og trødd ned i støvet. 
Og så:  I kapittel 52 og 53 er det skildra ein lidande Herrens tenar som gjev seg sjølv for folket.  Med si liding og sin død ber tenaren folket sin sjukdom og straffa for syndene deira.
«Han vart såra for våre brot, knust for våre synder, straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.»

Prisen er betalt.  Dette er ikkje varer på billegsalg.  Det er dyrt kjøpt nåde.  Det er det beste menneske treng, kjøpt av han som elskar oss så høgt at han ga seg sjølv for oss og betalar med liv og blod, det som mennesket skyldar Gud.

Dette er ikkje billeg nåde, det er gratis nåde.  Dette er ikkje aller nådigst benådning, det er full frifinning.  Det kosta Jesus alt, og det gjev oss alt.  Utan pengar og betaling.  «Kom! Kjøp! Høyr! Snu øyra til! Høyr!»

Nåde i Det gamle testamente
Me bør ikkje leva i den villfaringa at Det gamle testamentet ikkje kjenner nåden. 
Profeten sitt glade rop i Jes.55 var ikkje det første i historien.  Gud hadde ført eit folk ut av slaveri, begrunna i sitt eige hjartelag og pakta med Abraham.  I ørkenen hadde han ordna vatn og brød utan betaling.  Friskt vatn frå Moses sin stav mot klippa, og doggfrisk manna om morgonen.  Guds frelsande handlingar var aldri eit resultat av kjøp og sal og pruting.  Frelsa var gitt av nåde, ho kunne ikkje kjøpast for pengar, og profetordet i Jes.55 fekk sagt det som aldri før – og seinare!

Men seinare har altså Herrens lidande tenar blitt knust på korset, lik eit lam som blir ført til slakting, og for å fortsetja profetorda frå Jes.53: «Hans liv er gjeve som skuldoffer.  Min rettferdige tenar skal gjera dei mange rettferdige, han har bore deira skuld

Simon i Samaria
Mange hundre år seinare har det skjedd. 
Jesus har dødd og stått opp.  Han har gitt oppdraget å vitna i Jerusalem og Samaria og til jorda sine endar om fullført frelse.  Og i dag fekk me høyra korleis det gjekk i Samaria, då diakonen Filip forkynte Kristus og gjorde godt og skapte glede og vekkelse, og når Peter og Johannes kom på visitas og fekk enkelte viktige ting til å falla på plass.

Det var jo ein person der som vart riven med av ein vekkelse.  Sånt skjer.  Å sjå at andre har noko som eg ikkje har, og slutta seg til og ønskja å kjenna krafta i det sjølv.  Trollmannen Simon kom til tru og vart døypt. Veldig fascinert av Filip si helbredande gjerning.  Han såg korleis folk vart fylt av Den hellige ånd då apostlane kom og bad for dei som var døypte.  Så då ville han jo kjøpa denne krafta for pengar.  Apostelen Peter refsa han skarpt. Guds gavar kan ikkje brukast til å gjera seg sjølv betydningsfull.  Den hellige ånd kan ikkje kjøpast og seljast.  Ikkje eit einaste steg på frelsesvegen er til salgs.  Verken når du tek imot Guds nåde eller når du ønskjer å følgja Jesus og koma lenger i tru og kraft. 

Miks av frelse og pengar
Gud er ikkje slik, han handlar ikkje slik. 
Det er ikkje til sals.  Verken å verta frelst eller helliggjort.  Forteljinga om Simon er ein skarp advarsel mot å gjera Guds frelse til handelsvare.  Frelse og pengar skal ikkje miksast.  Åndelege gavar og menneskeleg betaling skal ikkje blandast.

Kjenner me at dette ikkje er heilt uaktuelt i dag?  Det sit så djupt at eg har opplevd å gje nattverd og få spørsmålet: «Kva skal du ha for det?»  Det ser ut som folk kan strekkja seg langt for å gje og betala for helse og frelse.  Og endå verre frå den andre sida: At ledarar tilbyr forbønn mot betaling – eller forventar pengegavar.  Vegen kan vera altfor kort mellom forkynnelse av nåden og press om giverteneste, eller mellom den omsorga som skal liggja i forbønn og spekulativ markedsføring av resultat som bare Gud er gjevar av.  Å tru og halda fast på at frelsa ikkje er til sals, er frigjerande.  Det set opp eit beskyttande vern mot misbruk av makt.  Det vernar respekten for mennesket sin integritet.

Ikkje til sals – seier me i kyrkja denne reformasjonshausten. Det viktigaste skal vernast. Det høyrer ikkje til i den markedsverda me elles er prega av.  Og me ser gjerne føre oss reformatoren der han står på riksdagen i Worms i 1521, for keisaren og alt som kan krypa og gå av øvrighetspersonar i kyrkje og samfunn i det store tysk-romerske riket.  Han tek eit døgns betenkningstid på om han skal sei frå seg tankane og skriftene sine og berga seg for bannlysing og fredlysing.  Men det er to ting som ikkje er til sals:  Sanninga og samvittigheten.  Begge to er forma av Skrifta og bunden til Skrifta.  Guds Ord er rettesnor.  Og det står om kjernen: den frelsa som ikkje er til sals.

Sanning og samvit på salg?
Luther sette ikkje sanning og samvittighet på billegsalg. 
Det skal ingen gjera.  Men me skal heller ikkje hardnakka hevda vår oppfatning av sanninga og vår samvittighet utenå gå ydmykt,  lærevillig og grundig  til Skrifta, slik Luther gjorde.  For det kan vera at vår oppfatning av sanninga er mangelfull, og det kan skje at me framhever vår eigen samvittighet på bekostning av andre sin, på ein måte som sårar og gjer urett. 
Særleg viss det er me som sit med makta.  Sjølv prøver eg å møta vanskelege saker og dilemma me står i, med å spørja: Kven sin samvittighet gjeld dette mest?  Er det andre sin, så skal den respekterast heilt til han krev at eg må gå på akkord med ei sanning som Guds lov og Guds evangelium har vist meg.  Då må eg følgja min samvittighet og den sanninga eg har sett.

Sagt på ein annan måte, slik Luther starta eit av dei reformatoriske hovedskrifta sine, «Om den kristne frihet».
Et kristenmenneske er en fri herre over alle ting, og ingen undergitt. Et kristenmenneske er en villig tjener i alle ting, og alle undergitt.

Med livet som innsats står Luther i riksdagen i Worms fast på at frelsa ikkje er til sals.  Han tenkjer på si frelse og andre si.  Kanskje tenkjer han på ei enkel, fattig kvinne i Wittenberg i åra før 1517, som brukte pengar som skulle ha gått til mat til å betala avlatsbrev for å avkorta pinene i skjærselden for ein av sine.

Skriftlærde og rike
Og nå er me i evangelieteksten for i dag. 
Jesus skal snart reinsa tempelplassen for det som er til salgs. 
Men først observerer han ei enke, av dei fattige, ei av dei små, ei av desse som himmelriket er for, og set ho opp mot to grupper som lett lar frelsa bli til salgs og fort let begjær og makt gå ut over dei som har lite å koma med.

Dei eine er griske teologar og skriftlærde som brukar sine religiøse posisjonar til å få anseelse og økonomiske fordeler.  Han levner dei ingen ære og hard dom.

Dei andre er dei rike som brukar rikdommen til å skaffa seg sjølv ære og oppmerksomhet.  Men det viktigaste har dei ikkje sett og forstått.  At frelsa ikkje er til sals.  At tru er den djupe tilliten å overgje livet sitt til Gud, om det så er med dei to ørene du legg i tempelkista.

I Wittenberg i 1517 publiserte Luther 95 teser.  Dei handla om bot, om å venda seg til Gud i anger og tru.  Mange av dei var eit oppgjer mot å gjera handel av menneske si frelse.  Ein aggressiv avlatshandel var både falsk teologi og førte til undertrykking og utnytting av fattige menneske.  Me har fått bibeltekstar nok i dag til å vera lutherske kristne som seier nei til å miksa frelse og pengar, makt og tru.

Frelsa ikkje til sals
Og så litt til å tenkja på for vårt eige liv til slutt:
«Kom! Kjøp! Høyr! Snu øyra til! Høyr!»
Vår gjeld til Gud er betalt.  Jesus har sona for våre synder. Dei er tilgitt!  Kven kan sei sånt?  Ikkje stortinget.  Ikkje domstolane.  Ikkje journalistane.  Ikkje filosofane eller religionane.  Ikkje underholdningsindustrien.  Ikkje reklamefolk og nettgigantar som studerer psykologi og fysiologi for å finna ut kva som gjer stimuli uimotståelege, så begjæret vårt vert drive mot umettelege behov, som alle sjølvsagt blir drivne mot noko som er til sals.  Kven kan sei det som ligg under alle begjær, vårt djupaste behov til å høyra og tru: «Syndene dine er tilgitt!» Bare kyrkja har denne fullmakten.  Jesus sin fullmakt.  Forkynna den sanne og enkle trua som kan skapa fred på djupet.  Frelsa er ikkje til sals.  Tru det!  Forkynn det!  Kjemp for det!

Powered by Cornerstone