Ein draum frå Gud
4.sundag i adventstida 2021 - Matteus 1, 18-25

Ein draum frå Gud

Kva skulle han gjera med Maria?  Og med kjærleiken sin?  Dette var mykje meir uhåndterleg enn plank og byggemateriale. Dette kunne tømmermannen ikkje bare høvla til og justera på plass.

Nokre ganske få gonger i livet har eg vakna av ein draum og visst kva eg skal gjera.  Det var noko som brant.  Eit viktig og vanskeleg valg.  Eg hadde diskutert med meg sjølv og kanskje andre.  Så kom kvelden og natta.  Og søvn.  Den som set ned tempoet, sjaltar ut dei bevisste tankane, vaskar hjernen – og ryddar litt.  Og så drøymer me mens me søv.  Det underbevisste får boltra seg. 

Det meste vert visst aldri bevisst.  Eg vaknar og veit eg har drøymt, men draumen løyser seg opp som skodd for sola. Men enkelte gonger står draumen der heilt klart når du vaknar.  Merkeleg og rar, men klar.

Og då har eg altså visst nokre gonger kva eg skulle gjera.  Det viktige valget sto klart, det hadde fått hint eller klar melding frå draumen.  Og eg veit eg tenkte.  Her er det ikkje bare eg som har tenkt og det underbevisste har modna det i ein draum.  Dette er minst like mykje frå Gud som kjenner meg heilt til botns og har ein veg som leder til størst velsigning. Slike draumar er til å grina av. Og til tru. På noko eg vil gå i med takk og gjera med glede.

Mannfolket i juleevangeliet
Det kom ein draum til Josef i eit vanskeleg valg.  Etter kvart kom det fleire. Matteus fortel dette, han som skildrar jula sitt store mysterium med Josef sine auge.  Mannfolket i juleevangeliet.  Han som står i skuggen og bakgrunnen av det som skjer. 

Og sånn har det visst mykje vore med jul seinare også.  Ungane og damene er gjerne meir i sentrum og på styr med gavar og gryter, pynting og selskap enn far og mann er.  Dei kan visst fortelja eit og anna om det, dei som bemannar butikkane mot stengetid på julafta.  Og ser han koma der i siste liten for å gjera gavekjøpet sitt.  Til og med litt i fred utan stort styr, for nå stilnar det av.  Og nokre menn kan godt vera litt i bakgrunnen også, ikkje bare seint ute.

Men så mykje i bakgrunnen som Josef hadde vorte, var det ikkje greitt å vera. Det skjedde ting han ikkje var herre over.  Nokre hadde bestemt og gjort ting som fekk store innvirkningar på livet og det han hadde satsa på.

Han var forlova med Maria.  Hadde gitt ho sitt ja og planlagt framtid.  Snart skulle dei gifta seg.  Så fann han ut at kjærasten var gravid.  Og han visste at barnet ikkje var hans.

I den store stormen
Kva var størst av sår og sinne?  Skam og ære?  Skulle han tru på Maria og leva med at ingen andre ville tru som han?  Han sto i den store stormen som mange deler med Josef. Er det her eg skal vera?  Er det eg trudde på, vorte til tvil? Kan eg verta verande i dette forholdet? Josef sitt store dilemma og valg. Kva skulle han gjera med Maria?  Og med kjærleiken sin?  Dette var mykje meir uhåndterleg enn plank og byggemateriale. Dette kunne han ikkje bare høvla til og justera på plass.

Kva framtid kunne han ha med Maria? Han tenkte så det knaka, og såg ikkje anna framtidsveg enn å bryta forlovinga og berga stumpane. For ikkje å gjera ting verre for Maria, skulle han dyssa det ned. Gå så stilt og hederleg han makta gjennom samlivsbrotet sin første fase.  Han var ein rettvis mann.  Ville ikkje påføra meir skam.  Dei skulle gå frå kvarandre i det stille.  Tenkte Josef. 

I draumen steig det fram
Og så la han seg heldigvis til å sova.  Med søvnen kom draumen.  Og i draumen steig ein engel frå Gud fram.  Med eit budskap som endra alt og var meir enn det ein trufast mann i bakgrunn og skugge av svære hendingar kunne tenkja ut. 

Det vil sei:  Drøymeinnhaldet og engleorda bar med seg nokre av desse skriftorda som var Josef si eiga tru og Josef sin lengsel. Og summen av draum og engleord og skriftord og det underbevisste som kvalitetssikra valget, gjorde at Josef snudde.  Det skjedde noko med han.  Noko han trudde var Gud.  Ein stemme han gjenkjente som Gud sin. Den bevega han i ei anna retning.  Å vera rettskaffen og trufast i noko som ga framtid for han og Maria. «Ja, om det kunne vera slik at dette var til framtid og frelse for alle som ville lytta til frelsesunderet frå Gud!» 

Og slik sto Josef ikkje lenger i utkanten, i sitt store livsvalg.  Han var trekt inn mot sentrum av  eit mysterium større enn nokon kunne ana.  Andre sine livsvalg skulle til alle tider verta prega av det som Josef sa ja til.  For her var det Gud som sa ja til å koma heilt nær alle sine skapningar.

Den trufaste Josef
Ingen ville ha klandra Josef om han begynte på nytt ein annan plass med blankare ark og grønare gras.  Men Josef var mannen som blei.  Han står ikkje bare i skuggen.  Han står med karakter og kvalitet.  Han er ikkje bare arbeidsmannen som kan tømra husvegger. Han er drøymaren som kan lytta.  Han går inn i det huset han har bygt for å bu i.  Han fyller det med trufasthet og vinn Maria sitt hjarta dobbelt opp.  Han fyller det med tru.  Det er ei meining og ein hensikt frå Gud her.  Sjølv om det inneber å vita at eg bare kan vera fosterfar, og denne gutten må eg sleppa tidleg, for han kan ingen eiga.

Det kom om natta, det han ikkje fekk på plass om dagen. Han som sto og vart verande i bakgrunnen, var sett frå det høge, kjent til bunns og vist ein veg som ville leda til større velsigning.  Og så handla han på det.  I tru, meir enn å forstå.

Gudsmysteriet - via Josef sine utfordringar
Kvar jul får me i kyrkjene bøya oss for mysteriet som er ufatteleg mykje større enn det var for Josef.  At Gud bøyer seg ned og kjem med frelse og framtid til alle oss som strevar med livet og valga våre.  Han kjem i meir enn draum.  Han kjem som Gud med oss.

Og det er Josef sine utfordringar som denne sundagen kan ta oss på vegen inn i det store mysteriet

Josef si første utfordring var å overvinna menneskefrykt og skam. «Ver ikkje redd», sa engelen.  Og slik vart det visst!

Josef si andre utfordring var å finna sin plass i Gud sin store plan. Engelen sa: «Ta Maria heim til deg som kona di.»  Og slik vart det også – og meir til.
Det er eit godt prosjekt å spørja etter vår plass i Guds plan.  Det kan handla om samliv og fellesskap for oss også.  Om å stilla opp fullt og heilt for den næraste.  Om å finna vår plass i den kyrkja som Gud har store planar for.  Han har ein plass for oss.  Han har planar om å gje håp og berga menneskeslekta frå syndene deira gjennom kyrkja, gjennom dei som trur på og følgjer frelsaren.  Det er sterkt å vita kva som er mitt kall, kva som er Guds plan for meg.  Det fører til betre valg.  Det får større betydning for andre. 

Josef si tredje utfordring var å gje barnet rett namn.  Det skulle vera Jesus.
Gjenkjennbart for nybakte foreldre, ikkje sant?  Kva skal barnet heita?  Kanskje ikkje sååå viktig som i bibelsk tid, der namnet definerte personen, kven han eller ho skal vera og bli. Men viktig Å knytta den vesle sitt namn til Jesus sitt namn.  Frå dåpen høyrer dei alltid i hop.  Nå er livet knytta til det namnet som fortel at Gud er med oss og aldri går frå oss.

I bakgrunn eller i sentrum
Josef fekk sine utfordringar med menneskefrykt og skam, med å finna sin plass i Guds plan, med å sørgja for at det var namnet Jesus som skulle varsla det beste frå Gud. Josef let seg leia på rett veg.

Slikt kan skje i dag også.  Også for oss som kan kjenna oss litt i bakgrunnen og i skuggen av dei større hendingane.  Det er ikkje sikkert me treng ein spesiell draum for å gjera gode valg heller. For me har evangeliet. Mysteriet me får gløtta inn i når julehøgtida kjem. Me treng ikkje stå på utsida og i skuggane heller.  Me kan syngja full takk, midt i sentrum av jula.  Men også me kan godt vera opne for at Gud kan ha noko overraskande å melda oss. Lytta som Josef, velja som Josef og få ein ny veg.  Ei fornya tru. Noko eg vil gå i med takk og gjera med glede.

Powered by Cornerstone