Grenselaus tilgjeving?
10.sundag i treeiningstida 2021 - Matteus 18,21-35

Grenselaus tilgjeving?

Det er så mykje betre å gje tilgjeving til ein som har bedd om det, enn å gå og bera vidare på ei blass unnskyldning som var verken fugl eller fisk.  Den som tilgjev, legg frå seg ei bør, og lettar ei bør. 

Gamlekyrkjetenaren i Lårdal og Høydalsmo hadde noko viktig å sei til den nokså ferske kallskapellanen som kom frå Bryne midt på 1980-talet. Under kyrkjepreikene hadde han jo sete på trevet i mange år og høyrt og fundert og bladd i salmeboka og visste kva som var gangbart og ikkje.  Han sa: «Forkynnaren må ikkje berre gjera trua til ei sak mellom den enkelte og Gud.  Han må også tala varmt om gode forhold mellom menneske, og peika på livet som skal levast med Kristus som eksempel…»

Å gjera opp
God påminning.  Om liv som er heile.  Møtet med medmenneske har med Gud å gjera.  Møtet med Gud har med forholdet til medmenneske å gjera.  Ord som oppgjer, forsoning og tilgjeving er sentrale i begge desse viktige relasjonane.  Viktige og vanskelege.

Nokre oppgjer er tøffe å stå i når dei står på, og dei må tåla granskande lys etterpå.  NRK tok opp situasjonen for krigen sine austfrontkjemparar i vår. Debatten går friskt om kva som vart gjort eller ikkje, for å forhindra deportasjon av jødar under krigen.  Eg har lese rystande bok om Rinnanbanden dette året.

Ord av ein dødsdømt
Og eg kjem aldri til å gløyma noko biskop Dagfinn Hauge fortel i bok.  Han var prest for dødsdømte motstandsfolk under andre verdskrig.  Situasjonar der alt står på spissen.  Angsten, sorga, sinnet, få fred når ein skal døy og nokre ber ansvaret for det. 

Ein av dei dødsdømte sa dette til Dagfinn Hauge, mens han venta på henrettelsen:  «Eg har tenkt mykje og funne ut at eg kan tilgje alle.  Til og med han som angav oss til tyskarane.»  Då Hauge spurde korleis han kunne det, sa han som var dømt til døden: «Jau, du veit at me sjølv må be Gud om tilgjeving – og då må me også vera villige til å tilgje andre det småtteriet dei har gjort mot oss

Og Hauge legg til i boka si:  «Han sa verkeleg småtteri»!

Er det noko sånt me skal lesa ut av evangeliet for i dag også?
I alle fall er det at tilgivelse er livsviktig, både å vera tilgitt av Gud og å kunna tilgje andre.

Spørsmål frå Peter om tilgjeving
Peter spør.  Eit stykke kortare komen på tilgivelsen sin veg enn den dødsdømte på Grini.  Peter tykte slett ikkje det var småtteri det som andre kan gjera vondt mot oss.  Så han smell til og tek hardt i når han spør om han skal tilgje bror sin så mange som 7 gonger. Ein plass må grensa gå, og det må vel vera ganske høg list!?

Ja, for det er ikkje lett å tilgje – om så bare 1 gong, der det vonde og bitre har sett seg fast, og djupt.  Det svir å vera baktalt, behandla urettferdig, sendt ut i eit uføre, vera utsett for makt og overgrep, ikkje minst frå folk ein venta betre av.

Kva er det eigentleg Peter spør om?
Ja, det er jo ikkje kor mange gonger han skal tillata at andre syndar mot han.  Han spør kor mange gonger han skal tilgje. Å tilgje er ikkje å tillata, eller til og med godkjenna andre si synd og vondskap, og sei at det er greitt. 

Maktmisbruk, vold, overgrep, rasisme og mobbing skal påtalast, kjempast mot og søkjast hjelp for.  Ikkje dyssast ned med eit slags passivt ydmykhetsideal som aldri har kome frå Jesus, og aldri burde fått såpass rom som det tidlegare kunne få i kristne miljø.

Det er i alle fall ikkje ein bagatelliserande tillatelse til urett som kjem fram i evangeliet i dag.  Men det er ein radikal grenselaus tilgivelse. «Ikkje sju gonger, seier eg deg, Peter, men sytti gonger sju.»  Utenfor rekneskapsoversikt.  Ein tilgivelse som ikkje reknar på kva som er rett og rimeleg.  Det er nåde som gjeld her, ikkje rett.  Tilgivelse er trua si livshaldning.

70x7-tilgjeving
Korleis maktar me dette, når ting verkeleg svir?  70x7-tilgivelsen når andre si synd har ramma meg?  Det må dagleg bønn til:  «Tilgje oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.»  At tru og kjærleik alltid er så vertikal og horisontal som kyrkjetenaren etterlyste.  At Gud får forma og skapa det tilgjevande sinnelaget som fann vegen til den dødsdømte på Grini.  «Jau, du veit at me sjølv må be Gud om tilgjeving – og då må me også vera villige til å tilgje andre det småtteriet dei har gjort mot oss

Det er ein ubryteleg samanheng mellom Guds tilgivelse og vår tilgivelse, mellom å vera tilgitt og å tilgje, mellom å leva av tilgivelsen og å leva i tilgivelse.  Det er rett og slett å leva livet på NÅDEN sitt område, og ikkje på RETTEN sitt område.

Her er det himmelriket som gjeld, seier Jesus og konstruerer ein historie om ein tenar som har ei botnlaus gjeld overfor herren sin.  10.000 talentar, 60 millionar dagsløner.  Det er ikkje godt å etablera eit tilbakebetalingslån på slikt!  Og det er menneske si botnlause skuld for å vri seg unna å elska Gud og nesten som seg sjølv. 

Unnskyldning
Me lever i ei tid som er opptatt av formildande omstendigheter.  Psykologi og humane vitenskapar viser kva arv, miljø og ytre omstendigheter gjer med oss.  Ansvar kan lett verta pulverisert.  Skulda vert generalisert, ho er jo allemannseie, eller bagatellisert og forstått i hel.  Ikkje sjå vekk frå at dette slår ut i blassare og tammare forståing av tilgivelse både i forhold til Gud og menneske.

Sjeldan seier nokon: «Kan du tilgje meg?»  Ennå sjeldnare: «Du er tilgitt!»  Me seier meir unnskyld i vår tidskultur.  Og legg gjerne til ei forklaring: «Du forstår at ….  Og så vert det ei unnskyldning med forbehold.  Eller ein blass og verdilaus offentleg beklagelse for at nokon kjente seg såra, ikkje at eg gjorde noko beklageleg som ga grunn for å verta skuffa og såra.

Tilgjeving
Det er mykje sterkare og rettare å be om tilgivelse. Det betyr at eg erkjenner skaden, angrar feilgrepet og ønskjer å gjera opp og få til forsoning.  Og det er sterkare og rettare å gje tilgjeving til ein som har bedd om det, enn å gå og bera vidare på ei blass unnskyldning som var verken fugl eller fisk.  Den som tilgjev, legg frå seg ei bør.  Den som tilgjev, lettar ei bør hos den andre.  Det kan ta tid og lang modning, for det er bare den som tilgjev som eig tilgivelsen.

Men kva når ingen bed om tilgivelse.  Har me då plikt til å tilgje?  70x7?  Grenselaust.  Nei, ingen kan kreva tilgivelse der det som er galt, ikkje er erkjent.  Det hadde vore eit nytt overgrep eller ny skade.  Bibelforteljingar og Gud krev ikkje tilgivelse der synd ikkje er erkjent og angra.  Men det kan henda at kjærleiken til Gud, nesten og meg sjølv gjer at eg gjer eit valg om tilgje utan at nokon har klart å be om det.  Eit fritt valg i nåden og kjærleiken sitt rom. Eit valg for å setja fri.  Eit valg for å sleppa taket i det bitre som vil formørka livet viss ikkje lyset slepp til.

Liv i lyset
Å leva i lyset er større og betre enn å leva i bagatelliseringa eller bitterheten sitt halvmørke. Teksten i dag bruker ei knallsterk samanlikning for å sei noko om den enorme skulda og gjelda som Jesus valde å sona og stryka ut då han ga livet på korset.  Å grunna på ein så ufatteleg forbløffande nåde, hjelper oss til å tenkja og tru og takka.  Til å våga å leva i tilgivelse, me som får leva av tilgivelse.  Vera i nåden sitt rom og ikkje ramla tilbake til retten sin kalde justis, eller den groteske grådigheten og inkonsekvensen som vil ta strupetak på eit medmenneske for 1 / 600 000-del av det han sjølv har fått ettergitt. 

70x7 seier Jesus.  Det må sei: mykje nåde.  Alt er betalt og gitt av Gud. Raust skal eg dela vidare noko eg sjølv har fått i nåde.  Kanskje me skal våga å bera vidare ein dødsdømt si sortering av nåde og småtteri?  Og kyrkjetenaren som ventar at forholdet til Gud og forholdet til medmenneske høyrer i hop.

Nabolaga våre treng kristne som står for dette.  Me er kyrkja for Guds opne famn og for diakonien sin opne famn. 

Det gode livet med nåde
Og Josef då (1.Mos.50,14-21)!  Til slutt.  Han hadde all god grunn – med retten i hånda – til å leggja brørne sine for hat.  Dei hadde kasta han i brønnen og seld han til Egypt og ruinert livslukka til far Jakob og mor Rakel.  Men Josef levde ikkje på retten sin grunn.  Han valde nåden, å leva for å berga folk, spreia velsigning, leva i forsoning og tilgivelse.

Det gode livet.  Inni oss.  Ut frå oss.  Og kanskje få oppdaga i ettertid det som Josef såg.  At Gud tenkte og ordna til det gode, sjølv det som var tenkt og gjort vondt.  Det følgjer velsigning med 70x7-liv!

Powered by Cornerstone