Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50

Mykje tilgitt - stor kjærleik

Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?

Endeleg folk i kyrkjerommet igjen!
Sist Bryne kyrkjelyd feira open gudsteneste, var me samla rundt bålpanner utanfor.  7 kuldegrader. Godt kledde.  Veldig gildt. Men ennå gildare å vera her i gudshuset nå, vera heime og i hus.  Slik at denne dagen sitt gudsmøte får låna lys frå erfaringar og følelsar i  akkurat dette rommet. 

Me kan kle oss mindre nå enn sist.  Og det har eit godt poeng: Me skal nært på huda vår i dag. Og vera nøye med kva klede me har tettast på huda.

Naken i hagen
Ja, me møter rett og slett ein naken mann.  I tida sin morgon har Adam akkurat oppdaga at han forsyne meg er naken.  Han og Eva har gøymt seg bak tre og raska på seg fikenblad midt på. Mannen har begynt å gøyma seg alt han kan.

Skam kallar me dette.  Kanskje kunstnaren bak glaskunsten i kyrkja har fanga dette – heilt ut mot høgre.  Ein noko utydeleg mann ved sida av den atskilleg meir tydelege kvinna. Mannen med ryggen til, bortvendt, unnskyldande, naken. 

Psykiateren Finn Skårderud har definert skam som dette: Blottstillelsen av seg sjølv som mislukka, som ikkje elska.  Nokre seier at me lever meir og meir i ein skamkultur – også i den vestlege verda.  Nokre seier til og med at fikenbladet er flytta til ansiktet i dag.  Me er reddare for å tapa ansikt enn å blotta kjønnet.

Blottstilt i skam og skuld
Ein naken mann driv altså og gøymer seg i den første hagen.  I skam.  Blottstilt av seg sjølv som mislukka, plutseleg redd seg sjølv og redd Gud.  Ja, for det er ikkje bare skam.  Det er skuld.

Han slit med å erkjenna det, og finn sine unnskyldningar, han som mange andre av oss. Men skuld er det.  Han har brote eit bud. Det einaste budet, som til og med var gitt for å beskytta han og livet. Budet frå sin gode skapar.  Og då han bryt budet, ryk relasjonane som livet heng på.  Brått har han fått ein Gud å gøyma seg for og ei kvinne å skulda på.  Slik dreg skulda konsekvensar med seg.  Og han forstår det knapt, like lite han som me andre som kjem etterpå.  Skamma merkar me, men skulda er gjerne uoppdaga. Før me vert konfrontert direkte:  «Adam, kor er du?  Eva, kva har du gjort?»

Frå tida sin morgon er noko fundamentalt i menneskelivet teikna opp i Bibelen sine 3 første kapittel.  Me som er skapt i Guds bilde til å leva i gode relasjonar til Gud, medmenneske og verda, me er også skammen og skulda sitt menneske.  Med ryggen til Gud og rask med å skuva ansvar over på medmenneske. Ein naken mann som gøymer seg, er bildet på det. Til alle tider.

Påkledd i gjestebud
Og midt i tida har me flytta oss frå hagen til gjestebudet.  Der møter me ein godt påkledd mann.  Han har lært å kle seg med meir enn fikenblad.  Han er farisear.  Han har kledd seg opp med god kjennskap til Gudsordet.  Skriftlærd.  Bevandra i historien.  Særleg Guds historie med folket han har vald ut til å åpenbara sin vilje og si frelse til.  For Simon farisear var det ikkje bare ein kunnskap, men eit program.  Ein personleg forpliktelse til å leva etter Guds bud, ikkje bryta dei. Ein vilje til å leva med god moral. Eit ønskje om å stå for Guds ansikt med livet, ikkje snu ryggen til.  Ein godt påkledd mann.  Lag på lag med stoff av god kvalitetet.

I Lukas si forteljing er det ingen teikn på at dette er noko han viftar og briefer med.  Han er sosial og gjestfri.  Han innbed til gjestebud.  Det er visst ikkje så nøye med bordkorta heller.  Døra står open.  At Jesus er bedd, treng ikkje tolkast som at det er folk med prestisje som er bedd.  For Simon kunne Jesus godt ha vore ei blanding av interessant og tvilsom.  Både i utgangspunktet. Og ikkje minst etter at festen var over.  For då hadde Simon fått noko å tenkja på.  Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning?  Om den godt påkledde kan få for mange lag inn til si eiga nakne hud, og ikkje minst inn til hjarta sitt.  For den som er godt påkledd med moral og ansvar, kan lett verta sjølvtilstrekkeleg.  Og raskare til å forarga seg over andre sine feil og svakheter enn å sjå dei med hjarta, og oppdaga deira hjarta.

Det var noko som måtte bryta mønsteret i farisearen sitt gjeste-bud, slik Gud måtte bryta inn med spørsmål i Eden. Brotet var ei uventa handling og ein samtale Simon nok aldri kunne gløyma.

Ei avkledd som bryt inn i festen
Simon møtte motsatsen sin.  Den påkledde farisearen møtte ei lettkledd kvinne.  I handling blottstiller ho seg sjølv.  Avkledd. Men kva er det som er blottstilt og avkledd?

Noko var kjent der i byen allereie.  Noko som ga Simon grunn til å tru at ho var ein stor syndar og han ein liten.  Er det anger og skam ho blottstiller og auser ut over Jesus sine føter?  Du kunne tru det av tårene.  Men det må vera meir. Det luktar jo så useieleg godt i huset.  Vandrepredikanten sine føter får stell som gjer neste dags etappe lett.  Kyss og kostbar salve som luktar himmelsk og gjer vegen god å gå.  Kva er det?  Jau, det er kjærleik!  Blottstilt, avkledd kjærleik i ein total hengivelse og godhet.  Kan hende blanda med ei samrøre av skam, sorg, skuld, takk og kjærleik? 

Slik me ønskjer det skal vera ein god duft av ærleg liv når me er samla i kyrkja og bekjenner synda vår, syng bønne- og klageropet Kyrie og lovsangen Gloria, og rettar blikket og hjarta mykje meir mot Jesus enn mot oss sjølv.

Jesus kled av og kled opp
For der er den store forskjellen.  Han er den store forskjellen.  Han som tek imot både ein gjestebudsinvitasjon frå ei samfunnsstøtte og eit sensuelt fotstell frå ei tvilsom.  Han møter den påkledde og den avkledde med respekt og ope blikk.  Han møter oss der me er, og etterpå er me gjerne meir enn den me trudde me var.

I samtalen kled Jesus av den påkledde.  Det skjer både vennleg, konfronterande og pedagogisk.  Lag for lag gjev han farisearen hjelp til å la klesplagg falla.  Eitt lag er ekstra viktig.  Ikkje driv samanlikning mellom stor og liten synd, mellom moral og umoral.  Då ender du med å sjå ned på andre og plassera dei.  Du måler deg med andre og ser deg altfor lite i forhold til Gud.  Og du får så lang veg til hjarta.  Til å søkja Guds nåde.  Til å sjå andre med det hjarta som har fått kjærleik og kan gje kjærleik.

Me veit ikkje kor langt Jesus kom i å kle av den påkledde.  Kanskje det er eit av poenga i Lukas si forteljing?  At me all tid skal lura på kor langt han er komen med oss.  Og ønskja meir.

For me har fått eit blikk inn i noko som aldri skal gløymast.  Korleis ei avkledd kan bli kledd opp.  Jesus tek imot kvinna sin ordlause kjærleik.  Den veg langt meir enn Simon sine kjærleikslause ord.  Han ser at alt kjem frå hjarta og tek raust imot handlingane med sitt hjarta.

Mykje tilgitt - stor kjærleik
Og så gjev han ei tolking som er denne dagen sitt store poeng.  Kjærleiken er knytt til tilgjeving og nåde.  Tilgitt mykje = stor kjærleik.  Tilgitt lite = liten kjærleik.  Orda sagt for å kle opp kvinna i Simon sitt hus og andre av oss – og gje Simon hjelp til å kle av eit lag som hindrar både nåden og kjærleiken.

Nå er det sagt i dette huset.  Guds hus ope i dag.  I gjestebudet der alle er innbydd utan bordkort.  Der me kjem med alle slags påkledningar. Alle slags lengslar. Til og med gode intensjonar og visjonar om å  vera den opne famns kyrkje.  For gode relasjonar. Til og med opne for det ærlege, uhøyrde og blottstilte i kyrkja.

Ikkje gløym ein ting. Sagt av Paulus: Alle som er døypte, er ikledd Kristus.  Det trumfar andre påkledningar – eller mangel på slike.  I trua på han finst det som dette gjestebudet og livet etterpå treng.  Ein nåde som byter ut skam med å vera elska, og byter ut skuld med å vera tilgitt.  Det vert det stor kjærleik av.  Til Jesus.  Og til dei andre!

Powered by Cornerstone