Kor er du, Gud?
Tekstmeditasjon på kveldsbøn i temaserie om tidebøn hausten 2020. Jesaja 57,14-16

Kor er du, Gud?

Eg trur ikkje at Gud er lenger og lenger vekke dess vondare me har det. Han er nærast i smerten. I natta. Gud bur i det knuste hjarta.

T  1989 Liv Nordhaug
M  1990 Svein Møller

1 Når natten fyller dine rom og dine tanker,
og alle lys er sloknet, ett for ett,
da kan det skje du møter midt i mørket
det himmellys du glemte du har sett.

2 Når sorgen lammer dine ord og dine hender,
du gråter i en avmakt uten håp,
da kan du varsomt løftes midt i smerten
av ham som du ble gitt til i din dåp.

3 Når tvilen herjer dine hegn og dine hager,
så vårens vekster rives opp og dør,
da kan du se at noe fortsatt spirer,
et himlens liv som er blitt plantet før.

Det hender at natt ikkje bare er god og nødvendig kvile.  Det hender at natt er ein metafor for det som er mørkt.  Ei erfaring: Nå er det lite lys å sjå.  Ein angst for at det skal fortsetja slik lenge, og lyset og dagen er langt unna.

Me har sunge ein salme om slikt, om natt som fyller rom og tankar, men også eit lysskjær av håp, av nåde, av himmelliv som er planta i dåp og ber i seg håp.

Mørk november
November 2020 har eit djupare mørke enn dei fleste novembertidene me kjenner.  Eit lite virus herjar hardt i bølge nummer 2. Det skaper stor uro og usikkerhet, for psykisk og fysisk helse, for levebrød og framtid, for det normale livet me så gjerne vil leva.  Ei natt fyller rom og tankar på jorda og i hjarte.

Kor er du, Gud?
Mange spørsmål!  Eitt av dei slepp me fram nå.  Det ligg fort i løypa, og nå kom det med bibelteksten for i dag:  Kor er du Gud?
Er du der i det heile, når slikt kan ramma?  Er du for langt vekke frå det som hender?  Me slit med dei vonde gåtene og er midt i ei av dei. Det er vondt å finna meining og veg, slik som tru og håp gjerne vil, og søkjer Gud for.  Men kor er du Gud?

Me får høyra godt etter kva profeten sa i ei anna mørk tid på jorda, då ting var vondt å forstå og leva i.
Høyrer me at profeten og gudsordet - denne siste sundagen i kyrkja sitt år - visst skildrar Gud på 2 adressar? Den eine adressen kan eg finna han på. Den andre må eg bare vita om. Desse 2 adressane som er Bibelen sin røde tråd. Aller tydelegast i ordet som vart lese, frå Jesaja.57,15:

«I det høge og heilage bur eg, og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.»

Adresse i det høge
Gud har adresse i det høge og heilage. Langt over og utanfor vår tanke. Fromme teoriar og uangripelege teologiske fasitar strekk ikkje til. Å søkja Gud gjennom det å sjå meining i det som ser meiningslaust ut, er å søkja Gud på feil adresse. Gud bur i det høge og heilage.
Han er ikkje tilgjengeleg når me vil ha logiske forklaringar i A4-format. Vil eg ha Gud til å forklara livet, eller avviser eg han på grunn av alt eg ikkje forstår, ja, då er det ikkje Gud eg er i kontakt med. Bare ein bleik idè om Gud. For Gud har ikkje adresse i min tanke. Han bur i det høge og heilage, og den Gud eg forstår, kan eg aldri finna.  Men det er godt å vita om adressen hans i det høge og heilage, å vera åpen for at han kan ha sine vegar der me ikkje ser veg!

Adresse i det låge
Men den andre adressen kan eg finna Gud på. Eller rettare sagt: Der er det han som finn meg og oss. For han har adresse hjå den som er knust og nedbøygd i ånda, har eit sundbrote og knust hjarta.  Der bur Gud. Det er ikkje slik at Gud er lenger og lenger vekke dess vondare me har det. Han er nærast i smerten. I natta.

Gud bur i det knuste hjarta. For Gud er Jesus. Jesus som grein med Lasarus si grav. Jesus som har levd vårt liv, elska våre gleder, grine våre tårer. Men mest av alt: Bore våre bører. Knust av våre mørkaste sider. Sona all synd. Stått opp av ei grav, så den lysaste morgonen kom, med håp over alle mørke netter.

Det er den Gud eg og du kan finna. Jesus. Ikkje for å få livet forklart, men for å få det forankra!  Gud er nær. Heilt nær. Så nær at me kan finna vår beste adresse hos han.  For det viktigaste for oss også – kven me enn er - er kor me er. 

Kor er eg?
Heilt frå Gud vandra i Edens hage etter at kunnskapstreet sto med ei frukt for lite, har Gud sitt spørsmål vore:  "Adam, kor er du?"  Jesus har gjort det muleg å gje eit anna svar enn Adam si veike unnskyldning.  På grunn av Jesus kan du sei:  Eg er i Herrens hender. Alltid.  Eg vil bruka kveldsbønna til å minna meg om det inn i alle netter.  For Gud som bur i det høge og heilage og i det knuste hjarta, han held om meg og lar meg leva i sin fred. Og kvila i freden. Og fara herifrå i fred. Så høgt elskar han meg.

Powered by Cornerstone