Ja-tog og nei-tog
Lukas 7, 11-17 Konfirmantpresentasjon 17.sundag i treeiningstida 2018

Ja-tog og nei-tog

Mykje folk var med.  Me vil vera slike folk.  Kyrkja vil vera det.  Me vil vera slike som Jesus var mest av, slike som har inderleg medkjensle og stoppar opp og går heilt borttil og trøstar.

«Mykje folk var med»!  2 gonger er det sagt i den hendinga me nettopp høyrde. Mykje folk var med Jesus og disiplane hans på vegen til landsbyen Nain.  Mykje folk var med ei sørgjande enke og dei som bar den døde sonen hennar til grava.  2 folketog. 

Dei som fulgde Jesus, var glade.  Dei hadde nettopp sett at han helbreda ein sjuk gut, og jubla og fulgde han. 

Dei som fulgde enka, var triste.  Dei visste ho hadde mista alt, då den einaste sonen strauk med. Det var ikkje bare sorga som plaga, men ei vanskeleg framtid med fattigdom. Ho var ribba!

Tog av folk
Mykje folk.  2 folkemengdar.  Eit ja-tog i glede.  Eit nei-tog i sorg.  Det eine inn mot byen i takk for livet.  Det andre ut av byen med den døde og tårer.  Dei trefte kvarandre i byporten.  Det kunne jo gå forferdeleg galt!  Korleis taklar dei glade å møta dei som sørgjer?  Korleis greier dei sørgjande å treffa på dei glade?  Må nokre slå augene ned og sjå vekk?

Mykje folk var med Jesus.  Mykje folk var med enka.  Mykje folk er her!  Me er gjerne med i eit folketog her i dag også.  Nokre strøymer til kyrkja slik dei pleier på sundag.  Nokre startar på eit konfirmantår som ikkje er som andre år i livet.  Nokre startar på eit liv som døypt og feirer ein stor dag i slekta med stor takk.  Det er vel helst ja-toget me kjenner oss mest igjen i, i alle fall nå.

Døden så nært
Men me også havnar i nei-toget.  Eller får døden så nært på at me må vera med i gravfølgjet eller sørgjer på avstand.  Plutseleg kjem døden så nært.  Han stig ut av CSI og «Mord og mysterier» og dataspel, og er ikkje det spor spennande og underholdande.  Døden er bare fæl.  Vond.

Eg var nettopp i hop med mykje folk prega av sorg.  Det gjer eg jo ofte, men denne dagen var spesiell.  Det var ikkje i kyrkja, men i konserthuset i Stavanger.  Full sal.  Fullt symfoniorkester.  Spede og nakne stemmar frå ei stor sorg.  27.mars 1980 vart det norske oljeeventyret eit mareritt.  Alexander Kielland-plattformen kantra i Nordsjøen. 123 omkom, 89 overlevde.  Den største industriulukka i Norge, men det var ikkje det store omfanget som rysta mest i konserthuset.  Det var stemmane til dei som var berørte, lese opp av skuespelarar frå teateret.  Stemmane om det dei tenkte og opplevde, dei som trudde at siste time var komen, hoppa i sjøen, klamra seg til vrakgods og livbåtar på hovudet, tenkte på sine, var så nær å redda ein kamerat, men klarte ikkje.  Stemmane til dei som var tettast på, hjelparar som berga og dykkarar som fann omkomne på havbotnen.  Og så dei som mista, småguttar og tenåringsjenter som mista sin einaste far, og koner som mista både mann og framtidsutsikter.  Så ufatteleg mange stemmer om tap. Det som vart så vanskeleg, det som vart så viktig. Knust og trøblete framtid i Nain for lenge sidan, og i Norge for ikkje fullt så lenge sidan.  I konserthuset med mykje folk som var der, var alle gripne så det sokk i kroppen når stemmar fortalde, og instrumenta framførte sorga, desperasjonen og håpet sin musikk.  

Medkjensle i nære tragediar
Me kan og skal ikkje lukka auge og øyre når døden og sorga rammar.  Jesus fekk inderleg medkjensle med enka.  Mykje folk gjekk i toget og klaga med henne.  Det er slik å leva.  Å stoppa opp og føla med når nei-toget kjem.

Det er jo ikkje fjernt.  Me misser nokon alle.  Me kan ikkje tyna helsevesenet til å avskaffa døden.  Han kom nært mange på Jæren i sommar.  Skulepultar vart ståande tome. Ulukke og tragedie.  Og mykje folk var med.  Ungdommar samlast på Lye og var i hop i sorga.  Trøst til dei næraste.  Og Varhaug slo ring om bygda si.  Og folk hjalp og skaffa hus til dei som mista det i flammar.  Mykje folk var med.  Me vil vera slike folk.  Kyrkja vil vera det.  Me vil vera slike som Jesus var mest av, slike som har inderleg medkjensle og stoppar opp og går heilt borttil og trøstar.

I konfirmasjonstida skal me læra av Jesus.  I kyrkja vil me gjera det kvar sundag.  Men me kan ikkje gjera det same som han. Ingen kan stoppa eit gravfylgje og sei at ein ung mann skal stå opp, om me aldri så mykje skulle ønska at me kunne gje ein ung mann tilbake til mor si og snu eit nei-tog til eit ja-tog.

Det er det bare Jesus som kan.  Han gjorde det ein sjeldan gong.  Så stor var medkjensla.  Og så viktig var det å gje oss eit stort hint.  At det fins ein seier over døden, som faktisk er tilgjengeleg for alle.  Det er heilt utruleg.

Men altså: Kvinner gjekk til Jesus si grav ein dag.  Dei fant ho tom.  Steinen var velta frå.  Dei hadde gått til grava i sørgetog, nå sprang dei i eit ja-tog som breidde seg alle vegar og ikkje lot seg stoppa av noko.  I dag er ja-toget her.  Jesus har knekt døden. Den som trur på han, skal leva sjølv om han døyr.

Nye gravferdsskikkar
Enka som miste sonen var fattig, slik dei fleste i Nain var.  Døden var eit vondt tabu. Skulle fattige få ei grav, måtte det vera utanfor byporten, langt vekk frå dei levande.

Etter at Jesus sto opp frå dei døde, forandra dette seg.  Det vart ikkje gjort forskjell på dei døde i kristne forsamlingar.  Gravplassane vart plassert i eller rundt kyrkjene, tett på.  Ingen grav måtte ut av syne.  Kristne såg på døden som ein søvn og ei ventetid til den store oppstandelsen.  For kyrkja forkynte Jesus sin seier og dei døde sin oppstandelse.

Dei hadde sett han li og døy som ein fornedra korsfesta.  Dei møtte han i levande live.  Dei hadde stukke av frå han skamfulle og redde. Nå såg dei at han hadde elska dei til det siste, til og med i skamma og skulda deira.  Han er frelsar.  Han kan berga oss frå det verste.  Han lever, og me skal få leva!

Å bli med i ja-toget
Me er mykje folk som trur dette og går og ber på eit levande håp.  Det er eit ja-tog på veg inn og ut av byar, inn i sorger og andre nei-tog. Inn med medkjensle og den vesle trøsta som me menneske kan bidra med.  Men aller mest i følgje med han som går i spissen for ja-toget som ikkje går forbi, men som kjem med håpet.

Konfirmantar:  Me skal finna ut meir om ja-toget dette året, og sakta eksperimentera litt med å prøva det ut.  Ja, for det er toget for alle som er døypte til å tilhøyra Jesus.  Han reknar med oss og vil ha oss med.  Han som er grunnen til det me song i dåpssalmen:  «Og ved tidens grense lever fortsatt dine løftesord ved døpefonten.  Dåpens lys forblir når livet slukner

Er det til oss Jesus seier «Gråt ikkje!» og «Stå opp!» i dag?
Å høyra Jesus sin stemme, gjer at livet ikkje er det same. Det er ikkje sikkert at Jesus gjer akkurat det du vil han skal gjera, men trur du at han har makt til å gjera noko med smerten din, då er det han du treng.  For når han får del i det vonde i livet, då vil han setja deg i stand til å gå ut av det også.  Det er heilt likt med det som hende for enka i Nain.

Jesus gjer død til liv og sorg til glede heile tida.  Sørgjetog vert jubeltog. Bare følg han! Bare vent og sjå!

Powered by Cornerstone