Ny pakt for alle tider
Skjærtorsdag 06.04.2023 - Matteus 26,17-30

Ny pakt for alle tider

Det siste bordfellesskapet. Fortetta stemning. Dirrande øyeblikk. Opptur og nedtur. Fellesskap og svik. Tradisjon og nytolkning. Gammalt og nytt. Historie og nå og framtid i ei og same stund.

Sjå, eg går opp til Jerusalem”, sa Jesus. Og så gjekk han. Sjølv om han visste kva som venta han. Inn i byen på eselrygg gjennom portal av viftande palmegreiner og jubelrop. Dei skulle bare ha visst det han ante. Inn på tempelplassen gjekk han, så det alltid seinare skulle stå spikra at templet var eit bønnehus og ikkje ei røverhole av kjøp og salg og utdaterte offerhandlingar.  Inn i diskusjonar gjekk han - med religiøse ledarar som bare vart meir og meir provoserte og oppsette på å ta han av dage. Inn i dei siste timane i hop med venner og disiplar. Inn i den gamle pakta si største høgtid. Då dei mintest at Gud gjorde dei til sitt folk.  Inn i tradisjonen med påskemåltidet. Inn i tanken på svikaren som duppa i same fat.  Inn i Getsemanehagen og den avgjerande viljeskampen og den siste stunda som fri mann.

Likevel gjekk han inn i det
Alt dette ante han. Han såg kva meir som skulle koma når denne kvelden ebba ut. Likevel gjekk han inn i det. Sjølv om han visste.

Dei som la seg til å sova i grenseområda mellom Syria og Tyrkia 6.februar visste ikkje kva som kom. Jordskjelvet ramma, med episenter i Antakia, i byen som eingong var den store sendemenigheten for misjon, for den nye pakta med Gud for alle folkeslag. Innbyggarane ante ingenting om skjelvet som skulle rasera byen og skjula tusenvis i ruinar. Hadde dei visst, ville dei ikkje ha vore der.

Men Jesus visste. Likevel drog han opp til Jerusalem og gjekk inn i alt det som venta.  Ikkje for seg sjølv, men for oss. For meg og deg og alle som lever mange typar sårbare liv.
Han gjekk inn i det som bare han kunne gjera:
Såra for våre brot, sundbroten for våre synder.
Straffa låg på Han for at vi skulle ha fred
og ved hans sår har vi fått lækjedom.

Ennå ei påske skal dette få tid og rom til å arbeida i oss, gje oss ein takk og ei tru som gjer livet verd å leva og tanken på døden til å bera. For så mykje betyr det at Jesus lid og døyr – til alle tider.

Siste bordfellesskap
I kveld ser me Jesus dei siste timane som fri mann. Det er måltid.  Slik var det ofte. Fellesskap  mellom venner. Sjeldan får du sagt tydelegare kven det er som betyr noko for deg – og kven du vil dela dei viktige stundene med – enn når du held måltid. Me veit det. Kva julemiddagen betyr. Jubileet rundt veldekka bord. Dagar som skal feirast – eller bare ein minnerik kveld blant venner.

Men aldri var det nok som denne kvelden då Jesus visste og dei ante. Den siste av kveldar. Det siste bordfellesskapet. Det vondaste er i vente, det beste er akkurat nå. Fortetta stemning.  Dirrande øyeblikk. Opptur og nedtur. Fellesskap og svik.  Tradisjon og nytolkning. Gammalt og nytt. Historie og nå og framtid i ein og same situasjon.

Midt mellom svik og søvn
Når Matteus fortel sin versjon av denne siste kvelden, står innstiftinga av den nye pakta sitt måltid i sentrum. Innramma av Judas sitt svik og Peter, Jakob og Johannes sine trøtte auge og veike menneskenatur når det skal våkast og be i Getsemane.  Men det er nattverden i midten!  Den store gaven frå Gud i sentrum for det feilande og sviktande i mennesket. Det er sånn me skal sjå det i morgon også – tvers gjennom den lange fredagen. Gaven frå Gud midt i all småleghet og vondskap i menneskeheten. Men altså først i kveld. 

For det er jo slik at svik og sløvhet og alt anna som er veikt og vondt med mennesket forandrar seg lite.  Noko kan kanskje forbetrast og foredlast.  Noko kan kanaliserast inn i betre spor når forholda dreg med og ikkje imot. Noko kan kunnskap og omsorg utretta. Men grunnskaden i mennesket er konstant.  Eg vil alltid finna nye og kreative måtar å få meg sjølv i sentrum og setja Gud og medmenneske på venterom og det som verre er. Alltid vil det vera noko som sender hjarta og tankar andre veger enn til Gud og medmenneske. Er det ikkje som Judas, er det som dei 3 i Getsemane. Er det ikkje svik, så er det sløvhet. Er det ikkje sølvpengar og anna gods, så er det andre fristelsar for ein veik menneskenatur. Er det ikkje skuffelse over at Gud ikkje stiller opp for mine planar, så er det å konstatera at eg ikkje maktar å stilla opp der eg veit han bed meg om å vera.

Gamle spor i menneskehjarta
Det ser ut for at det er sånn det er! Det ser ut for at det vart vanskeleg for Gud å gjera noko med dette gjennom den gamle pakta. For den kvilte ikkje bare på han, men også på menneske.  At dei heldt hans bud. At dei bar fram offer for syndene sine. 

Så kjend som Jesus vart med menneskehjarta, må han ha sett at dette ikkje kunne nytta. Så kjend som han var med Guds hjarta for dei som vert tråkka ned av andre, må han ha innsett at her må det eit oppgjer til. Her kan det ikkje bare glattast over frå Gud si side. Her må synd sonast for. Her må det skje ei forsoning. Her må dommen fellast over ein for at alle skal kunne gå fri.

Nytt i Guds hjarte
Nå skal noko nytt skje hos Gud!  Måtte det bare få eit gjensvar hos oss! Me som Gud så nødig vil gje opp og gje slepp på!

Derfor brukar Jesus ikkje siste kvelden til å innskjerpa nye arbeidsoppgavar. Han gjev ein gave. Slik han dagen etter skal gje seg sjølv som offer, slik gjev han nå eit måltid med ein rein gave.  Eit måltid som tolkar og inneheld det verket han nå skal fullføra med sin død og oppstandelse. Ei ny pakt er oppretta. Gud har i Kristus forsont verda med seg sjølv. Ei ny pakt som byggjer på nåde åleine, ikkje på krav. Ei pakt som kviler på Guds hjarta og ikkje vårt.  På det han har gjort for oss, og ikkje det me kan gjera. På Guds natur, ikkje på vår. På Guds kjærleik, ikkje på vår karakter.

Påskemåltidet
Sannsynlegvis feira dei påskemåltid slik alle jødar gjorde.  Førebuingane tyder på det.  Påskelammet var slakta i templet.  Prestane sørga for at blodet vart stenka på altaret.  Familiane og vennekretsane steikte sitt påskelam og heldt måltid. Ikkje eit vanleg måltid, men eit rituelt. Med brød og vin. Med bønner og skriftlesingar som førte dei tilbake til utfriinga frå Egypt og inn i paktsløftet at Gud for alltid ville vera deira Gud. Det var både fortid, nåtid og framtid over måltidet. Dei huska korleis Gud hadde ført dei ut av Egypt. Dei aktualiserte at dei sjølv nå er Abrahams barn og ingen sine slavar. Dei venta på det som skulle koma når Gud skulle senda sin Messias. Den store frelsetida skulle koma.

Så ser me kanskje for oss Jesus og disiplane i salen i Jerusalem. Gjer de? Noko er som det alltid har vore. Kvar påske! Og noko blir som det aldri har vore, men alltid skal verta. Ny påske!

Ny pakt
Kunne dei ta imot det som skjedde der og då? Ikkje godt å seia!  Sannsynlegvis ikkje. For det var så uhøyrt nytt. Situasjonen så overveldande.  Dei høyrde jo godt dei vanskelege orda om det sundbrotne brødet som var Jesu kropp.  Og vinen som var blodet som skulle renna.  Det var ord og varsel om ein død dei ikkje forstod. Ja, dei verken ville eller kunne forstå.

Men det var også overveldande ord om ei ny tid. Ei tid etter Jesu  død og oppstandelse. Deira tid. Vår tid. Deira liv. Vårt liv. Når me treng å halda fast på det Jesus har gjort for oss. Når me treng å merka at akkurat nå er Jesus her, levande til stede i livet mitt. Når me treng mot og hjelp til å sjå framover mot målet.

For nattverden er alle desse 3. Historie. Nåtid. Framtid. Jesus ga.  Jesus gjev. Jesus skal gje. Den historien som er grunnlaget for trua. Det akkurat nå-et som held meg oppe i trua. Den framtida som Jesus ber ansvaret for. Der er alle tider sitt tidsperspektiv over nattverden!

Derfor er det ein kveld som ingen andre nå.  Også når me har måltidsfellesskap på skjærtorsdag. Noko er fortetta stemning som det må ha vore då Jesus og læresveinane sat der. Det vert så nært. 

For alle tider
Først fortida: Kva Jesus har gjort. Den nye pakta med Gud som er grunnlagt på det han gjorde då han gav livet sitt. Fast som fjell står det. Gjort ein gong for alle. Skal aldri måtta gjentas.

Så nåtida: At Jesus er her. At me meir enn gjerne treng alle bekreftelsar me han få. All krafta me kan få. All styrken til å verta bevarde i trua og veksa i omsorg og kjærleik. Dette er ikkje gjort ein gong for alle. Det kan gjentas i det uendelege. For me kan ikkje få Jesus for nær oss.

Og så framtida: At me ein dag skal feira dette måltidet i hop med han ansikt til ansikt. Nytt måltid. Nyare enn me kan førestilla oss.  For me er nye. Tilværelsen er ny. Bare Jesus er som han er.  Og sløret som hindrar oss i å sjå han, er vekke!

I kveld er det me som er meir enn velkomne til bords.  Sjølv om det er mykje me ikkje forstår, så er det jo med nattverden slik som med det andre me et og drikk. Det vert ein del av oss.  Og dette er det beste! Jesus for oss. Jesus i oss. Og Jesus framfor oss. Kvar dag. Heilt til den dagen me skal innta vår plass rundt det store himmelbordet.  Den gleda er det fint å smaka på!

Powered by Cornerstone