Gleda som lyftar dei låge opp
4.sundag i adventstida 2022 - Lukas 1,46-55

Gleda som lyftar dei låge opp

Når nyfattigdom aukar, trengs dei ekstra, håpet sine ord om Gud som lyftar opp dei låge.  Når flyktningestraumar aukar, når folk i okkuperte byar frys, når matkøane aukar, trengs det å sjå verda gjennom Maria sin lovsang til Gud som lyftar opp dei låge

Maria i dag. Eit innblikk i hennar liv den siste adventsundagen før ho føder gutten som skal snu opp ned på heile verda.  Maria er gripen.  Sterke emosjonar føder ein lovsang, før den fysiske fødselen skal i gang. Ho har hatt besøk av engelen Gabriel.  Høyrt at ho har funne nåde hos Gud.  At ho skal bera Guds son inn i verda. Med skjelvande stemme seier ho seg villig, vågar å tru at ingenting er umuleg for Gud. Ho skundar seg til slektningen sin Elisabeth for å bearbeida den store beskjeden og underet med det som veks i magen.

Der får ho bekreftelse og støtte av Elisabeth.  Orda er store: ”Du har fått den største tenesta ei kvinne kan få.

Maria sin lovsang
For Maria vert dette så sterkt at ho måtte takka Gud.  Ho syng ein lovsang.  Lukas har bevart han i Bibelen, han vert sungen og bedd i kyrkja sine faste tidebønner, han formar stadig hjarte, han pregar det me trur om Gud og framtida.

Og han er ein lovsang!  For gleda sin adventssundag er ikkje bare lange linjer og løfter som vert oppfylte, det er lovsang.  Takk til Gud.  Hjarte som flyt over med ord over lepper og tonar i strupen.

Oppgradert av Gud
Gud lyftar dei låge opp, syng Maria.  Han ser dei små og gjer store ting mot dei.  Slik opplevde Maria det i sitt liv.  Ho har erfart det.  Ho er sjølv ein av dei låge, ei anonym ungjente i ein bortgøymt liten landsby som heiter Nasaret. Men nå skal ho verta mor til Guds son!  Oppgradert av Gud som lyftar dei låge opp.  Ho har erfart det og trur at slik er Gud overalt og til alle tider.

Maria begynte å syngja før gutten sine spark i magen kunne registrerast. Ho såg livet sitt i hop med det som Gud hadde gjort til alle tider.  Ho tolka si forteljing inn i bibelen si store forteljing.  Gud er trufast. Gud held ord.  Det som folk har lengta etter i lange tider, det skjer nå i Maria sin mage.  Det må bare lyftast fram gjennom Maria sin munn.

Livsmot for Noomi
Det same hadde den gamle kvinna Noomi gjort mange hundre år før.  Ho sat med Rut og Boas sin nyfødde gutt og la han på fanget.  Det vart så nært.  At Gud var trufast.  At ei plaga gammal kone hadde fått framtid og håp, vorte fostermor, når alt anna var tapt.

For Noomi hadde mista alt.  Flykta til nabolandet i uår og elendighet.  Mista mannen sin der, så begge sønene.  Nedbroten og åleine vil ho heim til Betlehem og enda sine dagar.  Og så får ho fylgje av Rut, svigermors draum.  Lukka smiler igjen.  Gud kjem med velsignelsar og gleder etter mange år med motgang.  Livsmot i alderdommen, ho er fostermor med ein gut på fanget. 

Noomi med ein son.  Rut med ein mann.  Ho som hadde vore ein fattig utenlandsk flyktning som plukka kornrestar på ein åker.

Forteljingar som trengs i år
Eg lurer på om me treng desse forteljingane ekstra sterkt denne jula.  Når nyfattigdom aukar, trengs dei ekstra, håpet sine ord om Gud som lyftar opp dei låge.  Når flyktningestraumar aukar, når folk i okkuperte byar frys, når matkøane aukar, er det eit driv til sjå verda med Maria sitt blikk, som ber i seg Gud sitt blikk.  At dei svoltne vert metta med gode gåver og dei rike skal stå med tome hender.  Det vert ord til oss om å dela, om å vera gjestfri, om sjå det som skjer med Maria sine auge.  Den store gleda lyftar opp dei låge.  Ho gjer det nå.  Ho gjer det gjennom gjestfrie, varme hjarte.  Ho gjer det ved verda og tida sin ende.  For Gud lyftar dei låge opp.

Sterke kvinner
Ein ting til som ikkje er tilfeldig i dag.  Det er sterke kvinner som ber desse lange linjene, som oppfyller løftene, som lovsyng om han som lyftar opp dei låge.  Dei er sterkare enn sterke menn.  Stormenn skal støytast ned frå truna.  Dei gjer så ofte det stikk motsette av det som Gud gjer.  Dei ber makta og lysten sin kalde logikk i auge og hjarte.  Det gjer ikkje så lett dei som har bore eit barn under hjarta. 

Lovsang i kamp for ei betre verd
Ho som ber Guds eigen Son der, ser klarare og varmare enn nokon.  Så det er på tide at Maria sin lovsang snart vert ein seierssang i verda, ikkje bare ein profetisk sang.  Måtte han i våre dagar ikkje drukna i nasjonalisme i russiske katedralar, men finna vegen like til Kreml.  Ja, må Gud spreia dei som ber hovmodstankar i hjarta, støyta den slags stormenn ned frå trona og lyfta opp dei låge.  Det er nok nå, av folk som frys og svelt og får kuler i kroppen.  Me vil høyra Maria sin lovsang i alle gode kampar for ei betre verd. Og me er ikkje dei første.

Lovsang har kraft i seg.  Me veit det me også, kva som grip sterkast i desse dagane når mykje skal gjerast og rekkast over før jul.  Det er poesien, tonane og julesangane som får oss til å stoppa opp og kjenna kva som verkeleg tel.  Lovsangen ber med seg dei lange linjene og lyftar plutseleg oss låge og smålege og stressa opp til noko som tel meir.

Del i den store forteljinga
Snart er det jul.  Denne jula får me møta med Maria sin lovsang inni oss.  Vår vesle livsforteljing vert løfta inn i bibelen si store forteljing, dei lange linjene.

Saman med Maria kan me prisa Gud med eit konsentrat av det som Guds folk i århundre har sunge i tempel, synagogar, heimar og kyrkjer.  Ein lovsang med lengt.  Ta del i dei lange linjene, den trufaste Gud som lyftar dei låge opp og sjølv kjem som ein av oss: "Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar…»

Powered by Cornerstone