Vi såg hans herlegdom, når...
Det endar med eit vi! ”Vi såg hans herlegdom!”
Kven er ”vi”? Er det oss nå? Er me rett og slett målet for Johannesprologen sitt enorme sveip over tid og rom, historie og evighet, mørke og lys, skaping og frelse. ”Vi såg hans herlegdom!” Er det konklusjonen, målet, poenget, responsen? Er det dit me skal førast denne juledagen? Ja, kvar gong dei første linjene i Johannesevangeliet opnar døra til mysteriet Gud, til alt som Gud vil nå oss med, berga oss frå og løfta oss inn i.
”Vi såg hans herlegdom!” Gjorde me det? Kva tid då? Korleis?
1. Var det nå? Når verselinjer og musikk får røra med oss. Himmelske tonar driv jo og fyller øyregangane heile jula. Kanskje dei er augene me ser Jesu herlegdom med? For mange er det musikken som opnar blikket. Julebudskapet får ikkje heilt tak i oss før tonane smyg seg inn med vare instrument, eller trengjer seg på med feite gospeltonar eller mektige oratorium.
Eller er det andre sider av kunsten som opnar auga og gjer at me får sjå Jesu herlegdom? Bildande kunst? Litteratur? Julekrybber? Eg fekk sjølv oppleva julemesse i Dresden og veldig sterke håndverkstradisjonar med julemotiv sørover mot Erzgebirge for eit par veker sidan. Lysfest, verdens finaste forteljing i figurar, trearbeid og lys på lys. I kunsten ser me det for auge og festar det i følelsar. Maria med barnet? Barn som spelar og framfører? Adventsmessa «Fest i Guds hus»?
Eller er det poesien som treff? Poesien med rytme og bilde-skapande ord tek tak. Johannesprologen er poesi, rytme, musikk i seg sjølv og treffer oss på kanalar andre slags ord ikkje gjer.
Eg veit at mange oppdagar Jesu herlegdom gjennom kunst- og kulturbriller. Kunsten i kyrkja her gjer noko med oss! Og kven har ikkje kjent at barnetru og kunnskap om Jesus vart fornya langs kulturelle veger. Har det skjedd denne jula? Kanskje i dag? Vi såg Jesu herlegdom i kunsten sitt uttrykk og inntrykk?
2. Eller: Var det når me såg lyset vinna over mørket? Vi såg Jesu herlegdom i alt det gode som følgjer Jesu navn. Me treng det ekstra i urolege tider som set støkk i oss og lett tappar motet. Dette året i kyrkja har me hatt mange kveldar med open kyrkje. Tent lys. Latt lyset vinna over mørket. Festa skriftord i sinnet: Gud ga oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men kraft, kjærleik og visdom.
Det er visst nok av folk som ergrar seg grøne over alt som er mørkt og galt og seier at Gud neppe er både god og allmektig. Andre av oss tykkjer at det gode si gåte er vel så stor som det vonde si gåte er. Johannesprologen har fått ei god omsetjing om det i vers 5: Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.
At godheten fins, er ikkje det eit større gudsbevis enn vondskapen er det motsette? Er ikkje inspirasjonen frå Jesu liv og forkynning eit større lysglimt i historien, enn alt det vanskelege og vonde som er gjort, også i Jesu namn, eller i kyrkja sitt namn?
Neste år feirer me Stavanger bispedømme sitt 900-årsjubileum. På fleire måtar, her, og ikkje minst i domkyrkja. Forhåpentlegvis ærleg om godt og vondt gjennom desse hundreåra. Men ingen kan underslå at kristen tru og etikk har hatt ei avgjerande positiv påvirkning på samfunnsutviklinga, og på livsmot, tru, håp og kjærleik for enkeltmenneske.
Kampen mellom lys og mørke er beinhard. Krigar rasar og herjer på uforståeleg vis. Me står midt kampar, kriser og vanskeleg val nokon kvar. Rett som det er. Men i dag høyrer me: Mørkret har ikkje overvunne lyset. Lyset finn vegen nettopp der det er mørkt og trøblete. Midt i nattens mørke blinker som et fyrlys Jesu navn.
”Vi såg hans herlegdom” når me såg lyset vinna over mørket!
3. Eller var det når me såg skaparverket i sin storhet?
Nokre får sterke, mest religiøse stunder i naturopplevingar. Bare høyr på ein entusiast som fortel! Eller synk ned i sofaen til film om blå og grøn planet. Eller dra fram dine eigne stjernestunder på ein fjelltopp eller ei strand. Kanskje havna ei av dei i julebrevet. Eller gle deg til neste årtidsskifte når nakne greiner vert knuppar, bladfargar og blom viser vår og sommar og hausten si grøde. Skaparverket har dimensjonar og mysterium som tanken stadig kan utforska og livet bare få perspektiv av.
For nokre er skaparverket ein døropnar inn til Jesu herlegdom. Det er den døra Johannes opnar på vidt gap i evangelieprologen sin. Han kallar Jesus Ordet. Det skapande ordet hos Gud i opphavet før og når alt vart til. Svimlande perspektiv! Min Jesus på halm og strå i krybba og på korset sitt nakne tre, var med i viljen og krafta bak alt liv. I skapinga sin morgon var Jesus i all sin herlegdom og med heile sin kjærleik.
Dette budskapet treng eg, og verda treng det. Det gjev ein dimensjon av tru og håp som utfyller vitenskapen si utforsking. Som finn skaparen i det skapte og meg sjølv som elska og tiltenkt. Bibelordet held fram det vitenskap ikkje kan sei, og som me små på jorda ikkje alltid kan lesa ut av historien sin gang heller. Gud ville verda og han ville meg. Ingen av oss er tilfeldigheter. Me er skapt, sett og elska av Gud. For Jesus var og er der alt vert til! ”Vi såg og ser hans herlegdom.” Johannes utvider trua vår og gjer ho ikkje forlegen.
Ein konsekvens:
Jorda er gammal, menneske ungt. Tek me dei milliardar åra vår klode har vore til, og reknar åra om som om jorda har eksistert i 365 dagar og netter, så har det moderne mennesket vore her i dei siste 20 minutta. Det er eit lite pip av ei preik mot eit heilt år. Tenk så mykje tid, og ikkje eitt menneske. Ikkje ein mennesketanke. Ikkje eit menneskeprosjekt. Men var jorda øde og tom? Nei, då! Ei svimlande mengde soloppgangar og månenetter over eit myldrande plante og dyreliv. Verda var vakker og bare Gud såg at det var godt, til han valde å skapa mennesket og dela gleda over det vakre med oss.
Det er ikkje rart at kyrkjene ropar høgt i hop med miljørørsla, og at me feira jordmesse saman med Jorddøgn i haust. Korleis kan me la vera å sei at i dei siste ti sekunda av jordkloden sitt år har me menneske klart å gje jorda feber, og sånn kan me ikkje ha det. Det står om framtida for jorda sine fattige og dei som kjem etter oss. Det er ikkje bare eit miljøteknisk og politisk spørsmål, det er djupt moralsk og religiøst.
Kyrkja har eit kall til å ropa om det skaparverket som Jesus var opphavet til. Som Jesus døde for å setja fri. For alle ting skal verta nye når Guds barn, dei som er fødd av Gud, skal verta det fullt og heilt når heile skapningen skal setjast evig fri. Dette er håpet. Paulus kallar det herlegdommen. Den som evangeliet for i dag sluttar med at det er vi som såg: ”Vi såg Jesu herlegdom”. Skaparverket er hans verk, og hans etterfylgjarar står vakt om det og skal svara for det.
”Vi såg hans herlegdom!” Var det i kunsten, i lyset, i skaparverket?
4. Eller var det i inkarnasjonen sitt under? ”Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom!”
Gud valde å verta fullstendig eitt med sine skapningar. Ein nyfødd i ei krybbe. Ein gutt som måtte læra alt frå barnsbein av. Ein ungdom som frigjorde seg frå foreldre. Ein vaksen som måtte sei ja til livskallet sitt. Fullstendig eitt med oss. Det er ikkje den ting i menneskelivet Jesus ikkje kjenner. Det er ikkje noko i oss han ikkje bryr seg om. Det er ikkje nokon synd han ikkje bar til korset. Det er ikkje nokon bønn han ikkje høyrer. ”Vi såg hans herlegdom”, han som er sant menneske og sann Gud, heilt og fullt bror og heilt og fullt frelsar. Dette seier eg ikkje meir om, me syng det heile jula: ”Me såg hans herlegdom” i inkarnasjonen sitt under, når Ordet hos Gud vart menneske mellom oss.
5. Eller var det når Ordet vart bibelordet?
Var det då me såg Jesu herlegdom? Når historiane og forteljingane vart overleverte og vaks under huda på oss? Som Johannes vitna om lyset, gjorde mor det. Eller far. Eller sundagsskulelæraren. Etterkvart vart bibelordet om Jesus til Ordet om korset. Det var der eg fekk sjå Jesu herlegdom. Eg vart klar over kor høgt eg var elska og kor mykje det kosta då Ordet vart menneske. Bibelordet vart det forkynte Ordet. Plutseleg greip det, så eg såg Jesu herlegdom. Det vart gudstenesteordet, liturgien å kvila i, nattverden å knela til. Ordet om han som ga seg sjølv til soning for alle våre synder.
For då vart det slik Johannesprologen dreg det fram mot poenget:
”Vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne har frå Far sin, full av nåde og sanning.”
6. Var det slik me fekk sjå Jesus herledom? Når nåden og sanninga fekk røra med oss? Eller kan det skje nå? For Jesus var og er full av nåde og sanning. Alt kan gjerast opp og verta nytt. Han veit kva som er sant og vil likevel tilgje reservasjonsfritt. Det er det som er nåde. Ufortent. Dei som tok imot han ga han rett til å bli Guds barn, til å vera fødd av Gud, som han.
Ser du hans herlegdom? Gå den vegen som er din for å sjå og erfara og tilbe. Gud er rik nok for alle som kallar på han, og Johannesprologen opnar det vidaste rommet for dette. La deg dra av musikk og kunst, av lyset i verda, av skaparverket, av inkarnasjonsunderet, av Gudsordet, av nåden og sanninga!