Grensesprengande
Potetfestival! Kan det vera meir lokalt enn det? Matfatet på Jæren på basic. Den gode, gamle poteten, og nokre nyare krysningar. Bakt, i komle, i pommes frites, i chips, i bøtter og spann. Greip,sau og traktorar får visa seg fram. Det er herleg med det lokale og kjente. Det går an å elska det og gje det ein fest.
Lokalt og globalt
Men det gjer seg at det vert krydra med mattradisjonar som kjem langvegs. Meir krydra enn komla. Ein mix av mange slag som sprenger grenser for det ein jærbu gaflar i seg. Skal lura på kor mange som har smakt noko nytt, og mumla: «Ikkje det ringaste eg har smakt». Kanskje til og med eit jærsk «Vel etande!»
Det er fort gjort å gløyma at poteten ein gong måtte importerast for å berga liv, og at forgjengarar vart kalla potetprestar, fordi dei i si tid sprengde grenser med ord om betre liv i kvardagar, ikkje bare evig liv i det hinsidige.
Det er dønn lokalt denne helga, og det er grensesprengande. Kyrkja er alltid grensesprengande, ho er verdensvid og global. Med eit godt ord: Glokal.
Outsidaren
Det var grensesprengande det me har høyrt i evangelieforteljinga frå Kapernaum. Lokalt der også. Jesus hadde busett seg der. Ein romersk offiser også. Begge hadde eit oppdrag. Det var lite som tilsa at vegane deira skulle kryssast. Men så skjer det grensesprengande likevel.
Ein outsider finn vegen til Jesus sitt hjarta. Han var ikkje innforbi gudsfolket si tru. Han var ein mann med makt, ein som var vand med å bestemma og få det som han ville. Men det er ikkje slik han kjem til Jesus. Han kommanderer ikkje, han ber om hjelp. Han brukar bare det livet han har og den erfaringa han sit med frå militær bakgrunn. Han kjem bare med livet og erfaringa si og formar ei bønn. Og han trur.
Grensesprengande?
Kva er det grensesprengande her?
Er det at offiseren sto fast? Hjelpelaus i noko han ikkje kan fiksa?
Nei, det er lite grensesprengande. Det gjer me alle. Noko som me ikkje kan kommandera på plass. Nokre me er glad i som er sjuke og strevar. Noko me tykkjer er grusomt vondt å tenkja på. Noko me skulle ønska var annleis. Ein gut som ligg lamma heime og har smerte, er bare grusomt. Det riv og slit i oss når nokon vrir seg i smerte, og framtida ser vanskeleg ut. Og me bare kan gjera noko. Men i det viktigaste står me fast. Sjølv offiserar gjer det.
Det som sprenger grenser, er at han ikkje stoppar der. Han sto ikkje heilt fast. Han visste om ein som var større enn seg sjølv. Han levde open for at det kunne vera noko meir med det å leva.
Opne for meir
Det kan me gjera på Jæren også. Ha eit grensesprengande perspektiv som gjer at me er opne for meir enn poteter og korn og dyr og høghus og industri og teknikk og butikk.
Sjølv den mest kompetente, offiser eller ei, kan godt gå rundt og tenkja at det er muleg for Gud, det som ikkje er muleg for meg. Det heilt grensesprengande er å tru at ein fersk predikant i Kapernaum og ein korsfesta og oppstanden Kristus kan vera Gud på denne måten. Gud synleg på jorda. Ein som kan sei bare eit ord for å få det gode til å skje. Gjera ei tru til noko som skjer.
I kyrkja er me så grensesprengande at me trur me det er slik me er skapte. At me kan be om hjelp der me står fast. At me kan koma med smerten vår til Jesus. At me kan be. Så store ting har me i oss. Me som heller ikkje kan kommandera og befala. Men vera opne for meir enn det me kjenner fram til nå.
Små på jorda
Det gjer ikkje noko å kjenna oss små. Me er små på jorda. Me er bittesmå i forhold til det me ikkje forstår. Men me er ikkje åleine. Det grensesprengande er at Jesus høyrer bønn. Han forstår smerte. Han gjer noko med innsida vår, når me vrenger ho ut for han. Nokre gonger skjer eit under med sjuke i dag også. Oftare vert noko lettare å bera. Ei tru som bed, ber med seg eit håp om at alle kroppar ein dag skal verta nyskapte. Ei tru på ein kjærleik som bryr seg om dei som strevar.
For det mest grensesprengande her er Jesus. Han undra seg! Han vart berørt. Av denne mannen, denne bønna, denne uventa tiltrua. At det var outsidaren som såg at Jesus kom for å sprenga grenser. At grensesprenginga alltid kjem til å fortsetja. At det som starta i Kapernaum skulle nå til alle jorda sine endar og fylla tidenes mangfoldsbord i Guds rike.
Å følgja han som sprenger grenser
Det er ikkje å sprenga ei grense å be Jesus inn i livet og smerten sin. Men det kan vera grensesprengande å gå i følgjet hans. Det kan verta uventa møter av det. Test det ut på torget og på marsjen i dag. Gå med eit smil, om turen kjennest altfor lang eller altfor kort eller akkurat passe. Me held oss lokalt, men me lever globalt, i eit verdensvidt fellesskap som stadig sprenger grenser.
Nå får me uttrykkja det: At me er ei heilag, allmenn kyrkje som trur på Gud. Skapar, frelsar og hjelpar….