Avbøtande tiltak?
Viss me tenkjer at dette er ein dag i kyrkja sitt år som me ikkje likar så godt, så har me sannsynlegvis ekstra god bruk for han.
Viss me tenkjer at bibeltekstane – eller heile lengden av dei - er eit stykke vekke frå noko me ville kome på å velja sjølv til ei stille stund med Gud, så har me kanskje ekstra god bruk for dei også. Når me vert utfordra, kan me sjå klarare. Og me kan verta motiverte til å handla meir treffande.
Teamwork
Desse bibeltekstane og denne kyrkjeårsdagen har vore til god behandling i ein gruppesamtale før dei held på å landa nå, hos oss som er her, i kyrkjerommet, musikken, tankane og bønnene.
Me får tenkja dette som teamwork. Guds ord lese, høyrt, drøfta, bedd over og knadd til ein brøddeig. Nå kjem brødet rykande ferskt til servering! Gudstenestegruppa er spente på kva dei kjenner igjen, og de alle kva de får til søndagskost i dag, og om det er muleg å ta til seg noko som gjer ein forskjell i det som er din kvardag.
Teamarbeidet i gruppa leitte etter fellesnemnarar i desse 3 ganske lange bibeltekstane (Jeremia 18,1-10; Rom.2,1-11 og Lukas 13,2-30).
Ein fellesnemnar me fann, var eit tydeleg kall frå Gud til å venda om og kjempa for å ikkje få Gud imot seg og Guds dom over seg. Det som me vert kalla til å venda oss vekk ifrå, er også definert likt i alle 3 tekstane: Urett, vondskap, noko som er vondt i Guds auge og gjer andre urett. Like klart er det kva me skal venda oss til og imot. Det er Gud sjølv. Gud med makt og lidenskap, til å forma oss i sine kyndige hender, til å ikkje gjera forskjell på folk og til å samla alle slags folk til bords i sitt rike.
Omvending
Å venda om. Omvending. Eit ord som har vorte ei svær kristeleg greie. Ordet omvending får lett fyr på følelsar, om noko me ville eller ikkje ville lika å vera med på. Nå får me prøva å skrella av følelsar og hjulspor i oss sjølv eller i historien vår. Så heilt nedskrelt: Å venda om er å venda seg frå og venda seg til. Tenkjer me det fysisk, må det innebera å snu noko på seg også.
Den første gongen eg møtte ordet omvending, var eg halvstor guttunge. Det vart sagt om ein av ungdommane som var maskinkjørar i siloslåtten heime på Løge. Han hadde vorte «omvende». Det var eit nytt ord og ei ny erfaring. Eg fann ut at det var eit anna ord for å vera kristen og ha eit bevisst forhold til Gud, til tru og kristent fellesskap. Han som altså var «omvende», vart ein eg såg opp til seinare. Forandringa i livet var ikkje bare eit blaff. Det ga ny og varig retning for livet, på ein fin måte.
I mi eiga ungdomstid vart det mange som vende seg til Gud i kjølvatnet av Jesusbevegelsen. Orda me brukte om det, var nok ikkje vanlegvis å verta «omvende». Me fann plassen vår i eit fellesskap og kom til tru, eller trua kom til oss og me kalte oss ein kristen. Dei fleste hadde gjerne ikkje haugevis av grove synder på samvittigheten. Det var kanskje meir tankeliv som plaga, enn det var ord og gjerningar å venda om i frå. Fellesnemnaren for mange i denne ungdomsvekkelsen var prega av at «Jeg har en venn som har gitt sitt liv». Og at Gud har ein plan og ei meining med livet mitt, og den vil eg gjerne leva i.
Først til Gud
Det var å venda seg til Gud, inn i trua og kyrkja. Å venda seg vekk frå det vonde, å forsaka og sei nei var noko som kom med å ha vendt oss til Gud først.
Er det ikkje noko av dette Paulus skildrar i Romarbrevet kapittel 2? Om dei som trufast gjer det gode og søkjer han som gjev evig liv. Ja, han seier det beint fram: Det er Guds godleik som driv deg til omvending. Når me løftar blikket og festar det oppmerksomt på Gud i hans godhet. Når me vender oss til, så vender me om.
Me snakka ein del om noko av dette i gudstenestegruppa. At det store poenget med desse bibeltekstane og bots- og bønnedag er retning! Å snu blikket. Å venda oss og gå i retning mot Gud.
Reformasjon og avbøtande tiltak
Om to dagar er det reformasjonsdag. Hammarslag på ei kyrkjedør i 1517 festa 95 teser frå den anfekta og plaga munken Martin Luther. Spikerslaga gjev gjenlyd gjennom alle tider. Den første tesa er dagen si tese: «Då vår Herre og Meister sa: «Gjer bot, så meinte han at heile den kristne sitt liv skulle vera bot.» Å venda om er noko dagleg, altså. Heile tida venda oss frå det vonde og til den gode, til Gud. Retning for heile livet. Å venda om er nødvendig, og det er muleg. Heile livet, heile tida, seier Martin Luther og bibelorda på denne dagen.
Det er ikkje alltid me vil snu. I politikken kan det heita å finna avbøtande tiltak når du har tenkt å fortsetja i eit konfliktfylt spor. Men det er ikkje avbøtande tiltak som kan gjerast på bots- og bønnedag, eller på andre dagar der me ikkje vil sleppa taket i urett eller snu i noko som virkar til det vonde.
Gud er ikkje forhandlingspart, han er herre som ikkje gjer forskjell på folk. Og derfor kan stengja den viktigaste døra når uretten ropar høgare enn bønner og bekjennelsar.
Bot kjem av å bøta. Noko som er sundt, rivna, kaputt og gåent, skal få sjansen til å verta heilt igjen. Splitta liv og knuste bitar skal få lappast og limast, eller kanskje aller helst få formast på nytt i den store pottemakaren si kyndige hånd. Derfor så mykje bønn i dag. Me kjem til Gud med oss sjølv, dei andre, utfordringane, livet, skulda og bekjennelsane. Me bed Gud bøta det som er slite sundt for oss. Verken Gud eller me føreslår avbøtande tiltak eller avlat.
Jesusord om å kjempa
For me kjem ikkje utenom at evangeliet i dag ristar i oss, så me ikkje skal sløvna og ta feil når det gjeld det aller viktigaste, den evige framtida som er målet for livet. I Jesusforteljinga kom visst nokre opp i noko dei ikkje hadde sett føre seg, at dei ikkje var kjent av Gud. Dei bar på urett som ikkje var gjort opp. Og Jesus sine ord finn vegen heilt inn til oss som driv teamwork med tekstar og bodskap, men til sjuande og sist er ein og ein som møter Gud:
”Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra.”
Så er det sagt: I dag handlar det om meg. Ikkje om dei andre først. Om det er få eller mange som vert frelst, er ikkje mi sak, det er Guds. Bare han veit og bare han skal dømma.
Eg og du får ei heilt anna utfordring: ”Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra.” Me har vår eigen kamp å kjempa. Ein kamp til og med. Ikkje om eit begrensa antall plassar. Gud har visst flust med plass rundt det store festbordet der framme. Nok av plass. Ennå rom. Folk skal koma frå alle kantar av verda til han som vil at alle skal verta frelste.
Så at eg må kjempa og stri, betyr ikkje at eg må konkurrera. Eg må ikkje albua meg fram i køen for å få tak i begrensa billettar, eg skal ikkje måtta skubba andre vekk for å sikra mine eigne rettar. Det hadde vore ein del av uretten som kunne gjera døra stengt. Kampen er ikkje mot andre, han er mot meg sjølv, mot min eigen trang til å gå utenom, mot lystene mine til å byggja livet på dei verdiane eg kan få fatt i her og nå. Kamp med å setja Gud og andre før meg sjølv. Retning altså.
Snakka sant
Me spurde kvarandre i gudstenestegruppa om me må sei det som er sant for å koma vidare. Omtrent slik som anonyme alkoholikarar må gjera før dei deler med dei andre i gruppa kva ønskjer og planar dei har for betre retning i livet. Dei må starta med: «Eg er alkoholiker».
Ja, me skal snakka sant! I starten av kvar gudsteneste «sannar» me: «Ver meg syndar nådig». Og i dag lovar me ikkje bot og bedring, me søkjer bot og bønn. Me kjem til Gud med det me ikkje strekk til i, det me ønskjer å verta fri frå, det me sørgjer over at me er ein del av eller faktisk er ganske ansvarlege for.
I pottemakaren si hand
Ingen av oss får det til. Men me kan sleppa det til. Det som Gud kan og vil gjera. Tenk deg som leire i ei god hånd og ei stødig dreieskive. Den store pottemakeren har sett noko han vil forma fram i dette mennesket. I deg. Og det han har sett, er godt for deg, det er til glede for andre, ja, det er til skaparen si ære.
Er det godt å vera i den hånda? I ei slik hånd. I ein plan og hensikt med livet?
Det er godt viss eg veit at han aldri gjev meg opp. At han tek fatt på nytt om eg var gjenstridig, eller noko skjedde som gjorde at dette bare vart heilt feil.
Han ser meg med auga som ser meir enn eg ser sjølv.
Kven eg kan bli. Kven eg skal bli i hans hånd. Han ser det særleg når det var noko som brast, som gjekk sund. Då er det ingen som held fastare kven eg kan bli, enn Jesus.
Krukker reparert med gull
Me lærte noko om det her i kyrkja for nokre år sidan. Korleis knuste japanske krukker vert reparerte med gull. Sårå står der. I gullforgylte sår er krukka sterkare enn nokon plass. For det er alltid nåden som lyser sterkast. Dette underlege materialet som Gud brukar når noko går i knas. Det som fortel at hans kjærleik er så mykje større enn våre svik. Nåden som ikkje skjønnmalar og glattar til livet på ein usann måte, men står og vitnar om han som held ut med oss, han som ikkje gjev oss opp.
Å, tenk om eg kunne verta limt i hop med nåden sitt gull kvar einaste dag. Med nattverden sin gave kvar einaste sundag. Med håpet sin gave når det humpar i veg med forminga. Med trua sin gave når eg tvilar på kor nå denne meininga er å finna. Med kjærleiken sin gåve, som ser andre før meg sjølv.
Å venda seg til Gud er det beste me kan gjera. Nå vil me gjera det, som eit teamwork for oss alle, ein tekst frå gudstenestegruppa, ei overgivelsesbønn som den svenske kyrkja brukar. Me bed ho i kor til slutt:
Du som ville livet mitt
og har skapt meg etter din vilje,
alt i meg kjenner du,
du omgjev meg med øm varme,
det svake like mykje som det sterke,
det sjuke like godt som det friske.
Derfor overgjev eg meg til deg
utan frykt og reservasjon.
Som eit leirkar
overgjev eg meg i dine hender.
Fyll meg med din godhet,
så eg blir til velsigning.
Eg prisar din klokskap,
du som tek til deg det svake og skadde
og legg din skatt i skjøre leirkar.
Amen