Som ei høne samlar...
Matteus 23,37-39 - Semesterstart 11.sundag i treeiningstida

Som ei høne samlar...

Dei me er glad i, har me lidenskap for. Der hjarta svulmar, veks lidenskapen fram. Der me ser med hjarta, vert empati til handling. Slik er Gud mot oss. Slik vil me gjerne vera mot våre.

Bibeltekstane i dag er fulle av lidenskap.  Passion – som dei seier på engelsk.  Ein brann for andre sitt beste.  Ei sorg over det som går galt og dei som ikkje vil, eller fer vill.  Den kristne kyrkja trur på ein Gud som er lidenskapeleg opptatt av vårt beste, at me er trygge, at me høyrer til, at me har del i Jesus sitt frelsesverk, at me ser dei andre sitt beste. 

Så derfor: Han vil samla oss, så me ikkje vasar oss vekk, splittar, øydelegg, bryt ned og legg Jerusalem og andre byar og hus og gode livsdraumar i ruinar.  Dette er Guds lidenskap. Passion.  Som blei til pasjon.  Jesus som leid og sette alt inn for oss.

For å gje oss bilder på dette fortel Jesus om høna som samlar kyllingane under vengene sine.  Og viss han- som er Gud på jorda – kunne sjå seg sjølv i eit bilde av ei hønemor, så me vel me også kunna hoppa i det og sjå oss sjølv i eit bilde av ein kylling, som har ein vesentleg del av livet vårt i ly under mor sine venger.

Så nå kjem ei bildeforteljing å leva seg inn i:

Eit kyllingliv
T
enk deg at du er ein kylling. Før du er utklekt. Du er i eit lite rundt rom som er perfekt tilpassa dine behov. Du har det varmt og godt, med overflod av mat som er komponert spesielt for din lille kropp.  Du er beskytta på alle kantar og kviler mjukt og deilig.  Kva meir kan vel ein liten kylling ønska seg?  Kyllinglivet må vera det beste av alle liv...

Du et deg litt større for kvar dag.  To små greier veks ut av sidene og 2 små føter begynner å ta form.  Du kan røra deg litt og ta eit par steg midt i matfatet utan at du veit kva desse utvekstene skal brukast til. Men du merkar etterkvart at du kjem i kontakt med ein hard vegg - grensa for tilværelsen din i et fredeleg kyllingliv.

Så ein dag....  Du høyrer ein merkeleg lyd.  Nei, det må vera innbilning....  Men det høyrdest faktisk ut som om det kom frå den andre sida av veggen!  Kan det verkeleg vera at den verda du lever i, ikkje er heile verkelegheten?  Du høyrer lyden igjen og vert meir nysgjerrig.  Etter at du har begynt å tenkja på det som kanskje fins der utanfor, kan du ikkje sleppa tanken frå deg.  At ein tanke kan forandra livet til ein kylling så mykje....

Ein dag har lydane og nysgjerrigheten vorte så sterk at du forsiktig begynnar å kjenna på veggen.  Nei, han er fast og hard, vil ikkje gje etter.  Og ikkje nyttar det å snu seg rundt og gløyma han heller.  Dessuten har plassen vorte så liten.  Anten har du vakse, eller så har romet vorte mindre. Merkeleg.

Så hender det.  Uten at du hadde tenkt det, trampar foten rett gjennom veggen. Masse lys, så du vert redd.  Men du tek etterkvart mot til deg og kikkar forsiktig ut gjennom sprekken.  Og der møter ditt blikk eit auga.  Nokon er der og ventar på deg, legg hønsehodet sitt på snei og kaklar ivrig.    veit du det du før bare ante.  Det fins ei anna verd, ei større verd, og der er til og med nokon som ventar på deg.  Då sprenger du resten av skalet.  Det fins ingen veg tilbake.  Nå begynnar det andre livet...

Din første tanke er å erobra den nye verda og prøva ut beina. Men raskt får du eit dult og eit klukk frå ho som har ruga deg ut.  Du vesle krypet veit jo ingenting om katten som smyg seg rundt, om den store vegen og andre farar.  Du treng nokon til å hjelpa deg og leda deg.  Og noko i deg seier at du skal styra stega dine akkurat der den gamle går, og dette varer dag etter dag til du kjenner deg tilstrekkeleg trygg på eigenhånd.

Så fortset du å oppdaga og erobra den nye verda, veks deg større og vakrare og slåss med høne- og hanekyllingar og tykkjer kyllinglivet er fritt og herleg.

Men ein dag skjer det noko nytt.  Du står framføre ein rund liten sak som kjem frå deg og får deg til å oppleva noko du aldri har kjent før.  Ein eigen varme brer seg inni deg og du kjenner ein intens trang til å varma det, beskytta det.  Ditt tredje liv har begynt.  Og når du seinare opplever at eit nytt liv vert fødd og korleis den nye skapningen er bunden til deg, då kjenner du eit nytt alvor og ei stille glede som får deg til å gå over gardsplassen med ein ny verdighet. Du er med i livet si store meining, bunden og likevel fri.  Du held på å verkeleggjera livet ditt...

Liv og nytt liv i gåve
Så langt bildet…

Det skapte kanskje noko i dykk.  Noko me måtte tenkja på.

Kanskje at me ikkje skapar oss sjølv, me fekk livet i gåve og me klarte oss i det fordi nokon var lidenskapeleg fulle av omsorg.

Kanskje også at me heller ikkje frelser oss sjølv, men vert fødd til eit liv i ei større og evig verd, der me er møtt, kjent og elska.

Og kanskje at omsorga me har fått, liknar på omsorgsoppgaver me sjølv kjenner at me står i.  Dei me er glad i, har me lidenskap for.  Der hjarta svulmar, veks lidenskapen fram. Der me ser med hjarta, vert empati til handling.  Slik er Gud mot oss.  Slik vil me gjerne vera mot våre.

Hønemor
Eg snakkar rett i synet på ferske mødre og fedre og pånyttfødde. 
Å vera hønemor i beste forstand av ordet er å ha holdninga som gjev alt for sine.  Den lidenskapen som lagar eit trygt vern som byggjer tillit og fremmer trygg utvikling.  Ubetinga kjærlighet med gode grenser.  Så farar ikkje får trua reiret og heimen.  Så avkommet ein dag er rusta til det gode livet, der ein både er elska og har lært kunsten å leva og elska.

Me får håpa det er eit snev av hønemor i kyrkjefellesskapet også. 
Me kallar jo kyrkja for mor.  Ho vil samla sine.  Ho er tilflukt og varmande venger, ho er dirrande hjarta og ope fang.  Ho har sans for det sosiale.

Nå går me på eit nytt semester i kyrkja og bed for kvarandre og ønskjer å tena og vera til for kvarandre.  I dag gjer me det med tekstar som dreg oss ut av kosen og inn i lidenskapen.  Det gjeld livet.  Det står om framtida.  Kyrkja skal vera hønemor i beste forstand av ordet.  Eit gjenskinn av  Gud som gler seg og er rørt i hjarta når hans barn er samla, under hans gode venger – og sørgjer tilsvarande når nokon ikkje vil, og når byar og livsdraumar vert ruinar.  Og det er ikkje bare fordi Guds hjarta er laga slik at han vil samla sine.  Han veit at det er godt for oss å vera samla, høyra til, ha ein plass der me kan gje av oss sjølv, skapa, byggja, bera, be og tena.

Vis meg vegen, Herre
Kva vil Jesus samla oss om i dag? 
Denne hausten? Og senda oss til?  Kanskje du bare skulle be Jesus heilt enkelt om å sjå det, kjenna det i heile deg og vera villig til å leva i det.  For eksempel gjennom bønna som eg møtte i Birgittaklosteret i Vadstena i sommar.  Den hellige Birgitta si bønn: «Visa mig, Herre, din väg, och gör mig villig att gå den»

Denne hausten vil mykje vera som det har vore i Brynekyrkja.
Mange av dei same ansikta, ofte nokre nye.  Gudsteneste på sundag. Samlingar på kvardag. Trusopplæring og barnearbeid. Diakoni og konsertar.  Det skjer mykje. Kanskje ekstra mykje. Reformasjonsjubileum som fokuserer på å vera frigjort av Guds nåde.  I dag seier me: Nytt semester – ny kjellar – nye muligheter.

Helsinga frå Jesus må vera å delta i hans lidenskap i alt det me møter og får vera med på.
Dåp er glede over at han tek imot oss i rein nåde.
Musikk er lovsang og takk og undring for det han har gjort og den han er. 
Nye rom er nye muligheter for fellesskap som berører og hjelper oss til å leva ekte og for andre. 
Å vera medarbeider i kyrkja er takknemleghet for å vera med og samla.

Nød lokalt og globalt er medfølelse og driv til handling.
Og tru er å kjenna ei djup meining i livet: Eg høyrer til, i open famn hos han som elskar meg og vil samla alle sine hos seg.

Powered by Cornerstone