Det blivande mysteriet
Matteus 2,1-12 Kristi openberringsdag 2017

Det blivande mysteriet

Dei hadde gått ein lang veg i lengsel inn til mysteriet. Dei hadde søkt ein konge og funne Guds ansikt. Mysteriet som forblir og blir større dess meir me nærmar oss.

Eit artig bilde viser førskulegutten som har opna ei skuffe i kommoden.  Der ligg den røde julenissedrakta med maske og kvitt skjegg.  Ein hemmeleghet er avdekka. Bildet har fanga gutten sin sjokkarta fortvilelse.  Trua på julenissen har rakna.  Mystikken er tapt. Julenissen er ikkje lenger eit mysterium, men eit kostyme.  Då hemmelegheten vart avdekka, forsvant mysteriet også.  Og bildet fortel: Gutten ville heller hatt trua og mysteriet.  Nå veit han bare at han var lurt og ført bak lyset.  Han må reorientera korleis verda er og kven og kva han kan tru på.

Forsvinn mysteriet?
Mange hemmelegheter vert avdekka i livet.  Pakkar under juletreet vert opna.  Ny kunnskap kjem til.  Det me pakkar ut, vert fakta og erfaringar.  Spørsmålet er: Forsvinn mysteriet samtidig som hemmelegheter tek slutt?  Vert rommet for tru smalt og trongt når livet sin kommode opnar skuffene sine?

Nokre opplever det slik.  At noko forsvinn på vegen frå barnetru til vaksenfornuft som helst vil halda seg til det som kan erfarast, målast og tåla vitenskapen sine testar og andre folk sitt blikk.

Spørsmålet er vidare:  Treng det vera slik?  At mysteriet forsvinn når hemmelegheten vert pakka ut.

Apostelen Paulus fortel om mysteriet som forblir når hemmelegheten er avdekka. Mysteriet vert større, ikkje mindre, når hemmelegheten vert kjent:

I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her. Og når de les det opp, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi mysterium, det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: at heidningane har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet.

Me snakka i gudstenestegruppa denne veka om kven «heidningane» er. At det er alle folkeslag, at det gjeld verdensvidt og tidsuavhengig.  «Heidningane» er oss, me som får del i det som Gud viser og gjev til folket sitt, til alle dei som får retten til å kallast Guds barn i trua på Jesus Kristus – frå dåpen av.

Mysteriet er at Gud kallar oss alle inn til seg og heim til seg, og at vegen heiter Jesus.  Open dør og same arv for alle folkeslag!

Dei vise frå aust
På Kristi Openberringsdag kjem reisande representantar for folkeslaga til Betlehem.  Dei er dei første pilegrimar.  Dei er vise menn som vitnar med handlingane sine om det mysteriet som Paulus seinare brettar ut og får til å funkla.  Dei har brukt den kunnskapen dei hadde om stjerneplasseringar på himmelen og kobla han til sin eigen religiøse lengsel, og legg ut på ei lang reise utan å vita kor målet er.  Dei kom utanfrå. Dei høyrde  ikkje til det utvalde folket. Dei var ikkje av profetane si ætt. Men likevel trur dei på mysteriet og får oppleva at det vert opna for dei. Dei trur at mysteriet forblir om nokre hemmeleghetar i det vert avdekt på vandringa.  Ja, faktisk: Dei vise frå aust er eit mysterium i seg sjølv.

Mysterium å lura på
For mysterium er slikt me kan gå rundt og lura på. Og i Matteus si juleforteljing står slikt i kø.  Kven var dei og kor kom dei frå?  Var dei 3 slik som gavane? Hadde gavane spesiell betydning?  Kan verkeleg stjernegransking varsla ein frelsar?  Eller er slikt kobla til ei religiøs tydning?  Er Gud og Bibelen så «store» at dei gjev eit rom for dei som finn spor å følgja i alternativ religiøsitet og spekulativ vitenskap?  Er det eit vanleg mysterium at skriftlærde brukar gudsordet til å peika ut ein veg dei sjølv ikkje vil gå?  Kva med mysteriet at eit menneske kan bli ein sleiping og barnemordar som Herodes?  Kan ei stjerne flytta på seg og visa veg til ein stall?  Og draumar gje viktige og gode varsel frå Gud?

Mysterium å vera fascinert av
Mysterium er slikt me kan gå rundt og undra på.  Eller til og med noko me kan vera djupt fascinerte av

Eit nyfødt barn er definitivt eit mysterium!  Ufatteleg stort då det vart pakka ut på fødeavdelingen.  Avgjort eit blivande mysterium etter kvart som nye sider kjem til syne.

Forteljinga om vise menn på leiting og Gud som viser veg, er definitivt eit mysterium å verta fascinert av.  Slik er det alltid der Gud og menneske sine veger finn kvarandre.  Der me anar spor av Gud og vert leia på vegar me ikkje hadde funne sjølv. 

Kristi openbaringsdag avdekkar ein hemmeleghet og opnar eit blivande mysterium. Det skjer i ei forteljing der Gud og menneske sine veger møter kvarandre.  Begge strekkjer seg dristig i lengsel etter den andre. Ja, alle vise menn og kvinner frå aust og vest, sør og nord kan søkja eit mysterium som er større enn dei du lurer på og er fascinert av:

Mysteriet du kan tru og leva på!
For me er ikkje skapt til noko mindre enn det.  Det er minst like viktig å opna livet sine åndelege skuffer som dei materielle godene og kunnskapen sine skuffer.  Kvifor skulle me stå ribba for mysteriet med tapt vaksentru?  Når evangeliet vil pakka mysteriet ut, ligg det ikkje igjen eit tomt kostyme, men ei djupare tru og noko større å leva for enn det som den materielle verda kan gje.

Profetordet
Då kjem me ikkje utenom det profetiske ordet.  Ledestjerna me har sunge om.  For undervegs gjekk dei vise feil. Dei måtte korrigera kursen ved hjelp av gamle profetiar.  Dei trong retning på lengselen sin gjennom ord frå profetar som kunne visa fram til mysteriet.

Det er mange slike profetiske ord i Det gamle Testamentet.  Etter kvart klarnar dei og fokuserer trøsta og håpet inn mot han som skal koma.  Kongen. Frelsaren. Messias.  Den lidande tenaren.  Barnet som er Gud med oss.  Immanuel.  Fredsfyrsten. 

Eitt av desse orda har me lese, frå slutten av Jesajaboka. Det handlar om lyset som skal koma, Herrens herlegdom som skal gå opp over Israel, om kongar som skal gå mot din soloppgang. Desse kongane, som kjem frå Saba, skal ha med gull og røykelse.

Vismennene veit det knapt sjølv, stjernetydarar som dei er, men dei er omtalt i den profetiske boka.

Når dei kjem til landet dei skal til, brukar dei sin sunne fornuft og dreg til Jerusalem og slottet for å finna den nyfødte kongen. Men der møter dei bare den gamle, paranoide kong Herodes, han som fluksens posisjonerer seg for å setja i verk barnemordet i Betlehem.  Men på slottet skjer det noe meir. Det profetiske ordet vert opna av overprestene og folket sine skriftlærde. Kursen vert korrigert. Vismennene dreg til Betlehem og finn Frelseren, slik alle som følgjer gudsordet si stjerne kan gjera.

Me skal enda denne preikereisa der – i hop med dei og alle som har gudslengselen i seg.  Alle slags pilegrimar.

Profetordet for Jesus sjølv
Men først: Ikkje gløym at det profetiske ordet må ha betydd veldig mykje for Jesus sjølv og vist han vegen.  I profetorda må Jesus ha funne eit bilde av seg sjølv og den oppgava han skulle utføra i verda. Han skulle stå fram som Messias, Frelsaren, Immanuel, Guds Lam som ber verdens synd. Ein eller annan gong mens Jesus opna skuffene som inneheldt trua, kallet og verdensoppfatninga si, så må Jesus ha forstått dette: Orda i dei profetiske bøkene handlar ikkje om ein annan. Dei handlar om meg. Orda fortel ikkje bare om noko som skal koma. Dei forkynner om noko som er.

Det er eg! Eg er den som skal koma! Det er mitt bilde som sakte stig fram gjennom profetløftene. Eg er desse orda og gjenkjenner meg sjølv!

Neste sundag får me eit glimt inn i dette når Jesus står i Jordanelva og vert døypt.  Kanskje var det øyeblikket då dei profetiske orda fekk sin djupaste klangbotn hos Jesus. Då røysta frå himmelen sa: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Mysteriet som forblir
Vise menn frå aust seier ikkje dette med ord, men dei gjer det med gavar til den nyfødte, med å knela og tilbe, og med å lytta til meir veiledning i ein draum frå Gud.  Dei hadde gått ein veg i lengsel inn til mysteriet.  Nå skal dei gå ein veg heim i tru og lydighet mot det dei har sett. For mysteriet forblir. 

Dei hadde søkt ein konge og funne Guds ansikt.  For det er det største av alle mysterium.  Det vert større dess meir me veit om det og nærmar oss det.  Når me kneler til nattverd, vert det ein del av oss.  Når me gjev gudsordet rom, vert me leda, ikkje bare av eit ord, men av han som følgjer oss på alle vandringar.  Når me opnar livet sine skuffer og finn noko me ikkje veit om me likar, så er Jesus der saman med oss.  Eit blivande mysterium.  Ein grunn for å tru. Ein nåde å verta oppreist av når eg falt.  Eit lys når eg gjekk meg vill.  Ein stor grunn for å dela mysteriet med alle folk. 

De forstår sikkert at eg hadde lyst til å opna det som ikkje er ei bittelita skuffe, men det djupaste mysteriet i tilværelsen.  Men eg kan ikkje.  Dette kan ikkje opnast frå ein preikestol.  Det må opnast i eit hjarta.  Me må, ein for ein, gje rom for mysteriet i vår eigen lengsel, i vårt eige hjarta, i vår tru, vårt håp, vår tilbedande kjærlighet.   Gjer det!  Lev i det! Gå med det!

Powered by Cornerstone