Han sto der alle fell
1.sundag i fastetida 2023 - Matteus 4,1-11

Han sto der alle fell

​​​​​​​Kan fastetida gje hjelp til å stå betre i mot desse 3 urfristelsane? Å vera mindre på jakt etter betydning, popularitet og rå makt?  Ja, det hadde vore fint.  Ein gave til oss sjølv, dei rundt oss, og verda!

Me treng nok ein sundag i kyrkja til å snakka om fristelsar. Nå fekk me han. I starten på ei 40 dagars fastetid, om dei viktige kampane i livet.  Dei som vart til talekor i dåpshandlinga: ”Eg forsakar Djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen.” 

Bjørn Eidsvåg seier det slik i ein sang om kyrkjerommet: ”Gje meg meir enn tomme ord, her er ein kamp på liv og død.”

Den kampen fekk Jesus smaka.  Heile livet.  Matteus har skildra kor voldsom kampen vert på slutten av 40 dagar med faste. Jesus må ha møtt dei ultimate fristelsane.  Meir og hardare enn nokon av oss.  Men me lever i same verd. Fristelsar møter me alle.  Og nå kan me læra noko viktig, om å kjenna dei igjen og ta kampen mot dei.  3 korte punkt om fristelsar, slik Jesus møtte dei.

1.  Fristelsar framstår helst alltid som gode.

Den første fristelsen:  Gjer steinar til brød!  Kva var galt med det?  ”Duale mæ steidn” er det jo nok av både på Jæren og i verda. Brød er fort mangelvare. En ørken full av brød må vera ein særdeles god nyhet. Særleg om ein kan skaffa det fram av steinar der jord, vatn og korn manglar. Brød er jo Guds gode velsigning. Basisbehov.  Sett i gang, Jesus!  Dette må då vera godt både for dine skrikande tarmar og for andre sine svoltne munnar.

Den andre fristelsen går på å ta Gud på ordet når han lovar å beskytta dei som stolar på han.  Frå toppen av den høge tempel-muren må det passa å visa litt tru. Hiv deg ut og fly!  Kva kan vera betre enn at Gud viser omsorga og makta si?  At nokon ser det og applauderer.  Er det ikkje under som skaper tru? Om du nektar deg brødet si velsigning, Jesus, så bryr du deg vel om store åndelege erfaringar?  Særleg når andre kan sjå dei og få bevis for at Gud fins og beskyttar den som trur?

Den tredje fristelsen handlar om makt.  Frå fjelltoppen går blikket over alle verda sine riker. Kvifor treng makt plent vera vond og vanskeleg makt?  Det finst rett nok frykteleg mange udugelege, uærlege, maktglade og egoistiske herskarar i verda. Vond kynisk makt som bryr seg katten om menneskeverd og folkevilje og sanning.  Men kva om det kom ein god og ærleg idealist til makta?  Kor mykje godt kunne ikkje Jesus ha gjort om det var han som sat i makta sine posisjonar.

3 rundar med fristelsar som framstår som gode og forlokkande. 
Fristelsar framstår alltid som gode.  Det er derfor dei er fristelsar.  Når dei lokkar med det gode, men faktisk vert fiende av det beste, så må dei avslørast.  Jesus brukte Guds ord til det. Guds ord er til for slikt.  Jesus sto i mot det som ville ha sett han sjølv i fokus og vika unna det han var komen for å gjera.  Han sto der alle fell. Det var derfor han skulle vera tenar og frelsar, ikkje imponerande, populær og mektig.

Kan fastetida gje hjelp til å stå betre i mot desse 3 urfristelsane? Å vera mindre på jakt etter betydning, popularitet og rå makt?  Ja, det hadde vore fint.  Ein gave til oss sjølv, dei rundt oss, og verda!

2.  Fristelsar handlar om brot på det 1.budet.

Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.”  Eller slik Jesus sjølv fortel om det største og første budet:  ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta, av heile di sjel og av all di makt.” 

Med hjarta i Gud avviser han å dekka sine eigne fysiske behov for mat, bare for å visa at han er Guds son.  Med sjela si i Gud avviser han å setja livet på spel og utfordra døden i eit trussprang.  Med makta si i kjærlighet til Gud avviser han å få verdsleg makt med å knela for Djevelen. 

Jesus gjorde det Adam og Eva ikkje gjorde. Å la Gud vera Gud og sjølv vera lydig.  Han nøyer seg med Gud, set Gud først. Han står der alle fell.  Han gjer det for oss, for å retta opp det Adam og Eva begynte på.  For slik er det:

3. Fristelsar er det bare ein som har sigra heilt over.

Tenk på Jesus.  Dette kosta han enormt.  Han var nettopp døypt av Johannes til gjerninga si.  Han var avkrefta etter faste.  Han vert utfordra på identiteten sin:  ”Viss du verkeleg er Guds son, så….” Han får teikna opp andre mulege veger enn den tunge vegen til korset. Han får bibelsitat i fleisen.  Dregen mot tilsynelatande gode handlingar. 

Og så ser Jesus at dette bare er lokkande agn.  Kroken under agnet var å få Jesus vekk frå vegen til korset.  Kroken ville ha smerta han mykje mindre enn piskeslag og naglar gjennom hender og føter.  Likevel valde han det siste.  Han elska Gud og oss så høgt og så heilt.

For han visste det som me alle veit.  Me fell i fristelsar me møter.  Alle i hop.  Stadig vekk.  Nokre har slapp karakter og fell så det er dundrande synleg.  Andre har sterk karakter og ser ut som dei treff fornuftige valg mest heile tida.  Men skinnet kan bedra.  Skinnet bedreg heilt sikkert, for dei vanskelegaste fristelsane er ikkje så lette å få auga på.  Og den som har svak karakter og veit det, kan fortare vera ydmyk og søkja nåde og tilgivelse.

Han sto der alle fell
Når me vert frista, er det godt å ha Jesus som forbilde. Men det er større å ha han som frelsar og forsonar.  Det valde Jesus.  Han selde ikkje sjela si og kallet sitt.  Han kunne sikkert ha vorte ein strålande brødmessias og mirakelmessias og herskarmessias.  Men oppgava var større.  Gjennom liding, død og oppstandelse skulle han frelsa verda.  Med å betala for våre fall og gje oss del i sin seier over fristelsar.  Den seieren er me døypte til.  Den kan me trøsta oss til og tru på.  Jesus er ikkje fortid.  Men kan koma til han alltid.  Også i fristelsar som vart for sterke, kan me be om tilgivelse.  Då misser nederlaga krafta si, for då lot me oss ikkje frista vekk frå Gud, men til Jesus.  Betre kan det ikkje vera!

Eyvind Skeie seier det i ein salme og ei bønn me nå kan be og syngja: Norsk Salmebok 120 – Du er Guds Sønn, den sterke.

Powered by Cornerstone