Intet er vårt, alt er ditt
23.sundag i treeiningstida 2020 - Markus 10,28-31

Intet er vårt, alt er ditt

Det er mest uverdig å snu blikket mot oss sjølv og spørja med snev av angst i brystet «Kva med oss?» Det relevante spørsmålet nå er «Kva med alt vårt?»

Ja, kva med oss?  Me som også ønskjer å følgja Jesus.  Kva følger får det å følgja? Vert det meir minus enn pluss?

Me veit jo veldig godt at me spør frå eit heilt anna utgangspunkt enn Peter gjorde.  Han – og dei andre elleve disiplane til Jesus – hadde teke eit stort steg ut i det ukjente.  Gått frå alt, båtar og fiskegarn og tollbod og familiebånd for å følgja ein vandrande predikant og meister.  Dei ante at dei var med på noko stort.  Dei bar på tankar om Messias og at Gud skulle gripa inn og oppretta sitt rike og gjera landet og folket nytt. 

Minus eller pluss?
Men kostnaden var at dei andre sat igjen heime, at åkrar og hus og garn og levebrød var overlatt til andre og til storfamilien sitt ansvar.  Sikkert ikkje heilt fullstendig hadde dei forlatt alt.  Peter og Andreas hadde sannsynlegvis huset i Kapernaum, der svigermor budde og ga omsorg og gjestfrihet.  Og ein dag, i ei anna tid, skulle huset byggjast på, og vera huskyrkje og kyrkje, og kristne brør og søstre på den oppstandne Jesus sin levande kropp skulle vega opp det Peter eingong gjekk ifrå, kanskje rett og slett 100 gonger, sjølv om talet neppe er tenkt bokstaveleg.  Men sanneleg som det er sagt av Mesteren: Store, store plussar i det reknestykket som Peter presenterte i foreløpig minus:  «Kva med oss, me som har forlatt alt og følgt deg!»

Ja, kva med oss?  Me kan ikkje akkurat skrøyta på oss å ha gått ifrå alt på Peter-vis. Sanneleg sagt gjev ikkje tru på Jesus eit minus i margen.  I eit levestandard-perspektiv har me fått hundre gonger meir enn Peter forlot. I eit globalt perspektiv er me i levekår relativt bekymringslause. Sjølv om me nå går inn i andre runde av ein fæl pandemi og må ta på oss store endringar i sosialt liv. Relasjonar vert begrensa, men dei er ikkje tapte.  Sjølv i dette er dei fleste av oss her inne steinrike og sosialt trygge og sikra på ein måte utan sidestykke i historien og i global målestokk. 

Pose og sekk
Peter spør om han får i pose nå, og får antyda ein heil sekk. Og me sit her med pose og sekk. I alle fall når me tenkjer på alle konkrete godene i det som Jesus kallar for «Her i denne tida

Bryne kyrkjelyd er på ein måte i den andre enden av Peter sitt spørsmål.  Det er mest uverdig å snu blikket mot oss sjølv og spørja med snev av angst i brystet «Kva med oss?»  Det relevante spørsmålet nå er «Kva med alt vårt?»  «Kva med alle våre brør og systre som er i annan situasjon på same planet?  Kva med dei? Kva med vårt?»

Å vera forvaltar
Ein del av svaret på det er ei bønn i kyrkja kvar sundag: «Evige Gud, di er jorda. Alt vi eig høyrer deg til. Av ditt eige gjev vi deg attende.» Me ber og tenkjer at Intet er vårt, alt er ditt. I alle fall i teorien og teologien. Me ser livet vårt i eit tenesteperspektiv med å følgja Jesus. Å forsaka er ein del av trua.  Å tenkja seg som ein forvaltar, og at alt er Guds, det er hans gåve.  Me song det nettopp:  "Hjelp meg Gud, til å gi, både penger, arbeid og tid, i den tenesta der eg er sett, slik at eg kan forvalte den rett."

Me seier og bed det i kyrkja, men møter nok oppsperra auge og ristande hovud viss me tek lunsjpraten på jobb om eit sånt forhold til pengar og goder. At me bare forvaltar det som er Guds.

Men nå har me til og med fått eit ferskt forvaltarord i Norge.  Etter mange forslag på det som fylkesmannen nå skal heita på kjønns-nøytralt vis.  Nokre såg visst føre seg flotte titlar som guvernør og slikt.  Men me er jo nøkterne og realistiske her i Norge.  Så det vart statsforvaltar.  Personen på toppen i regionane i Norge er ikkje sjef eller eigar som sit og rår over alt sitt.  Han er forvaltar.  Han er tiltrudd oppgåva å ta vare på og passa på det som er våre felles goder og forpliktelsar uttrykt i lov og styresett i kongeriket Norge.  Alt er han gitt, alt har han fått til å forvalta. 

Me som sit i kyrkja, er døypte og kalla til å vera forvaltarar.  Til å syngja og sei at Intet er vårt, alt er ditt, alt har me fått, alt er gitt.

Skaparverk og Gudsrike
Me er skaparverksforvaltarar til å ta vare på dei livsbetingelsane som me ikkje bare kallar for klode og natur og klima, men for Gud sitt skaperverk.

Me er gudsrikeforvaltarar som bed «Lat riket ditt koma» og tenkjer at tida vår, bønna vår, tenesten vår, kreftene, evnene og nådegåvene ikkje bare er til personleg bruk og ganske opp til meg sjølv.  Tankesettet for den som trur, er at dette er ikkje bare mitt.  Me er skapte og frelste til å gje av det som ikkje er vårt, men Guds.

Dette har me snakka mykje om i gudstenestegruppa før denne sundagen. Det er så mange måtar å gje på.  Tid. Hjarta. Omsorg. Pengar. Empati. Medfølelse, slik våre tyrkiske venner har vist då dei helsa med "Trygg i bønn" då me kom til kyrkja i dag.

Å følgja Jesus
Når me gjev, så er det fordi me har fått og ikkje eig.  Og andre treng det.  Dei treng det meir enn oss.  Og det er som med Peter og dei andre å gå frå noko og følgja Jesus.  Det er å våga å stola på at dette kan eg snakka med Jesus om.  Og det er å høyra trøsta frå Jesus.  Du kjem aldri til å verta tomhendt.  Det store plusset er evig liv i den komande verda.  Og ein stor utvida familie lokalt og globalt som samlast til Jesusfellesskap i nattverden og får kjenna og tru seg som Jesu kropp i verda. 

Vert det meir pluss enn minus?  Ja, seier Jesus. Sjølv om han er veldig klar på at det kan kosta, at velsignelsar og forfølgelsar kan landa i same disippelskrott.  «Når du følgjer meg, får du att hundre gonger.  Når du gjev, så får du så mykje meir igjen.  Når det kostar og du lid og er truga og naken, så har du ein stor søskenflokk som ser deg og bed for deg og stiller opp for deg.» Heile kroppen lid når eitt lem lid, har Paulus lært oss om det.

Randi i gudstenestegruppa har delt ein sterk historie om å gje og få i eit kyrkjefellesskap.  Å kjenna seg som eitt fellesskap på tvers av vanskelege avstandar.

Å vera til for kvarandre
Me kan vera til for kvarandre!  Det er eineståande å vera fellesskap med hundrevis av brør og søstre som kan erfara det.  Det er vegen inn i det gode livet å tenkja seg som forvaltar. Det er vegen ut av minuslivet å sjå seg som ein som vil følgja Jesus og gje, fordi alt er Guds.

Denne veka har flyktningar og nye landsmenn med muslimsk bakgrunn vore rysta over terror i kyrkjer i Europa.  Nokre har kome her til Bryne kyrkje.  For å visa respekt og markera avsky for slike ugjerningar.  Dei har gitt blomar til altaret og helsa med "Trygg i bønn".  Me er til for kvarandre.

I teksten før evangeliet i dag har Jesus møtt ein rik, ung mann som han vart så glad i, men mannen klarte ikkje å følgja Jesus fordi han ikkje kunne sleppa tanken på at rikdommen var hans eigen. Han valde vekk evangeliet og sat igjen med rikdommen, og det var også alt han sat igjen med.

I kyrkja i Antalya i Tyrkia  - misjonsprosjektet vårt - er det mange som har mått forlata alt for å følgja Jesus.  Dei har mista det sosiale nettverket som er knytta til ein muslimsk kultur.  Men dei har fått og får nye brør og søstre i fellesskapet i kyrkja.  Og det er livsviktig!  Og endå seier dei at bønnestøtta vår er viktigare enn pengestøtta vår.  Og at dei bed for oss som har ein større fare i materialismen enn dei har i ei vond tid med diskriminering og liv i fattigdom på grunn av tru. 

Ei "Kva med oss" - bønn
Så då er det grunn for å spørja:  «Kva med oss i Brynekyrkja, som følgjer Jesus»?  
Svaret må vera bønn:
Gje oss hjartelag, Jesus. Gje oss takknemleghet til drivkraft. Gje oss blikk for ditt store hjarta.  For nåden som er større enn noko.  For søskenflokken i den verdensvide kyrkja.  For det me kan vera for kvarandre.  Med å ta imot det som du har gitt oss.  Med å gje det vidare utan å halda igjen.  Hjelp oss til å leva i det gode kallet å følgja deg.

Powered by Cornerstone