Juleevangeliet på jærsk
Betraktning i Jærbladet julaften 2021

Juleevangeliet på jærsk

Armkroken er det første manntalet, den innerste sirkelen, der dei næraste er, der røtene er, der me samlast når tradisjon skal gje fred i hjarte og lys i blikket.  Heim. Der eg er innskriven med blekk av kjærleik.
Foto: Helene Holm (illustrasjon)
Foto: Helene Holm (illustrasjon)     
Foto: Helene Holm (illustrasjon)     

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.

… På Jæren i 2021 også? Korleis ser det ut?

 Dette var første gongen dei tok manntal,

… for nå er det du som les dette, som set ansikt og namn i manntalet.  Og presten lyser ut i Jærbladet at du kan sjå føre deg alle som skal heim til jul frå arbeidsplassen sin.  Eller kan hende dei skal skapa jul for andre i frivillig eller lønna arbeid.  Kven er dei? Bonden som har ordna fòring og sett på mobilalarmen frå fjoset.  Lærarar og elevar som har stengt av skule, lekser og krav for ei tid. Administrasjon som har låst av kontoret. Helsearbeidarar som har ordna skifta sine.  På eller av. Produksjonshallar som går på sparebluss og plattformar med eit anna skift på.  Heim til jul, inn til jul.  Manntal for arbeidaren på Jæren. Så han trur at han og ho er telt, rekna med og verdsett.  Både i det høge, og ut over det flate Jæren.  

og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.

… og leiarane på Jæren helst var mindre høvdingar og nærare folka sine, i eit samfunn basert på mykje god tillit – også i tøffe omstillingar og tider med pandemi.

Då fór alle heim, kvar til sin by,

… For same kor mange me er og kva rolle me har, så har me ein plass der me høyrer til, den indre sirkelen, der dei næraste er, der røtene er, der me samlast når tradisjon skal gje fred i hjarte og lys i blikket.  Heim. Der me høyrer til, er sett, allereie rekna med og telt, utan at keisaren og sjefen treng vita alt om det.

og skulle skriva seg i manntalet.

… rundt bordet, eller i sangen sin ring rundt eit pynta tre, eller bare i ein armkrok.  Forresten ikkje bare. For armkroken er det første manntalet, den innerste sirkelen der eg kan vera mest meg. Der eg er innskriven med blekk av kjærleik.  

Også Josef drog då

… eit mannfolk, som på mange av gardane, butikkane og produksjonshallane på Jæren.  Ansvarlege menn som veit kva rolle dei har og kva tidene krev av ansvar og innsats.

frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt

… Det må då vera eit sus av forventning, av lange planar, av frelsande historie, over denne uforgløymelege reisa.  På same vis når ein arbeidar kjem heim til julefred i sin flokk, og nå har gjort vel med å skaffa dagleg brød og ekstra fest rundt bordet der han og ho høyrer til.

 og skulle skriva seg der saman med Maria,

… Ja, skulle du sett!  Han var ikkje åleine. Dei var ikkje åleine. Omtrent som den første og rare gongen kjærasten troppa opp og møtte slekta ei julehelg som ikkje vart som andre, der sirkelen var utvida og ein ny i ferd med å vikla seg ut.

som var lova bort til han..  

… Ho til han, og han til ho. Kvinne og mann som har gitt eit løfte og staka ut ei framtid.  Kan dei halda løftet? Vera trufaste. Gjera det trygt og stabilt mellom seg og rundt seg. I Nasaret og på Jæren.

Ho venta då barn

… Ingen skal seia det var lett. For menn som må forhalda seg til graviditet dei ikkje har sett i verk sjølv. For kvinner som vanskeleg kan forklara korleis dette har gått til.  For Josef som måtte gå rundar med Maria og seg sjølv og med Gud og med skam og med kor høgt kjærleik og truskap skulle gjelda.  Og for Maria som hadde teke eit oppdrag for Gud som var omtrent umuleg å forklara – og for andre kvinner som har vore i tøffe situasjonar, sjølv om det var med høgare eigeninnsats enn Maria sin, i det som vaks i magen.

Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,

…det sværaste og mest meiningsfulle eit menneske kan gjera. Midt i folketeljinga, midt i lærlingetid, prøvetid, vikariat eller jobbflyt på arbeidsplassen.  Ære vere dei fødande og dei som legg godt til rette for den som går i permisjon og kjem tilbake igjen.

og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe,

…  Den største gleda, ikkje i ei steril sykehusseng, men slik dei fattige og trengjande føder.  Ja, i fjoset, lenge før melkeroboten sitt lydlause, nøyaktige rutinearbeid:
Angen av høyet, bitter og yr,
pusten av varme, nattvarme dyr,
vinden som kviskrar – alt andar ut:
No er han komen! Her er vår Gud!

(Norsk Salmebok nr.70)

Ei heilag stund, når kampen er over.  Tablået som alt kretsar om.  Jul i kyrkjene.  Fridagar på bedriften. Fred på garden. Ønskjedraumar kan idyllisera, men dette var meir nært realitetar og det krevjande livet, som me alle veit litt for mykje om…

for det var ikkje husrom for dei.

…  Like trongt i Betlehem som for menneske på flukt mot stengde grenser eller i papirlaust limbo utan lov til menneskeretten å kunna arbeida.

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.

… Sceneskifte frå den innerste familiesirkelen til ein av dei større sirklane rundt han.  Arbeidet.  Arbeidskameratar.  Skiftarbeidarar på nattevakt.  Utan topp HMS og gode karrierevegar den gongen. Men kameratskap på golvet. I kantina.  På Obs-kafeen. På markene.  Rundt eit bål.

 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.

… Frykt for det ukjende. Skjelvande i møte med mysteriet som fascinerar og rystar.  Kvardag med rutinar er enklare. 

Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde!

… Prestane vil så gjerne gje det vidare!  For det er ikkje gildt om folk kjenner redsel for det som kjem frå himmel og Gud.  Når det er godt nytt, og budberarane frå Gud innleiar med: Ver ikkje redde…

Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 

… Gleda trumfar salgssjefar som kunngjer nye ordrar, og ho overstrålar jordbruksoppgjer med nye melke- og kraftfòrprisar!  Juleevangeliet til alle utan forskjell.  Til alle stader og tider. På jærsk også!

I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

… Kven skulle tru at ein nyfødd i ein stall var frelsar, og at frelsaren var Gud, komen som eit barn, som ein av oss, nummer 3 i ein familie på to, heilt inn i livet sin innerste sirkel?

Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen;

… Nytt sceneskifte. Nå vert sirkelen verkeleg stor.  Himmel på jord!  Den vesle familien sin indre sirkel og arbeidskameratskapet sin gode mellomsirkel får den største sirkelen å høyra til i.

dei lova Gud og song:          
    «Ære vere Gud i det høgste,

      og fred på jorda
      blant menneske Gud har glede i!»

… Ja, det er ikkje ære vere keisaren for det store riket han vil ha i manntal. Eller alt som strevar etter å verta stort og rikt – og helst fort.  Det gjer så fort folk bare små.  Nei, når Gud i det høgste får æra, vert fattige nattarbeidarar løfta opp.  Det går ein song og eit verdisett frå Betlehem gjennom verda.  Å gje Gud åleine den høgaste æra, er eit kall til likeverd og menneskeverd, slik det er sunge av englar, og av ungar, arbeidsfolk, trygda og pensjonistar på Jæren, dei som har funne kvilestilling i høgtid og heim:
          

Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

… For gjetarar og arbeidsfolk vil venda tilbake til jobb etter ei god og heilag jul. Viss dei til og med har gitt gode meldingar og opne tankar heim til den innerste sirkelen sin – og gjerne kjent krafta frå den største ringen om livet – då skal gardar og skular og institusjonar og bedrifter neste år telja opp fleire glade, fornøgde arbeidarar som tenkjer: Me er den midterste ringen. Me backar den innerste ringen. Me har feira jul og opna oss for den store og heilage sirkelen over og rundt oss. Den som har kome heilt nær.

Powered by Cornerstone