Josef og Maria hadde ikkje mobil
Julaften 2015

Josef og Maria hadde ikkje mobil

Josef og Maria fekk ikkje lagt fødselen ut på Instagram. Dei fekk ikkje teke ein snap. Maria fekk ikkje filma og dela det med mor og svigermor på Facetime og Facebook. Ikkje ein einaste liten selfie fekk dei teke.

Josef og Maria hadde ikkje mobiltelefon. Kan de begripa at dei klarte seg? Det må jo ha vore ei enorm ulempe!

På veg
Dei fekk jo ikkje sjekka yr eller storm før dei skulle 13 mil til fots frå Nasaret til Betlehem.  Kor mykje skulle dei pakka på eselet då? Ikkje fekk dei sendt sms til slektningar i Betlehem og varsla at dei var på veg? Ikkje kunne dei senda melding til den ansvarlege for manntalslistene at Maria var så høggravid at dei bare måtte få melda seg seinare.  Eller ta alt på SKYPE ein passande dag. Ikkje kunne dei skriva mail til keisaren  eller tvitra til opinionen.  Eller i alle fall til Nasaretposten om urimeleg behandling av gode borgarar i landsbyen.  Ikkje kunne dei melda krav til NAV om tapt arbeidsforteneste.  Dei hadde jo ikkje mobiltelefon!

Så dei måtte bare ta ut då – uten mobilen.  Det hjalp at det var mykje folk på vegene.  Eitt og anna kunne dei få spurt om.  Uro kunne dei dela, med å snakka og fortelja til andre.  Litt nytt var det å høyra her og der.  Men dei hadde altså ikkje mobilen til å sjekka booking.com og finna rimeleg overnatting i Betlehem før andre hadde sikra seg dei ledige sengene.  Dei kunne ikkje senda sms til slektningar og be dei halda av noko.  Dei måtte rett og slett ta livet som ferskvare, finna ut der og då, stola på Gud når ikkje google og ventelo og onecall var der.

Framme
Og fram kom dei.  Det var verre enn me kan forstå.  Maria kunne ikkje sukka til mor i Nasaret på digitale motorveger. Slett ikkje sjekka jordmora med best  referansar og stjerner på gule eller andre sider.  Dei måtte greia seg uten mobil!  Ikkje ei  venninna å betru seg til!  Ikkje ein informasjon å oppdriva!  Bare nye ansiktsmøte rett i døra:  «Sorry, fullt her.»  Folk som flyktar for livet i dag og finn stengde dører og må stå i håplaust lange registreringskøar, har tross alt mobil!

Det blei ein stall. Godt muleg ei grotte. Ein plass der dyr og menneske lever tett.  Kanskje var det gild slekt som berga dei, eller nokre fattige, godhjarta som delte litt av det vesle dei hadde? Slik me håpar det kan vera for mange som treng det, denne jula også. Men me veit jo ikkje heilt korleis Maria og Josef hadde det, for dei hadde jo ikkje mobiltelefon. Det er ikkje dokumentert.

Fødselen
Maria og Josef opplevde det tøffaste og gildaste det går an å oppleva: å verta foreldre til ein liten gutt som vart tulla inn i det varme dei hadde og lagt i ei krybbe som dyra ikkje fekk stikka nasen i.  Men dei fekk ikkje lagt det ut på Instagram.  Dei fekk ikkje teke ein snap.  Maria fekk ikkje filma og dela det med mor og svigermor på Facetime og Facebook.  Ikkje ein einaste liten selfie fekk dei teke.  Dei måtte kjenna på takknemleghet og takk og nye følelsar og vera trygge i sin eigen rolle og identitet utan eit einaste lite elektronisk signal inn eller ut. Josef kunne ikkje ein gong sjekka parkeringsappen om eselet kunne stå trygt ei stund til!

Kan de begripa at det gjekk? At me faktisk sit her over 2000 år etterpå og har ein del fellesinntrykk av fødselen i Betlehem.  Og desse inntrykka går langt utover noko som vert delt ferdig dokumentert i grupper på Facebook.

Sterkast kommunikasjon
Kan det rett og slett vera at mobilen har nokre begrensningar?  At nettet ikkje kan måla seg med verkelegheten?  At jula si forteljing kommuniserer med ei mykje sterkare kraft enn avansert  kommunikasjonsteknologi kan?  At Gud kommuniserer med oss på den sterkast mulege måten.  Med å koma som ein av oss, leva som ein av oss og gje oss det håpet og frelsa me elles ikkje ville hatt.

I USA er det gjort ein fersk undersøkelse blant college-studentar.  Testen handlar om kva samtalar som gjorde mest inntrykk, varig og følelsesmessig, på 4 ulike kanalar. 1. Ansikt til ansikt. 2. Via videolink.  3. I telefon.  4. Via tekstmeldingar.

Korleis trur de det gjekk?  Kva ga sterkast og mest varig inntrykk?  Minst på sms – same kor mange smilefjes som vart lagt på.  Litt meir på telefon.  Ennå meir på videolink.  Men ingenting kunne måla seg med samtalane ansikt til ansikt.

Ferskvare
Maria og Josef opplevde det dei opplevde og gjorde det dei gjorde, the very, very real way!  Alt var ferskvare.  Ingen opplevelse i øyeblikket vart forstyrra av sms om koss det går eller av krav om alle dei som burde få melding - nå! 

Dei nødvendige meldingane som tolka og heva øyeblikka til himmelske høgdar, var det Gud som tok seg av.  Englar.  Ein som smilte budskapet over forskrekka gjetarar. Ansikt til ansikt.  Ein frelsar for alle er født.  Eit kor song kva dette innebar:  Ære vere Gud.  Fred på jorda.  Gud har glede i menneske.  Han er komen som ein av oss!  Ja, Gud er der i stallen og startar på livet ansikt til ansikt med oss menneske.  Det endra verda og historien.  Mykje sterkare enn Moses sine steintavler og himmelske tekstmeldingar frå profetar av typen «Så seier Herren…»

Det gjekk faktisk eineståande godt i Betlehem utan mobiltelefon.  Gjetarar hadde vit til å tru på eit syn og leita og finna.  Maria og Josef fekk besøk utan å melda behovet over nettet.  Dei fekk bekrefta at dei var ein del av noko mykje større enn det fantastiske dei allerede opplevde,  der dei sto rundt krubba og smilte.

Ansikt til ansikt
Eg gjenfortel juleevangeliet på denne måten for å sei at Gud valde den aller sterkast måten å kommunisera med  skapningane sine på jorda.  Han kom ansikt til ansikt, og dei som var med på prosjektet, fekk det i rein ferskvare, uten kommunikasjons-forstyrrelsar og tekniske omvegar.
Dette er Guds program, og me har lyst til å ha det som vårt neste semester her i kyrkja.  Ansikt til ansikt, er tema og motto.

Og viss Gud sitt program, der han kjem til oss ansikt til ansikt, skulle føra til at me får lyst til å ta lange og gode pausar frå mobilavhengighet og digitale tvangstrøyer, så  har me fort noko godt i vente.  Blikk som møter kvarandre utan redsel for å verta forstyrra av neste pling.  Dei litt lengre tankane får lirka seg fram, evnen til å sjå og lytta,  vera tålmodig, og tru at Gud har litt fred på jorda for meg også.

Verdifull og elska
Maria trong ikkje sjekka likes for å vita at ho var verdifull og elska.  Det var Gud si helsing.  Det er jul si gode helsing til alle.   Ho og Josef trong ikkje ta ein selfie for å ha han til å samanlikna seg med andre.  Det var nok å huska dei ekte møtene med engel, gjetarar og vise menn.  Og aldri gløyma kor trufast Josef stilte opp og kor mykje Maria var verd å stilla opp for.   Dei trong ikkje senda ein einaste privat ting fritt ut til intimbloggen.  Maria gøymde det ekte og sterke og private i hjarta.  Og likevel er det meir enn nok igjen til oss alle: Å tru og vita at me er elska av Gud!  Å kunna feira jul kvart år så lenge me vil. 

Til og med heilt mobiltelefonfritt!

Powered by Cornerstone