Kveite og ugras
Matteus 13,24-30. Kveldsgudsteneste febr.2016: Ansikt til ansikt med humanismen

Kveite og ugras

Å leva ansikt til ansikt med Bibelen som veileder er å prøva oss sjølv, og ikkje dei andre. Me skal ikkje sortera, me skal elska! Me skal ikkje leita etter ugras, me skal så korn og gje det gode vekstvilkår. Me skal vera humanistar som heller vil vinna venner enn å finna fiendar.
Illustrasjon: Johannes Kleppe     

Så sette Jesus fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’» (Matt.13,24-30)

Det måtte ei likning til då Jesus skulle setja ord på nokre av dei største og djupaste spørsmåla:  Kor kjem det vonde frå?  Kor kjem det gode frå?  Korleis skal me skjelna og skilja og leva med det som er sant og godt, og med det som er vondt og galt?

Det gode si gåte
I dette forunderlege og fantastiske livet fløymer det godhet over oss, i oss, mot oss og rundt oss.  Jesus fortel om gjevaren.  Om han som har sådd godt korn.  Om kveite som spirer, veks, modnar og ber.  Gjennom tider og kulturar og inn i hjarte har dette gode gitt tru.  Takk til Gud.  Forundring og glede som har funne adressat.  Godhet i kvardag har skapt gudsteneste i helg.  Det gode si gåte, uttrykt i tru og takk og tilbeding av den gode gjevaren.

Men sjeldan utan spørsmål, uro og sorg.  Kvifor dette vonde?  Kvifor katastrofane som ser ut til å ramma så blindt? Kvifor dette bestialske som gjer at dei mest intelligente skapningane også kan vera dei mest grusomme og destruktive?

Det vonde si gåte
Det gror opp så mykje anna enn det Gud har sådd og vil la spira.  Kveiteåkeren er full av ugras.  Det er slettes ikkje bare tru, håp og kjærleik som spirer og gror i verda og rundt oss og i oss.  Ugraset tyt fram alle veger.  Kulde der kjærleik skulle rå.  Forvirring og frykt fører til vonde valg. Håplaushet breier lett om seg. 

Ugraset er over alt.  Du møter det heime og på arbeid, det breier seg i strukturar og det trivs hos den enkelte.  Som regel sterkare i vår eigen bjelke enn i flisa i naboen sitt auga og i tida sitt forfall.

Kor kjem det vonde frå?
Me kan spørja likninga sitt spørsmål. Kor kjem dette frå?  ”Herre, sådde ikkje du godt korn i åkeren din?  Kvar kjem då ugraset frå?”
Svaret er både godt og vanskeleg: ”Det har ein uven gjort.”

Dette svaret er godt fordi Jesus slår så tydeleg fast at det vonde ikkje er ein del av Gud.  Gud er god.  Og svaret er vanskeleg fordi det reiser spørsmål om Guds allmakt. Men skal eg kjempa med spørsmålet om Gud er god eller Gud er allmektig, så er det best for meg at det er allmakta eg må streva mest med.  Det vonde er ikkje ein del av Gud.  Eg treng aldri ha mistillit til at Gud vil meg vel.  Han er ikkje lunefull og uberekneleg, eg skal ikkje måtta tru at han står bak og har ei meining med alt som skjer.

Ingen av oss kan teoretisk løysa dette med Guds godhet og allmakt. Like lite som det vonde sitt problem er lett å håndtera utan ei gudstru.  Men for meg og for mange er det godt, det Jesus seier: at Gud er god.  Også når han lar ugraset gro med kveiten fram mot hausten, er han god. 

Kveite og ugras
Kanskje nettopp då er han god.  Dessverre har ikkje kyrkja alltid sett denne godheten.  Og endå verre:  Ho har ikkje innretta seg etter han.  Kristne miljø har vore for ivrige etter å sortera mellom ekte og falsk tru.  Til tider har kyrkja sin praksis motarbeidd det menneskesynet og den nestekjærligheten Jesus forkynte og praktiserte.  Nokre gonger vart kamp for trua til bekjempelse av andre truande.  Det sneik seg inn tankar om at målet helligar midlet, og så var ein i gang med den ugraslukinga Jesus advarer mot.  For han gjev oss eit stort OBS:

Det er vanskeleg å skilja mellom ugras og kveite.
Det fins ugrastypar som i starten liknar på korn og har djupare rotsystem, så det nyttar ikkje å rykka det opp uten at kornet går med i operasjonen.

Eigentleg er det eit djupt befriande ord Jesus gjev oss i dag.  La ugraset og kveiten veksa i hop til hausten.  Me skal sleppa å sortera og bedømma medmenneska våre.  Me skal sleppa å leika Gud. Det er Guds si sak å dømma rettferdig. Me er ikkje kompentente nok og slett ikkje kjærlege nok. 

Det bibelske perspektivet er at me skal bruka oppmerksomheten på å prøva oss sjølv, og ikkje dei andre.  Me skal ikkje sortera. Me skal elska!  Me skal ikkje leita etter ugras, me skal så korn og gje det gode vekstvilkår. Me skal vera humanistar som heller vil vinna venner enn å finna fiendar.

Modningsperspektiv
Det er tydeleg at Jesus  tenkjer i eit modningsperspektiv.  Både kveite og ugras modnast.  Det som kan sjå ut som ugras i første fase, for ikkje å seia i ungdomstida, kan modnast til det flottaste korn.  For ein tragedie om det ikkje fekk nødvendig tid på seg – med tillit og omsorg.

Me lever livet vårt i eit modningsperspektiv. Både tru og kjærleik kan veksa.  Ein god samtale ansikt til ansikt kan vera ei hjelp.  Ein gudsteneste med bønnestillhet og nattverd også.  Og gjerne ein salme.

Salme
Nå kjem det ein salme som er skriven til denne kvelden og denne gudstenesteserien.  Då eg skreiv han, vart det tydeleg for meg at temaet «Ansikt til ansikt» uttrykkjer vesentlege sider av kristen tru, desse avgjerande møta som livet og kristen tru lar meg stå i. Så: salmen er eit vitnesbyrd om mi tru.  I første del av kvart vers skildrast eit møte, litt poetisk undrande.  I andre del har eg prøvd å lytta meg inn til kva Gud vil meg i desse viktige møta ansikt til ansikt.  Og viss bønn er meir å lytta til Guds stemme enn det som eg måtte finna på å sei og be om, så er dette ein bønnesalme.

Ansikt til ansikt, eg fekk ditt bilde i meg,
skapt til å bera ein skapardraum frå deg.
Ansikt til ansikt, du bad meg ikkje flykta,
men visa truskap der kallet viser veg.

Ansikt til ansikt, du er Guds bilde nær meg,
min eigen neste, Guds gåve på min veg.
Ansikt til ansikt, du bed meg ikkje dømma,
men visa kjærleik med Jesu eige preg.

Ansikt til ansikt, speglar som spør og kjem nær:
Kor kan eg finna meg sjølv og kven eg er?
Ansikt til ansikt, du bad meg ikkje frykta,
men sjå i Skrifta det bildet som eg ber.

Ansikt til ansikt, auget ser nattsvart mot  jord.
Veik, feig og liten i mot og kraft og ord.
Ansikt til ansikt, du bed meg ikkje tvila,
men gripa trua at nåden din er stor.

Ansikt til ansikt, lys frå din himmel fell ned
kvar helg i tida når livet treng din fred.
Ansikt til ansikt, du bed meg ikkje vika,
men søkja krafta i nåden du vil gje.

Ansikt til ansikt, du opnar gåter for meg
ein dag når tida blir evig liv hos deg.
Ansikt til ansikt, du bed meg ikkje sovna,
men tru og håpa på kjærleiks gode veg.

Powered by Cornerstone