Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida 2020 - Joh.15,1-5

Å bera frukt

Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave. Poda med Jesus. Det vert god frukt av det.

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden.  2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.  3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk.  4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg.  5 Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord, og atter som eit under nytt liv av daude gror.  Eg vert lett og lys og glad. Augene ser fargane som trengjer seg fram på eit teppe av grønt.  Øyrene høyrer vipa og trosten og lerka.  Skrotten livnar til, føtene vil ut og gå, og tankar tenkjer at det var godt at coronaviruset ikkje kom i november.

Blømande frukttre
Noko av det finaste eg veit er frukttre.  Når dei står og blømer i kvitt og rosa mot grønt. Dei lokkar på insekt og gjer alt dei kan for å kunna bera frukt.  Og seinare står dei der tunge med moden frukt på andre sida av sommaren og lokkar på folk til å hausta.  Noko av det finaste eg veit.

I desse fine vårdagane får me eit ord av Jesus om dette. Det har påske og pinse i seg.  Nytt liv, ny frukt.  Han fortel om den edlaste frukta som heng i store klasar og spreier så mykje glede. Han gjer vintreet og greinene i åssider og terassehagar om til eit bilde.  Om den gode frukta me kan bera når me blir i Jesus og han i oss.

Poda tre
Eg har sjølv planta frukttre.  Det er ekstra gildt med dei.  Å forma dei tidleg, å beskjæra dei så dei både ser godt ut og ber godt.  For kvaliteten er viktig. Viss du vil vera sikker på god kvalitet og kva sort frukt du vil ha, så må treet vera poda.  Ei grein eller ein knupp frå eit kvalitetstre må podast inn for å gjera treet til det som det skal vera.

Den podinga der minner om ei stor glede i menneskelivet sin vår. Om noko som kyrkja vår har sett ekstra fokus på dette året.  Og me misser ikkje fokus på det om året har vorte veldig annleis.  Dåp.  Seinast sist sundag vart 2 små døypte her i kyrkja.  Denne sundagen kan me godt tenkja på det å vera døypt.  Det er å vera ei grein på Jesus-treet.  Poda med det beste kvalitetstreet som finst. For Jesus levde eit liv med bare gode frukter. Han er den einaste som har levd med eit heilt og udelt hjarta.  Han var bare god og gjorde bare godt.  Han var det ikkje for å få oss til å føla oss skitne og smålege.  Han var det for at me som har eit frykteleg delt hjarta, ikkje skulle dømmast etter det som me gjer og tenkjer og seier, men etter det som Jesus er og står for.  Me som er forgjengelege og ikkje strekk til, skulle få del i hans seier.  I dåpen poda han oss med sitt liv og sin seier.  Like gratis og gave som det var då han ga livet sitt på korset. 

Dåp og håp
Frå dåpsdagen høyrer me til hos Jesus. Me i han og han i oss. Så stort er det å vera døypt!  Og faktisk er det sånn med eit tre at om det får ein knekk, og det skjer med tre, så knekk det ikkje i podepunktet.  Det er det sterkaste punktet i heile treet.  Akkurat slik er det med Guds løfter i dåpen og alt det Gud får gjera i oss.  Det vert det sterkaste punktet i oss. Guds nåde brest ikkje, knekk ikkje.

Godt å tenkja på i tider som kan gje ein knekk.  Godt å tenkja på i årstid som ber så mykje håp i seg.  Godt å tenkja på når livet går gjennom endringar.  Nokre endringar er naturlege syklusar som alt liv går gjennom. Noko er utenkelege brot med alt me venta.  Uansett er det grådig å tru at alle piler alltid skal peika opp og fram i jamn vekst. Ei grein må leva i kvileskjær og tåla beskjæring.  Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen.  Å vera og leva i dåpen sin gave. Poda med Jesus.  Det vert god frukt av det.

Skjer snart
Gudsteneste
Søndag 30. mars, 2025 11:00
Gudsteneste v/ Stein Ødegård Nattverd Sundagsskule
Misjonssamling i kjellarstova Bryne kyrkje
Mandag 31. mars, 2025 19:00
Fersk informasjon om Madagaskar og misjonsprosjektet “Døve og blinde på Madagaskar” ved Hans Austnaberg og Helga Johannessen. God tid til samtale og spørsmål. Kaffi og noko å bita i. Arr: Misjonsutvalet
Tweens- og ungdomskor
Torsdag 3. april, 2025 19:00
Tacofredag
Fredag 4. april, 2025 17:00
Velkommen til tacomiddag for heile familien, samling og aktivitetar for barna og kaffipause og drøs for dei vaksne. Alle velkomne. NB: Hugs påmelding.
Kyrkjesafari - Jæren prosti
Lørdag 5. april, 2025 10:00
Laurdag 5. april arrangerer Jæren prosti Kirkesafari til utvalde kyrkjer i Hå, Time, Klepp og Gjesdal. Dette i samband med Stavanger Bispedømmes 900års jubileum. Lisabet Risa blir guide på turen. Avreise (kl 10:00) og innkomst: Bryne kyrkje Det blir servert graut i Ålgård kyrkje. Pris: kr 400,- (freist 30. mars) Påmelding: https://algard.kirken.no/kyrkjesafari eller på tlf: 47259486
UngFokus (UF) 8. kl og oppover
Lørdag 5. april, 2025 20:00
Jubileumsgudsteneste
Søndag 6. april, 2025 18:00
Jubileumsgudsteneste for heile prostiet v/ sokneprest, prost og biskop Anne Lise Ådnøy. Stavanger bispedømme 900 år Musikk ved Jærklang, Bjor Bohne og Per Olav Egeland Nattverd Kyrkjekaffi
Open-kyrkjekafe
Mandag 7. april, 2025 18:00
Kyrkjestova er open. Velkommen til ein triveleg møteplass der ein kan få seg ein kopp kaffi og noko enkelt å eta. Kasnkje treff du nokon ny folk? Velkommen.
Powered by Cornerstone