
Ingen eller nokon
Sjuk i 38 år! For eit liv! For ein skjebne! Milevidt frå vårt finmaska nett av velferdstenestar og enorme helsebudsjett. I vårt samfunn vert hypermoderne sjukehus bygde ein halvtime unna. Legetenestar er tilgjengeleg i kvar kommune, for alle. Uavhengig av status og inntekt dekker fastlegeordninga kvar minste krok av landet. Sykehusa har spesialistar, vitenskap, maskinar, utstyr og kunnskap og medikament som ligg på eit så avansert nivå at me knapt kan fatta det. Me veit ganske så mykje om kva me skal gjera sjølv også, for å ha ein livsstil som førebyggjer helsetrøbbel, og kor me skal ringja eller gå viss me vert sjuke.
Konstant til kort
Kontrasten til Johannes si Jesusforteljing er enorm. Både i teknologi og oppfatningar. Me er jo også ganske langt unna den folkelege oppfatninga om garantert mirakel for førstemann uti Betesdadammen, viss vatnet er rørt opp av ein engel. Ikkje dei eldste, men yngre bibelhåndskrifter fortel dette. For oss i dag går det ikkje automatisk å leva oss inn i livssmerten i forteljinga. Klarer me førestilla oss eit liv på ei båre i 38 år? Fullstendig avhengig av andre. Utan rullestol. Isolert. Dømd til å tigga og be om andre sin medlidenhet. Er det rart at livet hans vart eit einaste ønskje om å verta frisk? At han prøvde dei få mulighetane som fanst? Satsa alt på at Betesda-dammen ikkje hadde godt rykte for ingenting. Men også der kom han til kort. Alltid vart han for sein, venne- og hjelpelaus når vatnet og stemninga syda, og det galdt å ha spisse albuar og gode venner.
Men det er ikkje bare han, dette...
Han har mange lidingsfellar opp gjennom historien. Ein endelaus straum av menneske som fekk livet øydelagd av sjukdom, til og med i samfunn med store helsebudsjett. For mennesket er utestengd frå Paradis-hagen. Me kjenner nokon personleg. Ber kan hende på noko sjølv. I alle fall ber me på smerten over at livet sakte skal brytast ned og kroppen til slutt verta til jord. Eller me er velsigna med kjempegod helse, men er likevel matte inni oss av noko sjølvdestruktivt eller av konfliktar og vanstyre som legg deler av verda på båre i mykje meir enn 38 år.
Verta frisk?
Og så kjem det altså ein mann til Betesdadammen - og her nå. For evangeliet er alltid eit nå! Jesus spør rett ut: "Vil du verta frisk?" Han stiller spørsmålet mange lengtar etter å få. Det betyr at Jesus såg og ser dei som slit. Den svakaste av dei svake. "Vil du verta frisk". Høyrer me respekten i spørsmålet? Høyrer me at Jesus møter eit heilt menneske, ikkje bare ein sjuk kropp?
Han ser altså dette standhaftige håpet som gjer at ein kronisk sjuk likevel ikkje gjev opp. Har me ein flik av eit sånt håp i noko av det som me strevar med? Slike håp ser Jesus, han som ikkje bryt eit knekt siv og ikkje sløkkjer ein rykande veike.
Det kjem ein dag der Jesus er der med det gode spørsmålet: "Vil du verta frisk?" Klart ein kronisk sjuk som ikkje gjev opp, vil det. Det er jo derfor han ligg ved damkanten! Men den sjuke sin respons er hjarteskjerande: «Eg har ingen som kan få meg ned i dammen når vatnet vert rørt opp!»
Eg har ingen
Viss du skal uttrykkja djup, eksistensiell naud og håpløyse, så kan du bruka desse 3 orda: «Eg har ingen».
For me mennesker er skapte til å leva i samfunn med andre. Me veit det godt, og moderne filosofar og etikarar seier det med fagleg tyngde. Mennesket er skapt til å leva i relasjonar. Eit menneske som lever i relasjon med andre, har alltid nokon. Den sjuke mannen ved Betestadammen hadde ingen. Han hadde ingen til å hjelpe seg ned i dammen. Eit konkret uttrykk for noko alvorleg som mangla. Han var eit menneske som hadde ingen, ingen som kunne hjelpa han, ingen som kunne lytta til han, ingen som kunne berøra han, ingen han kunne spegla seg i på ein sånn måte at hans eige menneskeverd vart bekrefta. For det er ikkje spøk å tenkja godt om seg sjølv, andre, livet og Gud når alt har gått imot så lenge det er muleg å huska!
Tenk litt på dei 3 orda: «Eg har ingen». Kan dei sei litt om livet vårt, eller livet til nokre me kjenner? Ingen å betru seg til om noko vanskeleg. Ingen å stola på i dei tyngste stundene. Me snakkar ein del om utenforskap i samfunnet vårt for tida. At nokre er utenfor den trygge og fortrulege tilliten som gode relasjonar byggjer opp. Orda frå den sjuke på damkanten er dekkande for mange si vonde erfaring. Dei har ingen.
Å få nokon
Viss eit menneske opplever at eg har ingen, så er det knallsterkt å oppleva at det kjem nokon som kan sjå, ta i forsvar og vera stemme for den som ikkje får til å ordna opp i si eiga sak. Slik Jesus gjev den sjuke mannen ein annan form for liv. Han er ikkje lenger ein som har ingen, men ein som har nokon. Han får ei hjelp han ikkje venta. Nokon tok det første skrittet for han som ikkje kunne gå og ikkje kunne sjå veg.
Alle me som trur på Jesus, er kalt til å vera nokon, slik han var. Ingen skal ha ingen rundt seg, der det er ei kristen kyrkje. Det kristne fellesskapet er eit miljø som byggjer relasjonar som har helbredande funksjon, både for dei som går i kyrkja og dei som trør i gatene og i ensomme leiligheter der dei har ingen. Me er den opne famns kyrkje. Her – og overalt i Bryne.
Jesus sitt eksempel bed oss oppsøkja dei som ikkje troppar opp sjølv, og gjera oss kjende med strev og håp og draumar. Velferdssamfunnet tek ikkje vekk alle dei store oppgavene som ligg og ventar på oss alltid, i diakoni, dialog, samtale, gjestfrihet, forsoningsarbeid, bønnepraksis og samfunnsengasjement.
Forbønnspraksis før og nå
Ord om bønn og helbredelse får me i dag frå Jakobs brev (kap.5). Ei oppfordring om å salva sjuke med olje og be over han i Herren sitt navn. Forfatteren av Jakobs brev viser ein praksis i tidleg kristen tid. Menigheten var eit helbredande miljø, prega av salving, forbønn og bekjennelse av synder. Og med det: Gode, sterke erfaringar av Guds løfter inn i det vanskelege livet!
Me kjenner og brukar denne praksisen i Bryne også. Prest og diakon kvar for oss eller i saman. Salving og bønn. Det hender det skjer og er alltid fint. Me tenkjer at denne sundagen er den rette til ein enkel form her i kyrkja også. Me skal feira nattverd framme og bak. Under nattverd er det to stasjonar for bønn. Å skriva bønnelappar i bønnekrukka på den eine sida bak i kyrkja. Eit tilbud om forbønn på den andre sida. To forbedarar vil stå og be ei fin velsigningsbønn for dei som kjem. Du kan også be om forbønn for nokre du tenkjer på eller for deg sjølv og noko du står oppe i. Varmt velkomne!
Ikkje alle vert friske
Praksisen med bønn og salving frå Jakobsbrevet var – og er - ei vidareføring av Jesus sine helbredelsar. Og då må me huska. Jesus helbreda ikkje alle. Ved Betesda ga han eit teikn. Han kan. Og han ser særleg den som slit mest og har ingen.
Ikkje alle vert friske. Jesus helbreda ikkje alle. Han fjerna heller ikke døden, men gjekk sjølv inn i lidinga og døden. Ja alle si liding og alle sin død. Dei grunnleggande vilkåra som me menneske lever i og under, vart ikkje radikalt endra av Jesus. Men noko nytt hadde likevel hendt: I sin oppstandelse seira Jesus over døden, ein gong for alle. I trua på hans oppstandelse kan me møta døden med håp. Det fins noko og nokon bak dødens port. Det er ikkje slik at me har ingen der. Jesus er der, han som gjer alle ting nye.
Når Jesus helbredar ein som har vore relasjonslaus og helselaus i 38 år, så er det eit overveldande teikn på denne krafta. Underet skjer for å visa oss kven Jesus er. På same tida gjev det ei hjelp utan like til han som vert helbreda. Me må og vil tru at dette kan skje framleis!
Å leva fri eller dømt
I siste del av evangeliet for i dag møter me ein forhenverande sjuk mann. Han går på sine eigne føter og ber båra si, sjølv om det er sabbat. Me høyrer kor forarga dei religiøse systemvaktarane vert. Det skjedde den gong, og det kan fort gjenta seg. Dei som vaktar systema kan slita med å dela den spontane gleda over at eit menneske har fått livet sine krefter tilbake.
Då er budskapet i dag at me alltid må sjå mennesket før systema. Jesus kom til jorda av den store grunnen å hjelpa kvar enkelt av oss tilbake til frelse, til heilt og forløyst liv, til helbredelse, til liv i gode relasjonar. Han oppsøkjer ein sjuk og gjer han frisk frå sjukdommen si makt. Han finn ein frisk og set han fri frå synda si makt og det å leva under andre sin tronge dom.
Ja, slik er Jesus med alle. Me er aldri uten Jesus. Han har gitt seg sjølv for oss. Han har betalt og gjort opp for oss, for at ikkje noko verre enn sjukdom skal ramma oss. Me skal ikkje vera uten Gud og håp i verda. Me skal ikkje vera uten han som reiser oss opp innanfrå. Han som lærer oss å sjå muligheter og ta nye steg for å prøva dei ut. Han som ein dag vil møta oss heilt, ansikt til ansikt. Då er me så nye som me kan verta.
Nå skal me syngja det, med Ylva Eggehorn sin tekst og Benny Andersen i ABBA sin melodi. «Så kom du da til sist». Så kjem du til sist. Etter 38 år. Etter eit langt liv. Sangen smeltar alt i hop. Evangelieforteljingane dengong, nåtidserfaringane våre i dag og framtidshåpet med det som er i vente. Norsk Salmebok nr.364: Så kom du da til sist!