Å følgja eit kall
Aposteldag 6.sundag i treeiningstida 2023 - Lukas 5,1-11

Å følgja eit kall

Ikkje har eg eit sånt forhold til folk rundt meg at eg liksom skulle sirkla dei inn som ein annan jeger, få dei på kornet eller kroken, eller lokka dei i garnet og lura dei inn i noko dei aldri hadde sett føre seg. 

Bryta opp og starta på nytt. Gå ein ny og ukjent veg.  Me har høyrt  3 bibeltekstar om det.  3 personar møter Gud. Dei får livet endevendt. Dei vert forandra til noko dei ikkje hadde sett føre seg. Noko dei ikkje hadde kontroll over. Noko dei ikkje kjente vegen framover i.  Lite tyder på at dei hadde bedd om det, ønska det.  Likevel let dei det skje.  Dei tek imot det nye.  Dei bryt opp og går ein ny og ukjent veg. Fascinerande!  Sterkt!

Dei endra historien
Abraham fekk eit kall til å reisa frå heimlandet til eit land Gud skulle visa han underveis.  Han var lydig og vart trua sin far og stamfar for eit folk. 
Paulus fekk eit kall til å leva for Jesus i plassen for å kjempa imot og forfylgja han og dei som trudde på han.  Han snudde tvert om. Han vart den store misjonæren som spreidde den gode nyheten om Jesus til folkeslaga.
Simon Peter og andre vanlege fiskarar vart kalla til å fylgja Jesus og fanga menneske.  Han vart den viktigaste leiaren i den første kyrkjetida.
Dei fekk eit kall og følgde det.  Takk og pris!  Det er derfor me sit her.  Dei forandra historien. På ein måte måte kven me som sit her, er.  Dei utgjorde ein forskjell.  Ein stor ein. 

Medarbeidar?
Dei fortener at kyrkja feirer aposteldag og minnest og takkar.  Både dei og me fortener at dette ikkje bare er ei greie om dei og den gong.  Men at me spør:  Korleis kan me utgjera ein forskjell for dei som er rundt oss og kjem etter oss?  Ein stor eller liten, men i alle fall ein forskjell.  Korleis kan me vera medarbeidarar for det som Gud gjer og vil gjera i verda i dag?  Korleis kan me fylla ein viktig rolle og ein god plass i kyrkja vår, i heimen vår, i kvardagen og nærmiljøet vårt.  Vera medarbeidar.  Medarbeidar for Gud. Medarbeidar i det som kyrkja skal vera og gjera.  Medarbeidar som utgjer ein forskjell der me bur.

Om dette får me ei god helsing, eit kall frå Jesus:
«Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!»

Fangst
Nokre av oss kjenner: Det er eg ganske redd for. Det er langt utanfor komfortsonen. Det er store nok ord å tenkja at eg og alle kan vera noko så fint som ein medarbeidar i kyrkja og i Guds rike og skaparverk.  Men å snakka om fangst er langt over grensa.  Ikkje har eg eit sånt forhold til folk rundt meg at eg liksom skulle sirkla dei inn som ein annan jeger, få dei på kornet eller kroken eller lokka dei i garnet og lura dei inn i noko dei aldri hadde sett føre seg. 

Det kan ikkje vera dette Jesus meiner.  Han seier jo «Ver ikkje redd».  Han inviterer til godt liv både for medarbeidarar og for dei som vert berørte av medarbeidarar sin teneste.  Han sørgjer for storfangst som forsørger familiar i lange tider og gjev tru på at det vert fint å følgja han. Omsorg og utfordring i ein smekk.  Han kallar til noko som heng i hop.  I hans følgje skal det vera godt å vera medarbeidar og godt å møta ein etterfølgjar av Jesus?  «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!»

Men det er jo ganske sprøtt, då! Kasta garnet ein gong til, om dagen når dei ikkje hadde fått noko på natta som garna var best på?  Kva var det som gjorde at dei tok Jesus på ordet og handla?

Heimebanegevinsten
Var det så enkelt at Jesus kom på heimebanen til fiskarane? Han opna ein himmel over kvardagen og gjorde han så mykje større!

For Jesus kjem på Peter sin heimebane. Han møter han i det han kjenner og beherskar.  Midt i kvardagen for ein yrkesfiskar.  Han låner Peter sin båt og gjer han til talarstol.  Kven hadde ikkje svulma av stolthet over at Meisteren har bruk for noko som er mitt  og brukar det til å la auge skina og hjarta banka. Og himmelen vert kvelva over livet og Gud kjem så nær!

Slik vil Jesus meir enn gjerne møta oss på vår heimebane.  Det er der han møter oss først.  Det er der me kan slå auga opp om morgonen og lukka dei om kvelden i Jesu namn. Og undervegs i dagen har me hatt glimt av gudsnærvær over kvardagen. Livet er større og meir. Tilværelsen er opnare enn om alt bare var meg og tid og pengar og slit og opplevingar – åleine.

Verken Peter eller me treng å rynka på panna og vegra oss over å lukka Jesus inn i kvardagen og heimearenaen.  Etter kvart som me gjer det, får me heimebanegevinsten av å ha Jesus med oss i livet.  De kjenner heimebanegevinsten?  Alle som har drive med sport?  Det er ganske utruleg kor mykje meir me kan skapa og få til når graset er kjent og supportarane støttar opp.

Bortebaneoverføring
Når Jesus fekk rom på Peter sin heimebane, vart tryggheten så stor at det fungerte med overføring til bortebaneutfordringar.  Først i det små og nære.  Yrkesfiskaren som kjende dei gode fiskeplassane og den gode fisketida vart utfordra til å prøva yrket sitt på nye djup og i andre tider der det var tydeleg at resultatet hang på noko større enn han sjølv.  Sånt ga meirsmak.  Etter kvart var Peter på vandring med Jesus på eigen bortebane og inn i andre sin heimearena.  På pinsedag kunne alle folkeslag i Jerusalem forstå og verta gripne av det han forkynte om Jesus.  Seinare våga han spranget ut frå det jødiske. Han døypte den første ikkje-jøden og gjorde kristen tru til ei tru for alle folkeslag.  Å vera medarbeidar vart vidareført og utvikla på bortebane.  Å fanga menneske, å la dei fritt verta gripne av evangeliet, handla om å våga å møta dei der dei var.  Slik Jesus hadde gjort med han.

Me har alle heimebanar og kvardagar der Jesus kan få rom og me plutseleg vert ein medarbeidar.  Me er foreldre og fadrar til eit dåpsbarn som skal få det beste.  Me kan vera støttespelarar i trusopplæring heime og i kyrkja. Det er mange muligheter for medarbeidarar i denne kyrkja, og det er fint å la dei gå på omgang.

Dei fleste har eit arbeid i hop med kollegar.  Det er fort gjort å tenkja det som ein bortebane til å vera open om trua og sleppa Guds kjærleik laus. Men for kollegane våre er det kanskje det som er heimebane, trygt og kjent.

Eit par konkrete tips til å vera lys på arbeidsplassen eller i sosiale settingar:  Fortel heilt vanleg om noko du har vore med på i kyrkja eller har engasjert deg i.  Set ord på eit dilemma i livet som er knytt til tru og etiske valg.  Del ein smerte og fortel at du bad og kva du bad om. Sånt gjer inntrykk på folk.  Dei vert fengsla, som me seier.  Den gode måten å fanga menneske på!

Eit spørsmål til slutt:  Kva var det som gjorde at Peter og dei andre gjekk frå alt, følgde Jesus og vart menneskefiskarar?  Var det bare at Jesus kom i kvardagen deira og viste at det nytta å ta Jesus på ordet?  Eller var det noko meir.  Noko overveldande. Nå møter eg Gud, og det er så sterkt…

Overveldande gudsmøte
Gå frå meg, Herre, eg er ein syndig mann,” seier Peter.

Det vart så sterkt.  Overveldande.  Ikkje bare fangsten.  Ikkje bare kallet som skulle koma.  Men først og fremst møtet med Gud.  Peter møter noko som er større enn det han maktar, og han møter ein Gud langt større enn seg sjølv.  Han fell på kne for Jesus.  Han ser avstanden mellom seg og ein som er meir enn ein vanleg Meister.  Han er Herren sjølv.  Peter ser og merkar den store avstanden og gjennom det kjem han faktisk nærare Gud og nærare dei nye mulighetene i livet sitt.

I vår kultur har nok denne avstanden mellom Gud og menneske vorte for liten.  Det hellige vik lett for det trivelege og trivielle. I det terapeutiske samfunnet vil me helst ikkje snakka om det syndige og nedbrytande.  Og rettighetssamfunnet forstår syndstilgjeving som noko me gjev oss sjølv. 

Å få og gje nåde
Peter lærer oss i dag at det er godt å knela. Godt å erkjenna avstanden mellom menneske og Gud.  Setja ord på spriket mellom den eg er og den ufatteleg ufortente godheten Gud møter oss med.  Derfor bekjenner me synda vår i gudstenesten.  Då får me tru at det skjer noko av det same med oss som med Peter.

For ikkje tale om at Jesus fjernar seg frå ein Peter som har oppdaga si synd!  Eller bare kjenner seg forferdeleg liten. Det er jo slike nåden er for.  Det er jo oss Jesus går vegen til korset for.  Det er oss han seier ”Ver ikkje redd” til.  Det er oss han kallar til medarbeidarar.  At me oppdagar og bekjenner synd er ingen hindring, tvert imot er det vegen til å leva i takk for ein nåde som er så mykje større enn alt grums og smålege greier i oss. 

Så det er ikkje bare apostlane me feirar i dag.  Det er vårt store kall: Kom og ta imot Guds nåde heilt gratis i nattverden.  Og så: ta Jesus på ordet og gå der han kallar deg til å vera medarbeidar. Det er godt liv, det.  Å ta imot nåden fritt, og gje han vidare, vidt og fritt, nært og kjært.

Powered by Cornerstone