Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22

Er det nå det skjer?

Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?

Alle auge er festa på Jesus. Vandrepredikanten som nettopp har starta opp gjerninga si. Han har kome til heimbyen. På sabbaten. I synagogen. Profetordet er lese. Bokrullen rulla i hop og levert tilbake i trygg varetekt.  Folk har augene festa på Jesus, der han har sett seg.  Kva kjem nå? 

Forventning i Nasaret
Eit lada øyeblikk! Av forventning.  Og snart er øyeblikket metta av forundring.  For det han sa, var: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»

Wow!  Ein profeti realisert.  Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren.  Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her?  Med oss? Du?

Det virka som dei likte det dei høyrde og han som sa det.  Skriftord skal jo verta oppfylte.  Gudsordet er jo meir enn håndskrift på eit pergament?  Eller trykksverte i ei bok.  Gudsordet er ikkje bokstavar, men ei hending.  Guds tale og Guds handling høyrer i hop.  Profetord peikar på hendingar som skal koma, på noko som skal skje.

Og det som skal skje, er dei største tinga, evangelium – godt nytt - for fattige, fridom for fangar og undertrykte, syn til blinde, eit nådeår frå Herren.  Det er litt av ein visjon!  Programtale de lux for ei gjerning!  Men aller mest meldinga om at det er nå det skjer. At profeti vert evangelium. At det gamle vert nytt. At lengsler vert oppfylte.  Idag.

Programord for kyrkjeåret
Me startar eit nytt kyrkjeår med desse orda.  Slik vert dei programord for kyrkja sitt neste år.  Om Jesus og det han gjer midt i våre dagar.  Skriftordet skal oppfyllast på nytt.  Gud vil handla, slik ordet hans uttrykkjer det.  Wow!  Nå!  Her!  Med oss!

Så det er mildt sagt fortærande at me ikkje kan fylla dette huset fritt og ropa: Kom til advent i kyrkja, alle som vil.  Men me deppar ikkje. Me finn god meining i å ta vår del av ansvaret for liv og helse og bører me må løfta i lag for tida. Og har eit godt alternativ.

Advent i kyrkja i år
For familiar vert det digital adventskalendar frå kyrkjene i Time.  Ei luke for kvar dag.  Opna og gled dykk. 

Frå presten i Brynekyrkja kjem det to korte AdventsGodtNytt i veka framover.  Ein med sundagstankar sundag kl.11.  Ein med kveldstankar onsdag kl.21.  I dei kjem eg til å ha med musikalske gjester.  Tenna adventslysa og dela tankar om akkursat desse orda som Jesus gjorde til program og visjon, både for det han skulle gjera og for det som kyrkja og dei som trur på han i dag, skal vera.  Tenna forventning og lys i mørke.  Gledesbudskap for fattige. Fridom for fangar.  Syn til blinde. Frigjering for undertrykte.  Nådeår frå Herren og nådeord frå Jesus.

Kvifor dette og slik?
Kvifor driv me på med dette?  Hentar inspirasjon frå gamle ord i nye tider? Tek kyrkjerommet ut på skjermen sine flater?  Fornyar orda og musikken i den kjente gudstenesteordninga?  Går laus på ein ny runde med advent og faste bibeltekstar og tema til kvar sundag og høgtid. Har ei eiga tid i tida som me kallar kyrkjeåret?

Eg kunne ha sagt at det er stor verdi å leva midt i punkta der tradisjon og fornying møter kvarandre, at me visst er laga for å kvila i det kjente, i gode vanar.  Og røskast opp av det nye, ukjente. Til og med med ny musikk til gamle ord.

Chronos og kairos
Men eg skal sei det på ein litt annan måte med å fortelja at det er to ord for tid i Nytestamentet, og to måtar å leva i tida på.  Det eine ordet er Chronos, etter den greske guden som åt opp ungane sine.  Chronos er tida som styrer klokka og kalendrar og arbeidstid og fristar.  Det er tida som går, og som gjer at me bekymrar oss for det me skal rekka, og sørgjer over at tida gjekk så fort, og gjerne frå meg.  På godt og gale går chronos langs tidsaksen og hukar av kva eg fekk med meg og gjekk glipp av. Og gjer me denne formen for tid til gud i livet, så kan me forstå at det er ein gud som et opp ungane sine.

Den andre tida er Kairos.  Den fylte tida. Den gyldne. Tida som plutseleg er inne.  Tida som ikkje går, men som kjem.  Gyldne øyeblikk, på verda sitt språk.  Evigheten sitt nå, på trua sitt språk.

Gud si tid inn i vår tid
Me skal tenkja kyrkjeåret og det som skjer i kyrkja når me feirer gudsteneste som kairos-tid.  Som i dag då skriftordet vert oppfylt.  Wow!  Det gamle og kjente får ikkje verta død kapital, stivna vane. Det er ord med liv. Ord som angår. Ord som trengjer seg på. Oppfylt!  Frelsaren er her! Evangeliet er nå! 

Slik vart det eit dirrande øyeblikk i Nasaret.  Ei kairos-tid. Og det er her kvar gudsteneste står og dirrar med ein nerve som me aldri må stengja ute eller lukka inne, verken med stivna vanar eller med så mykje nytt at folk vert forvirra og usikre.

Frå advent går kyrkjeåret i ring.  3 ringar.  Mens chronos legg sine nye årstal og grånar hår og rullar omtrent som før eller tek oss inn i ei uverkeleg unntakstid til vaksine får oss tilbake til normalen, er den tida som fører oss og andre frå A til B til C, så er kyrkjeåret eit kairos med trua og håpet sin ABC.  I mine tider kjem Guds tid.  Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd.  I mine travle steg, set Jesus sine fotspor.  Skriftord vert oppfylt.  Gudshendingar skjer.  Wow!  Nå!  Her!  Med oss!

Det er nå det skjer
Det er ikkje utan grunn at halve kyrkjeåret er Jesusfestar med lang innledning og forventning – som i advent.  Det er han me fremdeles skal festa augene på og venta på.  Han er i alle punkt på den kronologiske tidsaksen.  Han kjem heile tida med kairosfylt tid. Gudstenestar i kyrkjeåret er skriftordet oppfylt her og nå.  Jesu nærvær. Nåde og frigjering.  Evangelieforteljingane i framhald. Kairos i chronos. Wow!  Nå!  Her!  Til oss!

Advent betyr:  Han kjem. 
Og nå ber me: Kom til oss nå, Jesus. Kom med di tid i våre tider.  Kom med lys i mørke.  Hjelp oss å spreia lyset overalt.

Powered by Cornerstone