Levande steinar
Kveldsgudsteneste i serien KYRKJA - EIT STORT VI, 25.09.2022 - 1.Pet.2,4-6

Levande steinar

Levande steinar. Oppsiktsvekkande ordpar. Det er gjerne berre apostelen Peter som kunne ha kome på dette.  Han som vart kalla klippa, eit berg av stein. Han, den mest levande og dynamiske av dei alle.

Kyrkja er eit stort vi! Brynekyrkja også!
4 kveldar i haust, med gode folk på tema!  Og ein bibelmetafor om fellesskapet kvar kveld.  Sist var det å vera greiner på vintreet.

Oppsiktsvekkande ordpar
Nå:  Å vera levande steinar!
Levande steinar er eit mildt sagt spennande ordpar. Oppsiktsvekkande. Ganske vilt, eigentleg. 

Steinar er jo ikkje kjende for å vera levande!  Viss dei lever, er det utrygt å bu i dalsida under dei. Eller innforbi vegger i blokka som sig skakk.  Steinar skal ikkje leva, helst ikkje vera kjende for å vera levande.  Dei er uorganisk materiale, ikkje organisk, slik som alt levande er. Steinar er statiske, ikkje dynamiske.  Dei er stødige, ikkje bevegelege og levande.

Likevel koplar apostelen Peter dette i hop, til eit ordpar av motsetningar. Ein metafor som sprenger grensene for det steinar kan vera.  Det døde får liv, og det levande vert stødig.  Det er gjerne berre Peter som kunne koma på dette.  Han som vart kalla klippa, eit berg av stein. Han som nettopp var den mest levande, vitale, skiftande og dynamiske av Jesus sine første disiplar.

Kva er det han vil sei til fellesskapet av dei som trur på Jesus, når han seier «De er levande steinar»? 

Eit hus for fellesskap
Steinane handlar opplagt om eit byggverk.  Eit hus.  Det skal byggjast.  Det skal romma liv.  Gud sitt liv.  Våre liv.  Eit åndeleg hus, seier Petersbrevet.  Nå er det ikkje lenger eit tabernakel for eit vandrande gudsfolk som gjeld. Eller eit tempel i det lova landet. Eller eit nytt gigantisk tempel i landet som gudsfolket får koma tilbake til etter eksil.  Peter snakkar til gudsfolket som har vorte spreidde rundt i verda, og seier dette:

«De skal vera levande steinar, bygd på hjørnesteinen Jesus, oppbygde til eit åndeleg hus.»

Der du bur i verda.  Der du kan finna og sjølv forma eit hus for fellesskap.  Levande steinar er metafor for fellesskap. Me skal snart syngja det med eit kjent Grundtvig-vers, det som Petersbrevet seier (Norsk Salmebok 530 vers 3).

Bygg stødig, med levande liv
Og det er som om me kan høyra:  Bygg stødig, stein på stein. Steinen står for styrke, for vegger med berekraft, ly og vern mot stormar.  Men levande steinar.  La det vera levande liv som byggjer felleskap.  Levd liv som vert forma av kjelda for alt liv, den levande Gud.

Logoen
I Brynekyrkja sin logo er den levande steinen viktig.  

Levande steinar

Me skimtar eit bygg.  Me kan tenkja at bygget er prega av den definerte retninga for den opne famns kyrkje.  Oppover nær Gud.  Innover nær kvarandre. Utover til byen og verda.  Det er den levande steinen som er dynamikken i logoen, og i kyrkjelivet.  Er han på veg inn i fellesskapet? Til akkurat sin plass. Er han på veg frå fellesskapet for å dela noko bare han kan dela, eller til å invitera andre inn til sin plass?

På veg - inn og ut
Steinen er ikkje statisk.  Han er levande og bevegeleg.  Han er på veg! Inn til samling og ut til sending. Inn til nåde, ut i misjon. I denne dynamiske bevegelsen får han oss til å skimta korset klarare.  Steinen fortel at det er plass for deg i eit fellesskap som ikkje er lukka.  Steinen uttrykkjer viljen til å dela gudslivet med andre.  Kanskje han til og med seier at det er livsfasar og trusfasar der ein levande stein må få vera fri til å ha litt avstand, med kort veg tilbake?  Undervegs, undrande, bedande, søkjande, til tider ventande.  På Gud!

For den levande steinen vil så gjerne inn og laga den stødige veggen i det opne, varme huset. Der det heiter å vera fri + villig = frivillig. Her høyrer eg til. Her får eg vera ein levande stein. Og det er bruk for meg!

Powered by Cornerstone