Vanleg liv, vanlege folk og allslags potet sin tur
18.sundag i treeiningstida 26.sept. 2021 - Matteus 8,5-13

Vanleg liv, vanlege folk og allslags potet sin tur

Han sto ikkje heilt fast.  Han visste om ein som var større enn seg sjølv.  Vanlege folk kan vita sånt.  Kan tenkja at det er muleg for Gud, det som ikkje er muleg for meg. 

«Nå er det vanleg liv og vanlege folk sin tur».  Vanleg liv, for Norge er gjenopna etter pandemien!  Og vanlege folk då? Ja, det var jo dette slagordet som ga mest stemmer i stortingsvalget, og etterkvart ny statsminister i haust. Setningen hang på valgplakatar og blinka på nett.  Folk stemte og gjorde valga sine for 2 veker sidan. 

Potetfestival
Og denne helga på Jæren gjer mange andre valg. Kor mange klemmar skal eg dela ut. Kva slags potet skal eg velja?  På gater som myldrar av liv under festivalen.  Er det den mest vanlege poteten sin tur i år også?  Eller skal eg velja noko nytt og spennande?  For potet kan vera så mangt.  Han er allsidig, slik  som folk.  Og ganske vanleg.  Det er jo vanlege folk og allslags poteter sin tur for tida og i helga.

I evangeliet for i dag høyrer me om ein uventa person som spør Jesus om hjelp.  Ein offiser som er ikkje er ein av folket som Jesus kom med Guds rike til.  Men han er kanskje ein av mange typar vanlege folk som fritt kan koma til Gud med livet sitt i dag, når kyrkja er verdensvid. Og for konfirmantar og offiserar og fattige og framande og allslags vanlege folk som kan tru og håpa at det gjerne er min tur nå, når livet er normalt igjen.

Poteter i gammal og ny tid
I gamle dagar.  Sånn omtrent den gongen eg vaks opp på gard her på Jæren.  Då var det rundt rekna 3-4 vanlege potetsortar.  Ein god, mjølen som kunne rotna fort og heitte Kerrs pink.  Og ein rød, avlang kokefast, som kunne halda heilt til neste sommar og heitte Pimpernell.  Og så ein tidleg type eller to med litt meir uklare namn. 

I våre dagar er ikkje dei gamle typane gløymde, men potetsortane er avla til krysningar av alle sortar potet.  Mange her har sine favorittar.  Eller dei held seg til pasta, pommes frites og chips!

Gudsfolk i gammal og ny tid
I gamle dagar, i det som me les om i Det gamle testamentet, var det eitt gudsfolk.  Israelittane, som Gud hadde berga ut frå slaveri i Egypt, og valgt ut for å visa kven han var og kva han gjorde.

I nyare tider, etter det som me kan lesa i Det nye testamentet, spreier gudsfolket seg til alle nasjonar, til mange folk, til alle slags folk, til vanlege folk.  Ofte er det uventa og sterkt når vanlege folk oppdagar at det er deira tur.  Når trua kjem på uventa måtar.  Når hjelp kjem utan at du kunne venta det.

Innanfor eller utanfor
I gamle dagar på Jæren, kunne det vera ganske klare grenser for kva som var innanfor og utanfor rett tru.  Reglar for kva du kunne gjera og vera med på.  Sosial kontroll på korleis du oppførte deg. Tydelege råd og meiningar om kva som var rett tru og vrang tru. Det var såpass mykje svart og kvitt og innanfor og utanfor og rett og gale at det kunne verta sår og sinne og vonde følelsar både for dei som havna heilt innanfor eller langt utanfor, eller vingla meir imellom.

I nyare tider på Jæren, og elles, har måten som tru vert uttrykt på, vorte like allsidig som alle dei gode, nye krysningane som poteta har fått.  Det er tid for heilt vanlege, ulike folk som finn vegen til Jesus.  Og han til dei!  Det er fri overbevisning som gjeld, ikkje så mykje sosial kontroll og reglar.

Ein samtale med Jesus
Høyrde de den herleg frie overbevisninga i evangelieforteljinga.  Ein outsider finn vegen til Jesus sitt hjarta. Han var ikkje innforbi gudsfolket si tru. Han var ein mann med makt, ein som var vand med å bestemma og få det som han ville.  Men det er ikkje slik han kjem til Jesus. Han kommanderer ikkje, han ber om hjelp. Han brukar bare det livet han har og den erfaringa han sit med frå militær bakgrunn. Han følger ikkje ei åndeleg oppskrift, eit religiøst skjema, han kjem bare med livet og erfaringa si og formar ei bønn. Og han trur.

I dag er samtalen mellom han og Jesus ein stor gave til alle oss vanlege folk, og særleg til de som startar eit viktig læreår i kyrkja. Kva er det me skal få med oss på vegen i dag?  Noko som har med vår veg til Gud og Jesus sin veg til oss. Her kjem litt om det:

Å stå fast
Offiseren sto fast. Det gjer vanlege folk.  Noko som me ikkje kan kommandera på plass.  Nokre me er glad i som er sjuke og strevar.  Noko me tykkjer er grusomt vondt å tenkja på.  Noko me skulle ønska var annleis.  Ein gut som ligg lamma heime og har smerte, er bare grusomt. Det riv og slit i oss når nokon vrir seg i smerte, og framtida ser vanskeleg ut. Og me bare kan gjera noko. Men i det viktigaste står me fast.  Sjølv offiserar gjer det. 

Men han stoppa ikkje der.  Han sto ikkje heilt fast.  Han visste om ein som var større enn seg sjølv.  Vanlege folk kan vita sånt.  Vanlege folk kan tenkja at det er muleg for Gud, det som ikkje er muleg for meg.  Vanlege folk kan oppdaga at det er Jesus som er Gud på denne måten.  Gud synleg på jorda.  Ein som kan sei bare eit ord for å få det gode til å skje. 

Å kunna be
I kyrkja trur me at det er slik me er skapte.  Konfirmantar får eit læreår om det.  At me kan be om hjelp der me står fast.  At me kan koma med smerten vår til Jesus.  At me kan be.  Så store ting har me i oss.  Me som heller ikkje kan kommandera og befala. 

Det gjer ikkje noko å kjenna oss små.  Me er små på jorda.  Me er bittesmå i forhold til det me ikkje forstår.  Men me er ikkje åleine. Jesus høyrer bønn.  Han forstår smerte.  Han gjer noko med innsida vår, når me vrenger ho ut for han.  Nokre gonger skjer eit under med sjuke i dag også.  Oftare vert noko lettare å bera.  Ei tru som bed, ber med seg eit håp om at alle kroppar ein dag skal verta nyskapte.  Ei tru på ein kjærleik som bryr seg om dei som strevar.

Jesus undra seg
Det står noko veldig fint i evangelieforteljinga om dette.  At Jesus undra seg.  At han vart berørt. Av denne mannen, denne bønna, denne tiltrua. Kvifor det?

Var det fordi Jesus fann noko heilt utenfor skjema?  Ei uventa tru?  Kanskje!  Eller var det fordi Jesus kjente og såg noko som seier at det er vanlege folk sin tur. Overalt i verda. Til alle tider. Den som kjem til Jesus, med livet sitt slik det er, vert høyrt og teken imot, uansett kven han eller ho er, uansett bakgrunn.

Jesus undra seg og vart rørt.  Over vanlege folk som kjem med vanlege liv, og bed og trur på noko som er større enn dei sjølv.

Vanleg liv for vanlege folk
Det er fint å gå inn i eit konfirmantår og tenkja på det. Og eit kyrkjeår med gjenopning etter korona.  Eit år med vanleg liv for vanlege folk som kvar for dykk er unike og allsidige.  Slik som folk og poteter.  Med livet de har, er de velkomne hos Jesus.  Når de står fast og søkjer hjelp i noko større enn dykk sjølv, går det an å sjå føre seg at Jesus undrar seg og gled seg, og gjev hjelp og tru og håp og meining til livet vårt – akkurat slik det er hos vanlege folk. Me skal sei det i kor nå: At me er ei heilag, allmenn kyrkje som trur på Gud. Skapar, frelsar og hjelpar….

Powered by Cornerstone