Gleda i å dela
Eg ser føre meg Jesus si store glede i å dela. Han deler ut noko som andre kjem til å finna stor, stor glede i. Ei bønn å be kvar dag. Alle slags dagar. Ei mønsterbønn for andre bønner. Og ei hjelp til å finna ein livsviktig kvileplass i livet. Ei bønn å kvila i.
Ord forsterka av naturen
Eg ser føre meg den store gleda i å dela dette. Heilt i midten av alt det andre han deler i det som har vorte den berømte bergpreika. Ord forsterka av naturen. Høg himmel, mild bris, glitrande havblått der nede på Genesaretsjøen. Guds skapningar akkompagnerer. Lufta sine sangarar med venger. Grashoppa i grøne blad og tørre strå. Humler og bier i rus av blomsterstøv. Eit kviskrande folkehav like berusa av desse orda dei aldri har høyrt før, om folketalarane var aldri så gode. Orda flyt ned åssidene, innhaldet inn i hjartene, og meininga vidare gjennom landegrenser og århundre. Vår far i himmelen. Ei bønn, kviskra i glede, ropt ut i naud og fare, summande i nattverdliturgien og ved sengekanten.
Kan han anna enn ha kjent den store gleda i å dela?
Dette som folk til alle tider skal finna kvile i.
Kvile frå å måtta prestare mange og fine ord til Gud.
Kvile i å tru at Gud er vår gode Far, den beste me kan drøyma om.
Kvile i ei bønn Jesus har lært oss.
Kvile i eit mønster for det å be med eigne ord.
Og det er her. Nå. Alltid.
Godt for bier, by og barn
Utanfor Brynekyrkja er det sådd nye frø og tre i vår. Flora og fauna skal få større mangfold. Blomstereng. Godt for bier, by og barn. Det skal minna oss om det gudskapte mangfoldet. Og kanskje hjelpa oss til å muntra fram mangfold her i kyrkjehuset også. Ein liten filial av alt det som sveiv i lufta og rørte seg i gras og mark og summa gjennom all slags folk mens Jesus sine ord bar dei inn i det store mysteriet som heiter Gud. Og så ut til det ekte livet, som kvar dag treng ei bønn om det grunnleggjande.
Fokus på Gud først
Å be vår far eller å be med vår Far som mønster er å opna augene både for kven Gud er og kven eg er. Det er å setja fokus på Gud først. Hans namn, hans rike, hans vilje, hans makt og hans ære. Og det er å koma til Gud med dei mest grunnleggjande behova våre.
Den tidlegare generalsekretæren i FN, Dag Hammarskjøld, har brukt eit fint bilde. Han seier at vår Far er som eit hus på to etasjar. Aller først fører Jesus oss opp i 2.etasje. Der er det uendeleg høgt under taket, ein fantastisk utsikt til det som har med Gud å gjera: Guds namn. Guds rike. Guds vilje.
Det hender vel at bønnene våre begynnar ein annan plass, rett i problema, rett i det me ønskjer oss, slik at det er overtydeleg at me tenkjer meir på oss sjølv enn på Gud. Jesus lærer oss å lyfta blikket først.
Og når me har vore i 2.etasje og fått det store overblikket over tilværelsen, er fylt av respekt for Guds namn og Guds rike og Guds vilje i mitt og andre sitt liv, då kan me gå ned i 1.etasjen med eit anna og nytt sinn, seier Dag Hammarskjøld noko om.
Dagleg behov og sukk
For der er det livet vårt skal levast. Der er dei daglege behova og det me strevar meir enn noko med, kampen for det daglege brødet, skulda, uforsonlegheten, freistingane, det vonde, det som gjer at både natur og menneske sukkar..
Den midterste bønna i dag. Det daglege brødet. Eit grunnleggjande behov. Og like mykje ei glede i å dela. Dette som alle treng. Alle i Guds skaparverk - vår felles heim. På parti med Jesus si glede i å dela, heilt vilkårslaust og utan eigennytte. Gjennom heile livet sitt, like til døden på korset.
Det spørs om det ikkje er dette me vert sendt til i dag. Å be Jesusbønna slik at det vert full meining i å leva Jesuslivet.
Gleda i å dela
Velsigning og sending er dagens gudstenestefokus. I temaserien vår om gudstenesteledda og Guds skaparverk – vår heim.
Han som velsignar deg, velsignar deg med ord å kvila i, ord å leva i, ord som lever i deg. Og dei sender deg til å dela den gleda som er like mykje andre sin rett som din rett.
For kanskje er det altfor lite å likna dette med 2 etasjar å gå inn i. Det er større. Det er å leva i Guds uendelege, gode skaparverk, og å finna fred og livsveg i Jesus sitt frelsesverk. Me bed oss inn i Guds verk, og me vert sendt inn i det som skal vera vårt gode svar.
Me kan godt kalla mykje av det for gleda i å dela.