Gåtene
3.sundag i fastetida 2023 - Lukas 11,14-28

Gåtene

Det vonde og det gode viklar seg i kvarandre. Eg møter ikkje bare godt og vondt. Eg er det gode og det vonde! Berre i ein person har det gode seira fullstendig over det vonde. I han var det gode ikkje berre ei skjult gåte, men ein person.

Livet har 2 store gåter som alle alltid må grubla over. Den første er
DET VONDE SI GÅTE!

Me veit om ho og vert plaga av ho.  Ho kjem stadig i nye variantar og har mange navn: Sjukdom. Død. Ulukker. Hat. Vold. Undertrykkjing. Krig. Fiendskap. Meiningslause tragediar inni oss og rundt oss.  Til tider fèr gåta mildt med oss, i andre tider kjem ho hardt og fælt.  Men alltid lever me i skuggane av Det Vonde.

Naturkatastrofar kan ramma utan forvarsel, med uforskyldt liding og store tap, slik det har skjedd i Tyrkia og Syria.

Kamp om makt og territorium kan breitta ut ein vondskap me har vondt for å fatta, men ikkje kan lukka augene for.  Ukrainakrigen har avslørt, ikkje bare krigen sitt ansikt, men også ondskapen sine handlingar, når angripande soldatar systematisk utfører overgrep og drap mot sivile, mot heimar, mot kvinner og menn, eldre og barn. Du kan skulda på ein mann, eller eit vondt system, men det er bestialske handlingar utført av enkeltmenneske. Viss me ikkje var særleg bevisste på ondskapen sin realitet før, så er me nå.

Tett på livet...
Og det vonde si gåte er personleg nærgåande.
Kvifor tapar eg så lett når eg vert frista med ei lyst som ikkje er god?  Kvifor skal det vera så fortvila vanskeleg å gjera noko med ting eg veit er galt og nedbrytande?  Kvifor skal nokre kunna tura fram og valsa over mitt og andre sitt liv?  Det vonde si gåte flimrar over TV-skjermen i stadig nye variantar som av og til når inn og treff så me vert rysta, eller me slår av og set filter for auge og hjarta.  Kanskje fordi me veit at det vonde si gåte der ute hjå dei andre, djupast sett er ein del av det vonde i meg sjølv.

Det vonde si gåte er stadige framtidsspørsmål: Kor uoppretteleg skal miljøet på jorda verta skada, før me for alvor har vilje til å forandra eit levesett som ikkje er berekraftig? Er det ingen som kan seia stoppa det grenseoverskridande i mennesket sin lyst til å tukla med livet og arveanlegga våre? Kor er respekten for livet og Gud som skapar?

Gå vill i det vonde
Det gjer vondt inni oss å tenkja og spørja slik, men me kan ikkje bekjempa Det Vonde med å gløyma og lukka auge. Då vert me bare offer, eller slår oss til ro og let andre vera offer, vert forbitra harde og havnar på feil side. Sjølv blant dei som vil sjå Det Vonde i augene, er det mange som går seg vill i Det Vonde si gåte. Dei samlar på nederlaga sine, dei gøymer på andre si skuld, dei har vorte bitre, harde, sjølvmedlidande, fortvila. Mange har gjeve opp å kjempa, nokre har gjeve opp sjølve livet. På villspor i det vonde. Me kan ikkje flykta frå det vonde uten å flykta frå oss sjølv.

Nei, er det ikkje ein betre veg? Å prøva å forstå Det Vonde si gåte. Kor kjem ho frå i meg sjølv og andre? Eg vil sjå Det Vonde i augene. Eg vil avsløra og bekjempa vondskap så godt eg kan. 

For eg veit jo om noko anna! Ei gåte til. Den vert me heller aldri ferdig med:

DET GODE SI GÅTE!
Også den merker du kvar dag. Bare det at eg lever, er eit bevis på Det Gode si gåte.

Den som har sett ein gris fø, veit at det tek bare eit minutt før grisungen har kravla seg bort til mora sine pattar. Men for deg tok det eitt år før du kunne gå! Det mest utvikla av pattedyra, mennesket, er i starten det mest hjelpelause. Det at du har overlevd, er eit bevis på Det Gode si gåte, på kjærlighet. Du var svolten og nokre fødde deg, du var naken og nokre kledde deg.  Du møtte nokon og noko rundt deg som forma deg til det mennesket du er.  Ikkje alltid med bare visdom og forstand.  Men du møtte det gode si gåte.  Du fekk oppleva stunder i livet som aldri vil gløymast. Det var ein rus av det gode si gåte.  Du fekk oppleva stunder i livet der det gode si gåte bar deg gjennom det som var vanskeleg og fælt.

Det gode si gåte er overalt. Sola om morgonen. Maten. Musikken. Ein fantastisk natur. Gode venner. Omsorg og samhold. Ei livsgledehelg som fyller park og by i Bryne utan dårleg samvittighet over gleda.  Me vil alltid leva livet mellom livsglede og krigssorg. Ingen av dei skal dempast ned.

Overalt og i fellesskap
Me lever livet mellom mine gåter og fellesskapet sine gleder også.
Ein er døypt og heile familien gled seg.
Me sit her og er eit ope fellessskap som vil samla og ikkje spreia.  Me høyrer til kvarandre, eig dei same gåtene, står i den same kampen, er del av det same gudsriket.  Me har årsmøte og vil gjerne inspirerast og utfordrast til å gå gode og viktige veger vidare for kyrkja vår.

Det er fint å vera ein del av det gode som tyt ustoppeleg fram. Det Vonde kan bare setja ein midlertidig stopp for det. Det Gode kan samlast på og tas vare på, og det gjev meir igjen enn å samla på Det Vonde.

Gå vill i det gode?
Men: Også i Det Gode si gåte kan me gå oss vill. Vill går me viss me bare søkjer eit glansbilde av livet og prøver å lukka auge for at Det Vonde også er ein del av det. Vill går me når me gjer det som var tenkt å vera felles goder til bare våre eigne. Då samlar me på vellukkahet i staden for lukka. Forelsking istaden for kjærleik. Varer i staden for det som varer. Kjendisar istaden for førebilete. Det personlege nederlaget for den som går seg vill i Det Gode si gåte, kan vera like stort som hos den som går seg vill i Det Vonde si gåte.

Det er verkeleg spennande - og vanskeleg - å leva. For Det Vonde og Det Gode er ofte så fortvila infiltra i kvarandre. Eg møter ikkje bare godt og vondt og vert forma av begge. Eg er det gode og det vonde!

Det gode er ein person
Bare ein einaste gong og i ein einaste person har det gode seira fullstendig over det vonde. Nå snakkar eg om Jesus. I han var Det Gode ikkje berre ei skjult gåte, det var ein person. I møte med han fekk menneske leva som det dei var skapte til. Det Gode vart skilt ut frå Det Vonde, vart tydeleg og reint. Sjuke vart friske, evangeliet vart forkynt for fattige og ulukkelege. Dei som sjølv hadde øydelagt livet sitt, fekk ein ny start, fekk frelse. Ein som var utenfor, vart inkludert og kunne snakka og dela livet sitt med andre, sett fri til å leva i fellesskap.

Jesus - slik evangelia beskriv han - er godheten sjølv. Tenk på det når du les evangelia:  Jesus er godheten sjølv.  Skal me få auga på godhet, skal me sjå på han.  Skal me finna vår eigen gode veg i møte med det gode si gåte, då skal me fylgja han. Og veit me at Jesus er godheten, så skal me ikkje undra oss over at Det Vonde og Den vonde, vart så tydeleg rundt han.  Den vonde viste sitt ansikt. Mange tålte ikkje å møta godheten og vart motstandarar. Guds store motstander viste gjennom det som vert kalt vonde ånder, kva slag makt han kan få over enkeltmenneske.

Guds rike er kome nær
Slik les eg teksten for i dag.  Vondskapen vert mobilisert mot Jesus.  Den Vonde tåler ikkje at det vert rørt med makta hans.  Men han må fint finna seg i det.  Jesus er sterkare.  Guds rike er sterkare.  Nøkkelordet i teksten seier det så sterkt og tydeleg: «Er det med Guds finger eg gjer dette… ja, då er Guds rike kome

Alt det Jesus gjer, peikar på det same:  Guds rike er nær.  Vondskapen må gje tapt for Jesus.  Slik beskriv evangelia det.  Slik skal me få tru det er i dag også. Særleg når me brukar fastetida til å følgja Jesus på den vegen han gjekk.  Då er det lettare å sjå, lettare å tru, betre å velja rett side i kampen mellom det vonde og det gode.

Den store kampen
For på Jesus sin veg fekk Vondskapen fullstendig fritt spelerom.  Godheten sjølv vart teken til fange.  Falske anklagar, politiske intrigar, religiøs misunning, ein Pilatus som prøver å vaska hendene sine, men er feig og dømmer likevel. Pisking, spotting, hån, kors, tortur, død.  Det vonde si gåte opp og i mente.  Det såg ut som det gode si gåte var knust for alltid.

Men slik gjekk det ikkje.  Det var der på korset at Jesus røva våpna frå den sterke. Høyr kva Paulus seier om dette i Kol.2,15... 

Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Og spør me korleis dette kunne gå til, får me svaret i verset før...

Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. 

Den store seieren
Skuldbrevet er stroke ut, det som fortalte at me verken ville eller kunne skilja godt frå vondt i livet vårt, det tok Jesus på seg.  Han seira over det vonde innanfrå, han tok brodden av det, så ingen anklage kan nå oss.

Dette er det store håpet for den som strevar og lett går seg vill i Det Vonde eller i Det Gode si gåte. For det glade budskapet i dag også er at Guds rike er her.  Jesus har seira over den vonde på korset.  Han tok våpna i frå han.  Det er ingen fordømming for den som er i Kristus Jesus.  Gud er den som frikjenner.  Ta det til deg:  Du er frikjent!  Du er sett fri!  Du høyrer til I det kristne fellesskapet si gode gåte. Kvar dag har djup meining når me deler hans kjærleik vidare til andre.

Og framtida? Guds rike skal sigra til sist!
Norsk Salmebok 479 – Fordi han kom og var som morgenrøden

Powered by Cornerstone