Urfolk og identitet
Jeremia var absolutt ikkje profet light. Profetisk tale og profetiske teiknhandlingar var ikkje bare noko han gjorde. Profet var noko han var. Han var personleg involvert og investert i gjerninga si. Han var profet på ein måte som gjorde at han sjølv fekk svi og li.
Ingen annan profet i Det gamle testamente får me så mykje personleg innblikk i. Jeremia deler raust av bekjennelsar og vegringar. Ordet i kveld er eit av orda om at han held på å få nok. Å bera fram Ordet frå Herren har gjort han til spott og trigga skam inni. Han er hudlaust «fead up». Dette kostar for mykje. Det glepp ut eit rop om å sleppa fri å stå der som Gud sin stemme: «Eg vil ikkje tenkja på han og aldri meir tala i hans namn.»
Utbrent?
Me har høyrt liknande historiar. Eller kjent det sjølv. Utbrent for Guds sak. Svidde barn av trua. Det går ikkje alltid godt. Nokre av dei som hadde svidd seg, måtte erobra ein frihet utanfor det kristne, i avstand frå Gud, for å koma seg til krefter.
Ikkje slik med Jeremia. Han ikkje før vore dønn ærleg om kostnadar og slike forsøk på å fri seg frå kallet, før ein annan type openhet veltar ut av profeten. Like personleg og ærleg om ein ny smerte som då dukka opp:
Då var det som det brann ein eld i mitt hjarte. Han var innestengd i knoklane mine. Eg streva for å stå imot, men eg greidde det ikkje. Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka.
På ny. Du vart for sterk for meg og vann. På an igjen!
Ei sterk melding om å stå i kallet sitt. I identiteten som profet. Å brenna opp og tærast i den indre verda, er verre enn lått og spott der ute i den ytre verda som ikkje er særleg klar for ein profet og upopulære gudsord akkurat nå.
Undertrykt identitet?
Det er på tide å flytta desse profeterfaringane over til det me snakkar om og tenkjer på i kveld. Det er ikkje vanskeleg. Poenget er at identitet ikkje kan undertrykkjast, flyktast frå eller gøymast vekk, utan at det får negative følgjer. Undertrykt identitet er som ein brann innestengd i knoklar.
Kongen nyttårstale
Vår gode konge sa dette fint og klart i nyttårstalen sin. Han la inn over oss verdien av å lytta til kvarandre for å byggja fellesskap:
"Å lytte henger sammen med det å snakke sant om det som har skjedd, og erkjenne hverandres virkelighet.
Det var også en forutsetning for Sannhets- og forsoningskommisjonens arbeid, som ble lagt frem i sommer. Der ble rystende historier fortalt om uretten som er begått mot samer, kvener og skogfinner gjennom den brutale fornorskningspolitikken – som pågikk fra rundt 1850 til langt opp mot vår tid.
Mennesker ble fratatt språket sitt, kulturen sin, selvtilliten og identiteten sin. For noen gikk det på livet løs.
Og alt dette ble gjort i nasjonsbyggingens tegn – i et Norge som den gang selv trengte å bygge selvtillit som nasjon etter 400 år med dansk styre. Fornorskningen ble et tap for oss alle.
Et tap av en kulturell rikdom som hørte – ja hører hjemme – i vårt eget land. Å se med åpne øyne på hva som faktisk har skjedd er avgjørende for forsoningsarbeidet som nå må følge i kjølvannet av den viktige rapporten."
Erkjenna urett
Som kyrkjeleg tilsette held me på å gå gjennom læringskurset «Fornorsking, forsoning og folkekirke». Det har gjort inntrykk!
Innblikk i ein samisk bakgrunn som mange i samfunnet har, også fleire enn me trur, rundt oss. Og ei vond erkjenning av kva me som storsamfunn har gjort og gjer mot urfolka våre.
Det er eit håp at denne kvelden kan vera eit lite bidrag på ein betre veg.
Me skal tru at kunnskap og kjennskap bekjempar fordommar. At det å møte historiar ansikt til ansikt berører og kan endra. At det å erkjenna urett, er eit første steg i å ta eit sant oppgjer med urett. Og det som er erkjent og sant i seg sjølv, det kan virka forsonande. Det kan vera ei hjelp til å retta ryggen og leva med stolthet og utan skam. Og det kan vera ei sperre mot ny urett.
Både kyrkja vår og samfunnet vårt arbeidar med slike oppgjer med urett. Her i kyrkja får me be om at dette vert ekte og rett, utan å skapa nye sår.
Ståande Jeremia-valg
Og så har me eit stadig ståande Jeremia-valg. 3 valg for oss alle, ut frå dagens tekst og tema
Å gjera alt det me kan for at ingen skal møta spott og lått og kjenna trong til å undertrykka kven dei er og det dei står for, på grunn av møtet med våre haldningar og handlingar. Respekt for dei som står i sine kampar! Slik Jeremia sto i sin kallskamp.
Å vera tru mot identiteten og livsgjerninga me står i. Å lytta godt både til Gud og til samvittighet og kropp som får det vondt om me går på akkord med den me er, og det me er kalt til.
Å la oss lokka på ein god måte i å dela Guds Ord. Glade og frie. Kjernen i det er Gud som elskar kvar ein av oss utan forskjell og vil oss det beste.