Barn av lyset
FN-dag 22.sundag i treeiningstida 2021 - Joh.12,35-36

Barn av lyset

Lysgloben har ein sterk symbolikk når me vert døypte. Når dei 3 siste lysa vert tente, er lysa i globen fulltallige.  Den verdensvide kyrkja og vår har fått sine 3 siste medlemmar. 

Det er her eg må stå
og de sjå
akkurat nå.

Viss me skal få,
store og små,
det som teksten må
få lysa opp nå
og utfordra oss på.

Globen.  Som er kloden.  Noko me alle høyrer til i.  Noko me alle ber ansvar for.  Guds skaparverk – vår heim, seier me mange gonger i kyrkja dette året.  Biskopane våre seier me skal tenkja mykje på det.  Det gjer me.  For me trur me har godt av det. At det er nødvendig.  Og at det vil bety mykje for andre.

FN-dag
På FN-dagen passar det å stå rundt globen, som også er kloden.  FN.  Forente nasjonar i verda. Nasjonar som høyrer i hop og ikkje bare tenkjer på eige beste, men også på det som er godt for andre. Felles konvensjonar og menneskerettar som kan byggja fred og framtid. Bud frå fedre og rettledning frå mødre, utforma før oss og til oss, og er felles for alle som lever. 

Dei viktige bærekraftsmåla skal kyrkja ta del i, til liks med alle av god vilje.  Leveleg framtid for alt liv er felles ansvar.

Lysgloben
Lysgloben har ein sterk symbolikk når me vert døypte. Når dei 3 siste lysa vert tente, er lysa i globen fulltallige.  Den verdensvide kyrkja har fått sine 3 siste medlemmar.  Det same har kyrkjelyden her. Kvar av oss har fått tent eit lys i livet vårt og for resten av livet vårt.  Kvar av oss høyrer til i same fellesskap.  Og det er ikkje markert med grenser.  Det er grenseoverskridande.  Over landegrenser, hudfargar, etniske og politiske forskjellar, over kjønn og klasse og legningar og lommebok og intellekt og måtar me tek slikt i bruk på.  Me høyrer til i same fellesskap.

Og me har fått ein mulighet til å lysa.  For lyset du treng fins, seier Helge Torvund sitt dikt.  Kristuslyset i midten.  Der lys vert tent frå. 
Me har høyrt dåpsorda om det:  «Eg er lyset i verda
Og me har høyrt evangelieorda om det: «Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.»

Å tru på lyset.  Det er der det startar.  Me snakka om det i gudstenestegruppa som førebudde denne gudstenesta:  Kva er det med Jesus som gjer at han er lyset? Og tru er så viktig…

Jesus som forbilde
Me kan peika på at lyset frå Jesus sitt liv for 2000 år sidan ennå ikkje har slokna.  Innflytelse og ettervirkningar av det han sa og gjorde har forma kultur og samfunn meir enn noko.  Å sjå og reisa opp dei sårbare til nytt liv.  Halda ideala høgt om å setja andre høgare enn seg sjølv. Visa barmhjertighet mot dei som har falt i hender på røvarar eller har fått livet plaga av uforståeleg sjukdom. Tilgje og gje nåde til den som fell.

Lysglansen frå Jesus er ufatteleg stor.  Han er ikkje noko me kan ta for gitt.  Han kan fortrengjast av andre verdivalg eller av egoet sin lyst til å leva for seg sjølv.

Derfor er det så viktig at lys frå han får tennast på nytt og på nytt.  At han får etterfølgjarar, at me er barn av lyset.  Det er ein stor ting og eit stort lys i verda å ha Jesus til forbilde.  Å tenkja at han er lyset, og gjera valg i tråd med det.  Det står seg å spørja i vegkryssa våre:  Kva ville Jesus ha gjort?

Å tru på lyset
Evangeliet i dag brukar eit ennå sterkare ord om det.  Å tru på lyset.  Viss eg tenkjer tilbake på ting som har hendt i livet mitt, så takkar eg mykje for at eg vart døypt og fekk høyra til den krossfeste og oppstadne Jesus og kyrkja på jorda.  Etter kvart som eg vaks opp med mor og far og andre si veiledning i ein kultur som er prega av lyset frå Jesus, så var det likevel ikkje forbildet Jesus som forma meg mest.  Det var frelsaren Jesus.  Det var trua.  At han hadde tilgjeving når eg gjorde valg som absolutt ikkje var gode for meg eller for andre.  At eg treng nåden hans når eg ikkje maktar det eg ville og burde. At han personleg vil følgja meg og gje meg håp og kjærleik.  At eg kan få leva i ein open relasjon til han. At framtida er grenselaust open inn i det evige.

Eg trur det er slik det virkar.  At tru på Jesus skapar etterfølgjarar. Å leva i lyset formar barn av lyset. Å vera møtt av det store hjarta, gjev varme hjarte.  For barn av lyset er med og tenner lys rundt seg.  Det er ikkje bare i kyrkja og attmed lysgloben at det gjer stort inntrykk med alle desse lysa som i saman gjev mykje lys globen rundt. Og vitnar om kor lyset kjem frå.

Konfirmantane elskar å stå rundt globen og tenna lys.  Det er ein sterkare andakt enn å høyra ord.  Bare koma med si hånd, sine tankar, si bønn og stilla seg inn i lysglansen frå Jesus og frå dei andre som er døypte og kalt til å tru på lyset og vera barn av lyset.

Steinrike og lutfattige
I dåpen vert dei små tørka med ein klut.  Den er også eit sterkt symbol.  Dåpskluten er brodert av kvinner på Madagaskar.  Lutfattige. Mange av dei er svikta og forlatt av mannen sin.  Og har fått eit levebrød med å brodera dåpsklutar, som me her nord kjøper.  Slik er den verdensvide kyrkja.  Eit fellesskap av steinrike og lutfattige kloden rundt.

Og i dag på FN-dagen rundt lysgloben gjev det ei saftig utfordring:  Kan barn av lyset leva med urett og ulikskap utan å engasjera seg for å retta opp.  Barn av lyset, som trur på han som ikkje gjorde forskjell!  Det er sikkert mange her i dette kyrkjerommet som gremmer seg med å tenkja på at me kanskje får anledning til å bruka knappe vaksinedosar i  verda til ein tredje vaksinedose for friske folk her til lands, før til og med helsepersonell i fattige land får ta første dose.  Det er som om me dyngar opp triple lys på vår plass i globen, mens dei står utende på den andre sida.

Å dela på lyset
Ved globen deler me på lyset.  Me tenner det på nytt og på nytt. Mødre og fedre og fadrar som vil gje ungane sine det beste.  Speidarar og konfirmantar og kyrkjefolk som tenner lys i bønn og håp. Og aldri får gløyma kor det store lyset i mørket kjem frå.  Jesus er lyset for verda. Å tru på han og følgja han er å vera barn av lyset.

Powered by Cornerstone