Kor bur du?
Bryne kyrkje 10.06.2018. 3. sundag i treeiningstida. Johannes 1,35-51

Kor bur du?

Det er då dei stotrar fram og spør om slikt som gjerne me også gjer, når me treff ein framand og skal konversera og føla oss litt fram. «Kor bur du?»

«Følg meg», seier Jesus til dei han først har sett og invitert til å koma og sjå.  «Følg meg».  Eit kall.  Er ikkje det litt farleg?  Er ikkje det å risikera ganske mykje?  Ta på seg ein stor forpliktelse?  Det er ei råd å høyra litt på og snusa på kor han bur.  Men følgja han?  Ein totalbestemmelse.  Er ikkje det litt risky?  Er det ikkje litt for mange som har brent seg på det?  Gitt avkall på for mykje.  Gitt jernet for hardt.  Vorte brente barn på altfor sterk indre eller ytre motivasjon til å følgja kallet.  Dei ende med å gå frå krav til krav, til dei ikkje orka meir, eller justerte etterfølgjinga til litt sånn passe nå og då, når det passar greitt sånn elles.

Ikkje krav og krasj, men kraft.
Korleis kan me følgja Jesus og erfara denne gode, smittande gleda som evangeliet for i dag fortel om?  Ikkje gå frå krav til krav, og krasj til krasj, men frå kraft til kraft?  Eg fann noko godt om det i siste nummer av magasinet STREK som eg abonnerer på.  Ein svensk forkynnar og forfattar som heiter Liselotte Andersson.  Litt av det ho skriv, har eg gjort til mitt og kanskje til vårt nå….

På leiting - og ein plass å bu
2 nysgjerrige mannfolk er altså på leiting.  Dei har oppsøkt Johannes som døypte folk i Jordanelva.  Dei er så gripne at dei tek døyparen på ordet når han peikar vidare på Jesus og seier:  «Sjå, Guds lam».  Dei begynnar å følgja Jesus.  Dei betraktar og lyttar ein heil dag.  Dei vil helst ikkje sleppa han av syne og smyg seg etter.  Eg ser mest føre meg ein krimscene. Dei skyggar han, vert avslørte og oppdaga.  Men spørsmålet er ope og vennleg: «Kva leitar de etter?»  Det er då dei stotrar fram og spør om slikt som gjerne me også gjer, når me treff ein framand og skal konversera og føla oss litt fram. «Kor bur du?»

Nå skal me spørja slik som dei.  Kor bur du, Jesus?  For det er ikkje bare eit nysgjerrig og halvblygt spørsmål.  Det er kjernespørsmålet.  Me må bu ein plass for å ha ro.  Me må ha ein heim der me kan kvila og henta krefter. Ein plass der hjarta kan finna ro. Elles hastar me frå krav til krav og havnar i krasj etter krasj.  Me kan ikkje gå frå kraft til kraft utan ein plass å bu og ha ro, trygghet og identitet.

Jesus svarer:  «Kom og sjå».  Invitasjon.  Ja, kor budde han?  Er det plass til fleire der?  Fleire som vil gå frå kraft til kraft, og ikkje dei andre alternativa.

Talen i dag heiter: Kor bur du?  Kor Jesus budde, og kor det er godt for oss å bu, me som er kalt til å følgja han, koma og sjå.
Kor bur du, Jesus?

1.Ute i det skapte
Heilt opplagt budde Jesus i det skapte.  Ute i det fri.  I naturen. Han snakkar om spurvar og liljer og fuglar.  Han oppsøkjer fjellet, ein plass for hjarta og bønn.  Han søv trygg i storm på sjøen.  Han bur i det skapte.

Der er plass for fleire der.  Sjølv når klimaet er truga, og forsøpling og katastrofar set sitt preg.  Skaparverket har plass.  Me er ein del av det og lever av det.  Det er godt å bu i det.  Fleire enn Jesus kan oppdaga sanningar der, pusta fritt og finna Gud og seg sjølv, verta fornya i trua, håpet og kjærleiken.  Ute i naturen skjer mirakla dagleg.  Noko i meg får kvile, noko i meg får mosjon, noko i meg vert lagt av og løyst. 

Og nå kjem sommaren.  Me skal syngja oss ut til han i den siste salmen i dag.  Ein annan salme seier det slik: «I denne fagre sumarstid gå ut, mi sjel, og gled deg i vår Herres store under».
Å bu i det skapte er godt.  Det gjorde Jesus.

2. Hos venner
Jesus budde også hos venner.  Det fann dei ut, dei to som kom og såg kor han budde.  Den kvelden.  Lenge budde han hos venner då dei vart med han til Galilea, til Kapernaum.  3 av vennene delte den djupaste smerten og det høgaste i kallet hans.  Dei var med han lengst inn i Getsemanehagen og opp på forklaringsberget.  3 andre  venner stilte huset til disp og kvile på ein annan måte.  Eit måltid, ei seng, som dei 3 søskena i Betania.  Maria gjorde at Jesus fekk bu der med ordet om Gud delt frå hjarta til hjarta.  Marta gjorde at han fekk mat og stell. Lasarus var vennen som gjer at me veit at Jesus grein, og så våga dei utrulege orda utan sikkerhetsnett:  «Lasarus, kom ut av grava di»

Kven er me utan venner?  Korleis kan me makta livet sine opp- og nedturar utan venner å dela med, eller bare slappa av hos?

Me veit at venner kan vera dårleg samvittighet.  Manglande ork og tid kan få oss til å tru at me har behandla vennene våre så slapt at noko ikkje kan reparerast.  Men det kan det.  Me lid alle av tida sine sjukdommar og treng kvarandre for å bøta litt på dei.  Også me skal bu hos vennene våre, hos nokre får me mat og stell, hos nokre får me lek eller djupare samtalar, hos nokre kan det som gjekk heilt galt, verta helbreda.  Marta og Maria og Lasarus er ikkje så langt vekke.  Ikkje ledertypen Peter heller, ein litt meir anonymt trufast Jakob, og Johannes, han som elskar og let seg elska. Å bu hos venner er godt.  Det gjorde Jesus.

3. I Skrifta, i gudsordet.
Heilt opplagt budde Jesus der.  Der fann han ordet som var programtalen for gjerninga han skulle inn i.  Han budde så i det at det var integrert i han, han handla ut i frå ordet.  «I dag og nå og her vert dette ordet oppfylt.»  Meir enn ein gong seier han når vegen smalnar eller vegkryss krev valg om det rette.  «Det står skrive.  Har de ikkje lese?»  Jesus budde i ordet.  Det forma identiteten, kallet og det han gjorde og sa.  At han budde i ordet, sette han og andre fri.

For mennesket lever av kvart ord som kjem frå Guds munn.  Så me les det i kyrkja.  Me ber det i kyrkja.  Me syng det i kyrkja.  Ei hjelp til å bu i Ordet.  Til å opna bibelordet heime der me bur.  Til å vita at livet er så mykje meir enn maten og krava og lystene og plagene.  Ordet er ei skapande kraft.  Å bu i det er å venta på kraft, i plassen for å verka under tyngda av krav.

4. I arbeidet og kallet
Jesus budde også i arbeidet.  Det var eit kall og eit must. «Så lenge det er dag må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg.» Han såg kallet sitt så stort at han kunne invitera til å koma og sjå kva det gjekk i, og be folk følgja han. Han var tydeleg i sine ja og nei. Han sa at han ikkje var komen til dei friske, men dei sjuke. For å leita etter dei bortkomne og berga dei. Han kjende kallet sitt så godt at han kunne gå sin eigen veg tvers gjennom ei folkemengde som ville bestemma og ha han til å gå ein annan veg. 

Det er godt for mennesket å bu i arbeidet sitt, ikkje vera ein slave av det.  Å bu fritt.  Å kjenna kva som er mi rolle og kva som ikkje er det, kva som er mine gavar og ferdigheter og kva som ikkje er det.  Er det i tillegg eit overlys av eit mål og ei meining med det me gjer, så snakkar me heller om kraft enn om krav og krasj. 

Me kan sakta verta trøtte og slitne av arbeid, men kanskje ennå trøttare av om ingen ser og spør etter eller verdset det eg har fått eller det eg kunne ha gitt som ein gave.  Eit arbeid eller ein teneste som er eit kall.  «Følg meg», seier Jesus.  Me skal snart syngja om kor meiningsfullt det kan vera for oss og for andre, og at det alltid vil vera ein ukjent veg som ikkje er trugande, men spennande.

5. I blikket som ser.
Jesus budde i blikket sitt.  Han ser fast på Simon Peter, kven han er og kven han kan bli.  Han ser dei som skyggar han, Filip som treng ei utfordring og snart er den ivrigaste til å verva nye.  Han ser skeptikeren Natanael under fikentreet og tiner han opp, fordi han opplever seg djupt og varmt sett.  Jesus bur i blikket sitt, og det er ingen andre som Hans Børli sitt dikt passar så godt på, som han


«Ett er nødvendig – her
i denne vår vanskelige verden
av husville og heimløse:
Å ta bolig i seg selv
Gå inn i mørket og pusse sotet av lampen.
Slik at mennesker på veiene
kan skimte lys
i dine bebodde øyne.

Jesus budde og var heime i blikket sitt. Hans bebodde øyne såg og ser på ein måte som gjer det til eit stort privilegium å følgja han.  Det er å gå ein veg med mykje meir kraft enn krav og krasj.

For blikket som ser oss, er fullt av nåde.  Det tek oss gjerne med inn i det meste av det som Gud har skapt.  Det er vennskapet sitt blikk, som gjer at me – som han – får bu i det djupe vennskapet me kallar bønn, i Skrifta sine ord som han minner oss om, i det å leva med eit kall som gjev meining.

Og så mysteriet: Jesus bur i blikket som ser.  Og det han ser, er meg og deg i ein opna himmel.  Det er han som har opna han.  Der bur han.  Der har han gjort klar den evige bustaden for alle som vil koma og sjå, følgja og tru.  Kor bur du, Jesus?  Der du vil eg skal bu, med å fylgja deg frå kraft til kraft, frå tida til æva.

Powered by Cornerstone