Store ting frå Gud og viktige valg i livet
Ein døv mann som ikkje kan høyra og derfor slit med å snakka. Kva er det med han? Jau, han får ein ny mulighet. Han gjer eit viktig valg. Han let nokre ta seg med til Jesus.
Denne døvstumme mannen er ikkje den første eller den siste som har gjort eit så viktig valg. Det skjer stadig at nokre vert førte til Jesus, og dei har sjølv gjort valget om å la det skje og opna seg for ei stor endring i livet.
Store ting frå Gud og viktige valg i livet er temaet i dag!
Viktige valg i liv og samfunn
Denne veka har det vore viktige valg i alle kanalar. Kven kom inn i kommunestyra? Kven har fleirtal og skal styra? Kven skal vera ordførar og kven skal sitja i formannskap og kommunale utval. Folkevalde som skal sørgja for god retning på framtida og på viktige tenestar for alle oss som bur her. Valg er viktig. Vaksne borgarar får stemma. Kandidatar på valg får tillit og reiskap til å gjera byen vår god for alle. Kyrkja heiar på dei som er valde, og me bed for dei som styrer.
Me har hatt valg på Bryne sokneråd også. 8 nye tillitsvalde og 5 gode varamedlemmar som skal forma livet her i kyrkja dei neste 4 åra. Heia dei! Velsigne dei! Og oss alle, for me er jo eit stort og mangfoldig fellesskap som er i hop om å vera Brynekyrkja, og forma ho slik at ho er god for alle som bur her.
Viktige valg skjer stadig vekk. Neste laurdag skal eit brudepar sjå meg og kvarandre inn i augene. Det gode valget er å lova å elska og æra og vera trufaste mot kvarandre resten av livet. Så pressar dei ringar inn på tjukke og sveitte fingrar så smil og litt vondt kjempar om overtaket, før dei kneler på altarringen og får ei bønn om Guds velsigning over heimen sin. Viktig valg!
Viktige valg om dåp og konfirmasjon
I dag er det foreldre og fadrar som gjer eit viktig valg. Eit ja til kristen dåp og kristen oppdragelse. Ja til at ein liten, heilt fantastisk gudsgave tidleg i livet skal verta ført til Jesus, så han kan gje dei ennå meir enn det som foreldre kan. Viktige valg om å høyra til hos han som har gitt oss livet i gåve. Om å få veksa opp med ei barnetru, kjenna Jesus og verdiane i kristen tru, og kunna be og ha himmel over livet.
I dag får konfirmantar bibelen sin. Det er litt av eit syn når dei står lina opp framme i koret. Ei god pulje av 103 konfirmantar med godt over 200 dagar igjen til konfirmasjon. De er sjølvsagt ulike og unike, men alle har sjølv gjort det viktige valget. Om eit år der de får ekstra god tid i kyrkja dykkar og med bibel og tru og viktige tema. Mykje av dette er midt inn i sånt som det er vanleg å lura på, og kanskje veldig gildt å prøva å finna ut i eit godt fellesskap.
I kyrkja trur me at det er å ha eller opna seg for ei tru, er å vera ennå meir seg sjølv. Velkommen i kyrkjefellesskapet til konfirmasjonstid! Ikkje vert forundra om noko eller nokon tek dykk med til Jesus sjølv. Slik at noko nytt og godt kan henda i livet!
Nå prøver me å tenkja bittelitt og læra litt av bibelteksten for i dag. Heilt enkelt. 3 ting å merka seg og tenkja vidare på.
1. Det var faktisk nokre som tok den døve med til Jesus.
Sjå det føre dykk. Dei tok han i armen og leidde han til Jesus. Dei hadde tru på at Jesus kunne hjelpa. Dei hadde kanskje opplevd det sjølv?
Eg er ganske sikker på at det er slik i dag også. Noko som skjer eller nokon rundt oss kan ta oss med til Jesus, om me er opne og villige. Eg håpar eg sjølv aldri vert ferdig med det! Ei nysgjerrig god forventning som ligg på lur, og sjølvsagt også kvart år med konfirmantar. I år også! Når eg får starta på årskull nummer 40, og kjenner at det er rørande, takknemleg og stort!
Me som er leiarar i konfirmantåret ønskjer å leggja til rette for at noko får føra dykk til Jesus – i full respekt for det som de sjølv vil og er klar for. Og viss me får følgja dykk på ein sånn type veg, så veit me at resten må føregå mellom deg og Jesus. Det me kallar bønn. Som er å tru.
For dette er det andre som evangeliet i dag fortel så tydeleg:
2. Jesus tok han til sides åleine, han som ikkje kunne høyra og snakka reint.
Dei vart åleine dei to. Der – i møtet mellom dei to – hende det som forandra livet. Noko vart opna opp. Han kunne høyra! Han kunne kommunisera reint, fordi han høyrde kva han sjølv og andre sa. Han fekk ein ny måte å vera hop med folk på.
Kvifor tok Jesus han til sides og var åleine med han? Eg trur at Jesus ville fortelja at han såg akkurat han. At den hjelpa Jesus kom til å gje han, ikkje var for dei andre, for å imponera og få begeistring og verta beundra. Nei, Jesus tenkte på han åleine. Først han. Bare han. Dette er rein, ublanda omsorg, ikkje noko han gjer for å oppnå noko anna. Denne funksjonshemma mannen er ikkje eit middel for noko, men eit mål i seg sjølv. Å koma til Jesus er ikkje å verta lurt og brukt. Det er å verta møtt der du er og slik du er. Heilt. Ekte. Kjærleiksfullt. Slik er Jesus. Alltid. Og han har for alltid vist oss at det er slik me skal vera kyrkje også.
3. Jesus brukte eit språk den døvstumme var i stand til å forstå.
For mannen er det lett å merka at Jesus ser kva som er vondt og at han har tenkt å hjelpa mannen. Korleis då?
Jau, Jesus stikk fingrane i øyrene hans og gjer noko som me i alle fall ikkje gjorde i koronatida. Det fristar ikkje nå heller! Men Jesus legg altså spytt på tunga hans. ”Æsj”, kan me tenkja. Nokså merkeleg! Men tenk på den døve! Jesus bruker det språket han verkeleg forstår. Han bruker meir enn ord. Han fortel med fingrar inn i øyrene og inn på tunga at nå har eg tenkt å hjelpa deg med det vondaste i livet, det som du treng aller mest.
Eg trur det er slik Jesus er i dag også. Han er ikkje redd for å røra med det som smertar oss aller mest. Han bruker gjerne kroppsspråk for å få sagt sterkt og tydeleg kva han vil gjera for oss.
Teiknspråk i kors og dåp
Slik var det den dagen han ga livet sitt. Korleis kunne Jesus få sagt forståeleg og klart at me menneske treng å verta forsona med Gud? At han elskar oss så høgt at han vil og kan tilgje oss uansett kva me har gjort. Korleis kunne Jesus få sagt det? Ord hadde me ikkje forstått og trudd på, like lite som den døve mannen. Det hadde ikkje nådd inn. Berre funne døve øyre. Kva gjorde Jesus? Jau, han fortalde det med kroppen sin, med heile seg. Han vart korsfesta for å gje oss tilgjeving og fortelja kor høgt han elskar.
Og slik fortset Jesus i dag også? De konfirmantar skal få ta og kjenna på ting og huska med heile kroppen og alle sansane opne. Me skal gjera og læra og oppdaga, i noko me kallar trusvandring.
I dag har me sett det ved døypefonten. Jesus fortel med kroppspråk og med teiknspråk at me høyrer han til og han vil vera med oss alle dagar. Eit kors som vert teikna over oss for å visa kven me høyrer til. Vatn som vert ausa over oss for å reinsa oss med den tilgivelsen Jesus har kjøpt oss på korset. Eit språk sjølv døve kan forstå.
Store ting frå Gud og viktige valg i livet
Kyrkja trener seg heile tida på å ikkje vera stum! I takk for gaven syng me takk og lovsyng. Me gjer det kjent. At Jesus heile tida fortset å gjera store ting.
Til slutt, til oss alle i dag: Det er fint å verta ført til Jesus. Til å gjera det til eit aktivt valg. Så han får gjera store ting. Med oss og gjennom oss.