Påskekonsert med Leif Jone Ølberg
Torsdag 26. mars får me besøk av baryton Leif Jone Ølberg. Han blir akkompagnert av sin far Lars Bernhardt.
Det blir stor klang i Brynekyrkja denne kvelden med variert program.
Her er noko av det media har skrive etter ein konsert med Leif Jone:
«Det var mest ubegribeleg at ei enkel røyst kunne fylle kyrkja med slik kraft og autoritet, samstundes som kvart enkelt ord vart tydelge uttala» - Fitjar kyrkjeblad
«Enkelte konserter berører mer enn andre - dette var en av dem» - Hardanger Folkeblad
Du kan også kjøpa billett i døra.
