Ein del av noko større
Semesterstart 19.08.2018. 13.sundag i treeiningstida. Lukas 12,42-48

Ein del av noko større

Å vera trufast er å retta meg mot meir enn meg sjølv.  Det er å vera og sjå seg som del av noko mykje større.  Noko eg kjenner ansvar for, glede over og står ansvarleg for. Trufast. Del av noko større.

Trufast.  Det er ordet i dag.  Det dukka opp i to av bibeltekstane.  Paulus slår det opp til eit program: Me skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik.  Og Jesus snur eit spørsmål frå Peter tilbake: Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, forvaltaren…?

Trufast
Trufast er ordet i dag. 
Trufast og klok til og med.  Er det eit ord eg kan identifisera meg med?  Er eg trufast?  Er det å vera trufast ein kjerneverdi, for meg og for kyrkjefellesskapet i Bryne i starten av eit nytt semester?

Det er vanleg å tenkja at trufast har med integritet å gjera.  Eg skal vera tru mot meg sjølv og mine eigne verdiar. Trufast mot det eg står for. Vel og bra, så langt det rekk.  Men langt frå nok.  Å vera trufast er å retta meg mot meir enn meg sjølv.  Det er å vera og sjå seg som del av noko mykje større.  Noko eg kjenner ansvar for, glede over og står ansvarleg for.  Trufast.

Me fokuserer dette semesteret i Brynekyrkja på å sjå oss som ein del av noko større, noko me vert berika av og kan bety noko i. Noko større oppover: kven me er i Guds auge.  Noko større utover: korleis me kan gå ut i byen og verda med Guds kjærleik.

Kong Salomo
Først idag får me høyra om kong Salomo som får eit syn om natta. Gud seier: «Bed om kva du vil, og du skal få det.»

Ikkje verst!  Mange Jørgen hattemakarar kunne nok ønskt seg noko liknande som kong Salomo.  Eit eineståande tilbud:  Be og du skal få.  Men like mykje eit viktig valg.  Kva skulle han be om?  

Kva ville me bedd Gud om viss me fekk valget?
Kva ville me valgt i bønna vår og prioriteringane våre?

Me lever i ei tid og ein kultur der sjølvrealisering og drivet etter gilde opplevelsar står veldig høgt på verdiskalaen.  Kva som betyr noko for meg, kjem lett før hensynet til andre.  Så kanskje er det lettare i vår tid å oppdaga at her ligg mennesket sitt grunnproblem, at me set oss sjølv i sentrum, og ikkje andre, ikkje Gud, og heller ikkje fellesskap utan at det gjev noko ekstra igjen for meg sjølv.  

Det er interessant å sjå kva kong Salomo valde då han fekk valget og vart sett på prøve. Han valde visdom og vit.  Han såg seg som del av noko større.  Eit folk han skulle styra og hadde fått ansvar for.  Ein Gud han hadde fått alt av og skulle svara for.  Ein Gud som kunne bruka han som var resultat av eit feilgrep då David forgreip seg på Batseba og ofra mannen hennar i krigen.  Gud kan bruka alt og alle.  Gud står ikkje rådlaus, men har veiledning og velsigning til den som bed.

Salomo valde visdom og vit.  Å vera trufast i rollen sin.  Ikkje for sin eigen del, men for å vera ein betre leder for folket.  Kva inspirerer han oss til?  Jau: Å velja fellesskap framføre eigennytte.  Å sjå oss sjølv i samanheng med dei andre og den andre.  Korleis kan me best vera trufast?  Jau, det må ikkje handla om oss sjølv, men korleis me best kan tena andre og opna for det me bare kan få frå Gud.  Det er utfordringa frå krønikeboka si forteljing om Salomo.  Å vera trufast gjennom visdom, til eit heilt folk sitt beste.

Dette er viktig, folk!  I små og store lederposisjonar me alle står i.

Trufast mot sanninga i kjærleik
Så var det Paulus som har eit ord til oss.   Efesarbrevet kapittel 4 om å vera Kristi kropp, og å vera trufast mot sanninga i kjærleik.  Både Paulus og Salomo minner oss om at ingen skal 
veksa for å verta store i seg sjølv, men for å tena andre.  Spør om det i haust:  Kor kan eg vera og tena slik at heile kroppen veks og blir oppbygd i kjærleik.  Vera trufast.  Del av noko større.  Klok.

Trufast forvaltar
«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren», spør Jesus.  Han fortel ei likning der han teiknar opp den trufaste og advarer mot den trulause.  Og sjå nå forbi den tids herre- og slaveordningar.  Ikkje la deg sjokkera av manglande arbeidsmiljø og harde straffe-ordningar.  Ta det viktigaste poenget om å vera trufast og klok, om å vera forvaltar  Forskjellen mellom den trufaste og den trulause går på å sjå seg som del av noko større, eller handla i eigeninteresse.

Trufastheten består i to ting.  Det eine er handling.  Å gje folk mat i rett tid.  Å vera i arbeid og teneste.  Så fundamentalt.  Trufast i teneste. Dag etter dag.

Det andre er holdning.  Å vita at eg er forvaltar og står til ansvar og rekneskap.  Eg held ikkje på med mitt.  Eg har fått det og skal svara for det.  Trufast på post og så klok at eg veit det.

Du som har fått så mykje...
Så: Nå i starten av semesteret er me kropp og støttande band som lyttar til han som er hovudet.  Han kjenner kroppen sin.  Han vil handla gjennom oss. Me er ein del av noko større.  Himmelen er open.  Dagen er open.  Han har gitt oss alt.  Livet.  Evner og talentar. Muligheter og dagar. Nåde og kall. Nokon som treng deg for å takla og takka for livet.  

Jesus seier: Ver trufast og klok.  Du som har fått så mykje, del det med andre.  Ver eit vitne, om korset sin nåde, om himmelen sin godhet, om oppstandelsen si kraft og dagen eg kjem i herlegdom.  Du skal spreia håp og glede i verda og i forsamlinga di, gjennom den du er og det du gjer.  Og sjå, eg er med deg alle dagar så lenge verda står.  Du trufaste og kloke som veit du er ein del av det største.

Powered by Cornerstone