Venn med Jesus
Det er veldig fint å ha venner. Heilt nødvendig! Å ha nokre å kosa seg i hop med. Nokre som er så gode venner at dei er der for meg uansett, også viss livet er ein knute som ikkje vil gå opp.
Jesus hadde venner. Han trong dei, slik me alle gjer. Nå har me nettopp fått eit glimt inn i ein heim der han hadde gode venner. 2 søstre som ikkje var heilt like. I alle fall teiknar Lukasevangeliet dei med kontrastfargar.
To ulike venner
Marta tek imot Jesus i heimen sin. Maria tek imot Jesus i hjarta sitt. Begge er glad i Jesus. Begge har lyst til å vera god venn med han dei er glad i. Begge veit dei møter noko større enn seg sjølv når Jesus kjem, og vil at det skal prega livet. Den eine med hender som vil tena og stella til, den andre med ope hjarta og lyttande øyre. Den eine med å gje, den andre med å ta imot. Den eine med mat for kroppen. Den andre med mat i sjela. Begge har fått ein venn på besøk, ein som ser dei djupare enn nokon andre ser.
Han ser Marta. Ho som gjer heimen til ein god plass å leva i og koma til. Ho opnar huset, tek imot gjesten, held det reint og steller mat. For ein fest når mat kjem på bordet. Gode smakar. Blikka. Kosen. Samtalen. Det gjer seg ikkje sjølv. Men ho gjer det. Prioriterer tida med ein god venneteneste. Ho er god, Marta. Me kjenner mange slike som likar å ordna opp. Er me slik sjølv?
Og imens har Maria lista seg meir stilt inn i situasjonen. Dregen mot plassen ved Jesus sine føter. Den som dei mannlege disiplane hans trudde dei hadde einerett på. Ho gjev seg tid til å lytta. Sjå. Forstå. At denne vennen kom for meir enn maten. Ho har funne ein plass som ordlaust forstår at alt gjesten ønskjer, er menneske som vil ta imot og lytta.
Strev og uro
Det kunne ha vore ein kjempedag i desse to vennene sin heim! Viss ikkje den eine av dei hadde vorte irritert og begynte å kritisera den andre. Var ho stressa? Var ho misunt?
I alle fall får ho ord frå Jesus. Kanskje dei er til oss også? Til dei som stressar og strevar og kavar i veg: ”Marta, Marta, du gjer deg strev og uro med mange ting.”
Strev og uro med mange ting, ja….
Det kan jo henda…
Men ikkje akkurat nå. For nå er det helg. Nå er det fest. Nå begynnar ein ny epoke i livet. Ein gullklump og hjerteknusar å ta seg av. Nå er eg snart vaksen. Fersk konfirmant. Nye muligheter opnar seg. Nå er det fest i kyrkja, så fullt hus som eg bare drøymer at det må vera. Ikkje strev og uro med mange ting akkurat nå. Bare småting eventuelt.
Men det er ikkje alltid at strev og uro er småting. Nokre gonger vert eg heilt forkava. Stressa. Kjenner uroen ta så tak at eg ikkje klarer slappa av. Det er kaos innvendig og mykje i tida som stel håp. Rastlaus etter alt eg vil oppleva mens eg er ung. Rusa på engasjement og oppgaver når eg er vaksen. Dønn forkava når eg er midt i livet og som eit strøkent slips med alderen. Strev og uro med mange ting. Eit stressa og forkava liv, kan det vera.
Kva som gjev verdi
Kanskje Jesus såg noko rastlaust i Marta. Noko som var meir enn eit fritt valg? Ein slags indre tvang? Kanskje eit jag etter å verta bekrefta og rosa meir for det ho gjorde enn for den ho var.
Ja, for me vert frykteleg rastlause, urolege og sårbare viss me trur at verdien vår ligger i det me gjer, i det me får til, i det me fiksar, i dei prestasjonane andre rosar oss for.
På konfirmantkickoff på Reke Event fekk konfirmantane eit armbånd med ordet som klokkaren las: «Alt maktar eg» – ikkje i meg sjølv, men – «i han som gjer meg sterk!»
Så god venn er Jesus. Han gjev oss ein verdi som er meir slitesterk enn noko anna. Dåpsforeldre er på sporet av den når dei gjev ubetinga kjærlighet uten å knytta godheten til noko dei små presterer og får til. Kanskje det var dette Maria prioriterte? Mens Marta i god meining står på med gode prosjekt, men ikkje får med seg det viktigaste.
Kjære konfirmantar og foreldre og slekt og kven me nå er: Me kan gjera oss frykteleg mykje strev og uro for mange ting viss me har verdien vår knytta til alt det me gjer og vil oppleva og få til og oppnå og verta beundra for.
Det fins ein betre veg og eit betre liv: “Eitt er nødvendig..." Bare eitt. “Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
Venn med Jesus
Det eine nødvendige er å ta imot. Nå er Jesus her. Nå er det han som er venn. Akkurat nå. Og i andre situasjonar som kjem til å vera akkurat då. Då er det tid for å sleppa det me har i hendene. Lytta og ta imot. For når du lyttar til han, då oppdagar du at du ikkje har verdien din i det du gjer eller i det du kan shoppa eller posera med og få beundring for.
Verdien din er den du er. Skapt av Gud i kjærleik. Verdien din er det du er: Elska av Jesus. Han kallar deg venn. Så høgt at han ga livet for deg. Dette kan du kvila i. Dette kan bera oss heile livet. Dette vert me døypte til og konfirmerte til. Dette er medisin mot stress og uro og å vera veldig opptatt av andre sine valg. Og så er det det eine nødvendige. Den gode delen. Det evige livet! Den beste vennen.