Joseftruskap og Jesusfrelse
Over heile verda startar det nye året med fyrverkeri og lysande rakettar. I kyrkja, som også er verdsvid, startar året med den heilage familien. Med Josef, Maria og barnet som får namnet Jesus. Det kan jo virka meir nedpå enn fyrverkeri! Men langtidsvirkningane er mykje større!
Josef sitt perspektiv
Det er Matteus som fortel om Jesus sin fødsel frå Josef sitt perspektiv. Det passar godt på nyttårsdagen. For Josef står på vippepunktet mellom eit kjent liv fram til nå, og eit ukjent liv framover. Han må ta valg. Dei vil ha store konsekvensar også. For han sjølv, for dei to andre i familien, og for alle oss som les om Josef og familien hans i veldig mange hundreår etterpå.
Josef er ein av oss. Ein som spør kva han skal gjera. Ein som skal handtera noko han er redd for og ikkje forstår. Det ser ut som ei stor livskrise. Er det det også?
Det vart i alle fall det når ho han elska og hadde alle gode grunnar til å stola på, fortalde at ho var gravid. Og han hadde ikkje hatt noko med det å gjera.
Julespelet "Veien til Betlehem"
Eg fekk levandegjort sjokket på julespel i Lyngdal i starten av desember. «Veien til Betlehem» heiter det, og føregår ute i naturen på ei 4 km lang vandring der du møter flotte kulissar, 50 skuespelarar og dramatikken knytt til fødselen i Betlehem. Josef, for eksempel, går heilt i svart, når han får beskjeden. Heilt til ein engel finn han, knust i sorg og tap av planlagd framtid.
Forteljaren i julespelet gjentok mange gonger under vandringa setningen: «Det er vanskelege tider». Me fekk litt hjelp til å dra våre eigne parallellar til krevjande ting i livet og verda i dag.
La oss gjera det denne nyttårsdagen også. Ein frys på situasjonen der Josef er i villrede og ønska framtid ligg knust.
Mange vil nok bruka ord som vanskelege tider i dette skiftet av år også. Okkuperte landområde. Eit barn født i Betlehem er eit barn født i krig. Fred og demokrati under press mange stader. Vanskelege kår for faktabasert sanning som skapar tillit og byggjer opp. Renter og fattigdom opp og framtidsoptimisme ned.
Vippepunkt
Årskavalkadane ber med seg mykje analysar for tida. For det er vanskelege tider. Vippepunktet er ikkje eit årsskifte, det er kva veg det går med dei store tinga som leveleg klode og fred utan fattigdom og urett og krig.
Noko av dette fann gjerne vegen til julehelsingane våre? Nokre draumar, sorger og håp iblanda personlege og familiære oppdateringar. Og nå: Kor er eg eigentleg ved årsskiftet? Er gårsdagen forbi? Kva håpar eg for morgondagen?
tår eg ved eit slags vippepunkt som kan likna på Josef sitt?
Om det er slik, eller det ikkje er heilt slik, så vil eg nå ta oss med inn i det som er kyrkja sin store skatt inn i eit nytt år. Ord frå Gud! I dag er Ordet 2 ting. Eit godt eksempel og ein stor gåve. Kort oppsummert: Joseftruskap og Jesusfrelse!
Joseftruskap
Først Joseftruskapen. Altså i tunge dagar. Det skjedde ting han ikkje var Herre over. Nokre hadde bestemt og gjort ting som fekk store innvirkningar på livet og det han hadde satsa på.
Ei sartare sjel kunne vorte knekt. Ein mann med mindre bein i nasen hadde gjerne meldt seg ut av heile greia. Men Josef gjorde ikkje det. Han valde å tru på Maria, støtta og beskytta ho. Han tok seg av barnet, sjølv om det ikkje var hans og kom til å kosta ganske mykje.
Kva var hemmelegheten? Sikkert kvalitet og karakter i han sjølv. Og kva gjer me ikkje for den me elskar? Men det var også ein del draumar som hjelpte Josef. Matteusevangeliet fortel om 4 slike. Eg har lyst til å gje dykk dei, for eg trur det å få ein god draum og halda fast på han, kan bety mykje når tidene er krevjande og me er enkeltpersonar og familie, kollegar eller kyrkjemedarbeidarar som skal finna vegen når det krev noko ganske ekstra.
I Josef sine draumar er det englar som kjem. Slikt er jo sjeldent, men det kan koma ein klar draum som hjelper oss til gode valg. «Usynlege hender leier oss» - Jon Fosse sine ord som kong Harald bygde nyttårstale av i går kveld. Og for Josef var det heilt tydeleg at draumen kom med noko frå Gud.
Første draum: Josef drøymde at han skulle bita skamma i seg og ta Maria til kone. Det som vaks i Maria sin mage, var der av Gud og hadde ei stor meining over seg.
Andre draum: Han skulle flykta til Egypt med det nyfødde barnet, for kong Herodes hadde vorte redd for makta og framtida si og planla barnemord i Betlehem.
Tredje draum: Nå var nye, trygge tider komne. Det var trygt å reisa heim frå Egypt.
Fjerde draum: Nå kunne han slå seg til i Galilea og heimbyen Nasaret igjen.
Josef fulgde desse draumane og lot dei styra seg gjennom krevjande tider. Han tok ansvar for å justera kursen, både fordi han såg kva tida kravde akkurat nå og fordi han var oppmerksom for ein draum å halda seg til. Han tok ansvar for livet sitt og for dei som var avhengige av kva valg han tok og beskyttelse han kunne gje. Og i alt som kom, var det viktig å la seg leia av Gud.
Josef var ein kjernekar.
Oss lærer han at du skal lytta til draumar, halda ideala høgt, finna ut kva tid du må liggja lågt, eller vera villig til å bryta opp for å beskytta deg og dine, og kva tid du kan satsa på nytt og fullt igjen.
Og gjennom alt: Du skal elska og vera trufast mot familien din. Eg kallar det Joseftruskap, og tenkjer dette gjeld og står seg godt i mange slags valg som gjer ein stor forskjell på godt liv eller vanskeleg liv for oss sjølv og for andre me er ein del av.
Dette er det gode eksempelet i dag. Den store gaven då?
Det var Ordet frå Gud til å møta krevjande tider med.
Josef skulle få gje barnet eit namn, som Gud sjølv ga tydninga på: "Du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira."
Jesusfrelse
Det namnet skulle bera Josef gjennom vanskelege dagar. Det namnet er kyrkja si overskrift over alle årskavalkadar og kalenderskifte. Navnet Jesus blekner aldri. Det overlever kvart årsskifte. Det dankar ut alle andre navn om dei blenkjer aldri så mykje for eit tid. Det strålar inn midt i nattens mørke til den som strevar med mykje av det som er knytta til sitt eige navn.
Navnet hans seier det: Han er frelsaren. Redningsmannen. Det er mi bør han vil berga meg frå. Det er meg han vil frelsa. Både for evigheten og for det nye året.
Nyttårsdag og Jesu navnedag talar veldig tydeleg om det eg treng å verta frelst frå: "Han skal frelsa folket sitt frå syndene deira."
Eigentleg er det mange ting me menneske både ønskjer og treng berging og frelse frå: Helseproblem, depresjon og problem med å mestra livet, fattigdom og undertrykkelse, dårlege nerver og dårlege venner og dårlege vanar. Og eg seier ikkje at dette er ting som det er uvesentleg for Jesus å berga oss frå. Men noko står øverst. På den lista som er før alle lister.
For kjernen i alt det som er vondt, alt det som er våre bører, det er menneskelivet sin grunnskade: Synda. Medmenneske si synd og framfor alt vår eiga. Synda er det som set verkeleg verk i alle sår. For synd kjem som lokkande lyst og ender med brot på kontakt. Synda riv oss laus frå Guds meining med livet vårt og fyller oss med bitterhet, kulde og likegyldighet. Synda skil oss frå kvarandre og frå Gud. Ho kan samla seg opp til eit lager som gjer det vondt og trongt å leva. Og minst like vanskeleg å sjå, kjenna og finna Gud. For korleis kan eg det når eg lever med ryggen til han som har skapt meg?
I Jesu namn
Derfor skundar kyrkja seg på årets første dag å ropa ut ordet om han som er komen for å frelsa frå synd. Han som steig djupt ned, til stall og krubbe for å prøvast i alt det inneber å vera menneske, alt som lokkar og fristar. Han fekk navnet Jesus for å frelsa oss frå syndene våre. Han praktiserte navnet sitt då han let seg spikra til korset for å sona for synda i vår plass. Han tok på seg det ubegripelege å få Gud mot seg, for at me alle dagar skulle få Gud med oss. Betre budskap om året og åra som fòr, skal du leita langt og lenge etter. I trua på Jesu navn er det full tilgivelse å få. I Guds auge er du dekka over med Jesus sin rettferdighet. Blanke ark og nye fargestifter er gitt. I Jesu namn kan det gamle året leggjast bak - verkeleg bak. Gårsdagen er forbi, ikkje fordi kalenderen tok han, men fordi han er oppgjort!
Om det nye året veit me ennå lite - og godt er vel det. Men me veit det viktigaste viss me kan møta det i Jesu navn. Me treng eigentleg ikkje så mykje prognosar for morgondagen med Jesus i fylgjet. Det me treng er ny tillit til navnet Jesus. Innvia det nye året trygge på at det gamle er lagt bak i Jesu navn og det nye kviler hos han som er historiens herre.