Det som var, blir nytt
Pinsedag og gullkonfirmantar i Time kyrkje 05.06.2022 - Joh. 14,23-29

Det som var, blir nytt

Men pinse?  Noko nytt i det som var?  Til oss som har levd ei god stund og begynnar å modnast etter alt me har sett og erfart.  Og kom til kyrkja i dag, slik me ga kyrkja ein type tillit og plass då me vart konfirmerte.

Store øyeblikk i livet!
Pinse i Jerusalem med full rulle. Guds eigen Ånd inn i folk sine liv, øyre, morsmål, hjarte, tru. Det må ha vore eit vanvittig stort øyeblikk i livet.

Gullkonfirmant
Konfirmasjon er eit stort øyeblikk.  Øyeblikk som har kome til mange ungdommar og heimar denne våren.  Og altså for mange av oss for 50 år sidan.  Å knela i kvit kappe i kyrkja og ha alle auge på seg på fest var ei ganske stor statusoppdatering. Den her skrotten er ikkje eit barn, oppfattar seg ung, men får status som liknar på det å vera vaksen.  Eit stort øyeblikk på tampen av eit heilt konfirmantår.  

Eg var nok ingen ivrig konfirmant i det skuleåret som konfirmantåret pågjekk.  Men det var eg som blei prest! Og har halde på og halde på med konfirmasjon i alle yrkesår.  Andre meir eller mindre ivrige konfirmantar i 1972 blei noko anna. Noko det gjekk an å ana på forhånd? Eller absolutt uten peiling på det som me skulle verta?  Livet tok ein veg med oss.  Gilde og skjøre ungdomsår betydde og forma mykje av retninga på den vegen.  Verdiar fekk festa seg.

Nokre konfirmantar i 1972 valde konfirmasjon etter gammal ordning med personleg bekjennelse før den velsignande bønna.  Forsakar du Djevelen?  Trur du på Den treeinige Gud?  Vil du leva i di dåpspakt?  3 ja måtte til. Eg var verken moden eller modig og uansett ikkje klar for slike store ja.  Men nokre av dykk var.  For ein del var heilt sikkert konfirmasjonsdagen ein avgjerande og viktig dag for trua og framtida.  For meg og sikkert for mange andre, vart det andre dagar og hendingar som sto for det, eller dei kom gjerne lite i det heile.

Korleis ting var
Og plutseleg hadde eg vorte gullkonfirmant og måtte tenkja gjennom korleis ting var. Kvifor vart eg ikkje meir gripen av konfirmantåret, slik som eg har ønskt for dei 38 konfirmantkulla eg sjølv har hatt?  I ei veldig spennande ungdomstid der utruleg mykje skjedde og forma, særleg gjennom mange nye vennskap: kvifor ikkje sterkare inntrykk frå konfirmasjonen? Jau, eg veit noko om det umodne som sit i lealause guttekroppar og viltfykande tankar.  Og hjarte som er litt trege å få gang på, kan vera rimeleg konstant og endrar seg lite på 50 år. Men eg tok meg også til å bla gjennom konfirmantboka vår: «Min konfirmasjon»

For å finna ut. Kva fann eg:
Veldig kognitiv læring for toppetasjen!  I dag hadde det vore ein teologisk dogmatikk for rimeleg vidarekomne.
Koblinga til det levande livet var idealistisk og lite realistisk. 
Jfr. «Kontrakten: Som konfirmant vil eg» side 11. punkt 7-10…

7. Vera til ære for foreldra mine og konfirmantkullet mitt.
8. Be til Gud kvar dag
9. Lesa i Bibelen kvar dag og gå til kyrkje, så eg kan læra Jesus og hans vilje å kjenna.
10. Alltid minnast, kor eg er og kva eg gjer, at det viktigaste for meg er å vera ein rett konfirmant.

Me las det nok med store auge då også. Kan dette verkeleg ha møtt dei fleste av oss der me var – for 50 år sidan?  Og så var alt på skulen, i det same klasserommet som hadde matte timen før og norsk timen etter.  Det var bare presten som minte om noko anna enn skule.

Teorioverskot
Eigentleg var mi konfirmasjonstid overfylt av teori, og hadde stort underskot på slikt som er viktig med konfirmasjon i dag.  Leik, utforskande pedagogikk, grupper å snakka i, å læra gjennom å gjera og delta og vera involvert i livet i kyrkja. 

Når eg ser tilbake, hadde konfirmasjonstida underskot på det sosiale som er så viktig for livet.  Med to store unntak.  Den eine var konfirmantweekend i Årdal i Ryfylke.  Med risikabelt få leiarar, over hundre konfirmantar og 32 manns sovesalar, vart det eit salig kaos.  Og det var ikkje pinsekaos! Leiarane vil nok helst ikkje vite kva som føregjekk, og nokre av oss lærte ting om livet som me knapt ante noko om før me hadde vore der. Men eg trur faktisk at George Harrison sin «My sweet Lord» vart spelt på bibeltimen.

Og så var det jo konfirmasjonsdagen, å vera ein av den store flokken som kyrkja laga fest for.  Og heile slekta sette deg i sentrum og ga oppdrift til alt det som romsterte på innsida av den nye dressen og kjolen, og det tøffe, halvlange guttehåret.

Oppvekstkyrkja mi
Oppvekstkyrkja mi var ikkje spesielt god på konfirmasjon.  Ho var mykje betre på miljø og liv etterpå.  Og då var eg modnare til å kunna reflektera personleg rundt trua.  Og så var trua bare der ein dag. Året etter. Bevisst og betydningsfull.  Og denne gamle kyrkja gjekk med på ommøbleringar og tålte at ungdommar dreiv med drama, trommer, elgitar og eit vanvittig mobilt stilllas som kunne husa eit ungdomskor på 90 stk som vagla seg rundt preikestolen og kikka presten i manuset.  Då var det sånn at det som nok hadde vore vel tørt og mykje teori, hadde vorte liv og tru.  Det vart liv i noko av det som hadde vore der før, både i konfirmasjon og barneår.

Link til pinsedag
Og nå er eg sjølvsagt i linken til pinsedag, som heile den kristne kyrkja feirer i dag.  Verdensvidt.  For pinse betyr at det som var der før, får verta nytt.  Teori vert liv.  Ein religiøs fest vert ei personleg åndeleg erfaring. Barrierar som gjer at du ikkje høyrar og begrip kodar eller språk, vert fjerna, så alt vert forståeleg og klart.  Nokre glir over i ekstasen og nye måtar å bruka tunga på, men for dei fleste er evangeliet plutseleg klart.  Det er nytolka i eit forståeleg språk.

Og kanskje var det ein mild liten pinsevind som fòr til mitt gutterom på Løge året etterpå, eller fann andre av dykk i større vindsus eller andre greier både før og etter.  Og gjorde oss til både jule- og påske- og pinse- og andre venner. Og 15-20 nye pedagogiske læreverk og praksisar i konfirmasjonstida gjennom mine presteår, har vore ein del av ei fornying som høyrer til kyrkja si stadige pinsefornying.  Det som var, må få verta nytt.  Gud sjølv vil skapa det som eit under, som Guds ånd.  Nye folk får del i det som nytolkar innhaldet og gjer at øyre forstår og hjarte vert gripne.  Tru og liv.

Evangeliet er nå
Og nå er det oss.  På fest.  Pinsedag. Konfirmantfest.  Evangeliet er alltid nå. Her.  Det bør helst ikkje vera nye babelske forvirringar som spittar oss opp i ulike kulturar og oppfatningar av verkelegheten.  Me begynnar å få nok ekkokammer, oppsplittingar og tillitskriser rundt om i verda og tettare på oss.

Men pinse?  Noko nytt i det som var?  Til oss som har levd ei god stund og begynnar å modnast etter alt me har sett og erfart.  Og kom til kyrkja i dag, slik me ga kyrkja ein eller annan type tillit og plass i overgangen mellom barn og vaksen, og vart konfirmerte.

Er det eit forståeleg pinseord som treff mitt øyre og renn ned i hjarta og ut i noko gammalt som får verta nytt idag?

Kanskje det ordet Jesus helsa læresveinar med den siste kvelden han levde.  Eit ord om å venta på noko nytt og godt som han kan gje.  Paulus skal seinare kalla det den tredje av Anden sine frukter.  Johannes 14,27: «Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det

Fred å kjempa for
Kva slags fred er det verda gjev?
Er det ikkje ein me mange gonger har prøvd å leita oss fram til sjølv og kjempa for, ein fred med mykje kamp.  For å takla livet og verda.  Berga og hjelpa dei me har hjarta for så godt me kan.  Freden me ropar opp om når nokon trur at verda går framover gjennom ein krig, eller gjennom ein konflikt i heim og jobb.  Freden nokre stel for oss.  Freden me kan tru heng på oss, eller på ting me treng meir påfyll av. Meir opplevingar eller ein dose rus og medisinar, og dessverre av og til maktbruk for å sikra freden.

Den freden som heng på innsats kan vera vanskeleg å finna for mange. Noko i fortid kan vera for konfliktfylt, vondt og traumatisk. Framtida kan virka for utrygg. Nåtida kan dempa ned det djupe fredsbehovet med kortvarige erstatningar.

Fred å kvila i
Men Jesus tilbyr fred som ein gave. Som meir enn kamp. Fred som er Andens frukt. Ein fred Jesus har kjøpt oss på korset. Ein fred i å vita at eg er elska av Gud. At guddommeleg tilgivelse er muleg når eg har vondt for å tilgje meg sjølv og andre.  Ein fred som Guds ånd pustar inn i oss. Og hjelper oss til å leva med verdiar og veiledning frå Bibelen. Paulus seier det vert Anden sine frukter av slikt.  Og listar opp: Kjærleik, glede, fred og altså litt til.

Det går an å spora desse fruktene i kyrkja sin historie, midt i villniss og ugras og sånt som dessverre kan spora av.  Fruktene ramla i hendene allerede på den første pinsedagen. I alle fall kjærleiken.  Og gleda.  Og ein fred som ikkje var spesielt fredeleg.  Det suste av vind og eldtunger og disiplar som fekk og fann ord til alle språka som var på tur til Jerusalem.  Det som hadde vore uforståeleg då Jesus døydde, vart liv. Det som eingong i urtid vart ei babelsk forvirring vart nå ei bibelsk forståing.  Det som til vanleg var trøblete mangfold i form av splittelse, vart nå til nydeleg mangfold, eit fargerikt fellesskap der folk nå kan høyra og ta imot evangeliet på sitt språk, i sine erfaringar, personlegheter og tradisjonar. Og ha same fred frå Jesus i eit verdensvidt fellesskap.

Feiring og pinsegave
Dette er verd ei feiring! Den første pinsen sin store gave, og kvar pinse sitt under.  At me forstår og høyrer Gud sitt storverk på vårt eige språk, i vårt eige liv.  Forunderleg nytt lys fell over det gamle.  Kanskje til og med over ein gammal konfirmasjon og alle slags gilde og kronglete veger som livet kan ta oss etter den. 

Det som var, vert nytt med Jesus sin fred over seg.

Powered by Cornerstone