Truskap mot bibel og menneske
Johannes 8,2-11. 9.sundag i treeiningstida 2018

Truskap mot bibel og menneske

Å kombinera respekt for Guds Ord og respekt for det enkelte menneske.  Berre det er i stand til å reisa opp bibelen sin autoritet hos folk flest – og hos meg sjølv. Å vera sanninga tru i kjærleik, slik at utsette menneske vert reist opp.

Ein scene frå evangeliet som berre brenn seg fast i oss. Kva ser du?

Du ser heilt sikkert kvinna!

Ikkje kor ho kjem frå og kor det vert av ho.  Ikkje om ho var lett på tråden eller eit typisk offer for andre sine sterke viljar.  Ho er namnlaus.  Av nokre er ho gjort til eit kasus.  Eit tilfelle.  Ei sak. Eit case. Hennar person betyr visst lite for dei som kjem slepande med ho til tempelplassen.

Ser du kvinna?
Men du ser kvinna!  Du ser mennesket.  Du ser redselen og sinnet som begge står skrive i ansiktet hennar.  Sinnet for det andre kunne få seg til å gjera med ho.  Hennar mest private liv vart ikkje bare avslørt.  Det vart utstilt.  Ho var ydmyka og fornedra.  Og ikkje eingong sinnet kunne ho vera ærleg om.  For redselen var større.  Ho var makteslaus.  Utlevert til dommarar som også kunne vera bødler.  Det sto om livet, og ho visste det.

Du ser kvinna.  Du ser kanskje noko av deg sjølv i ho? Ein vond og vanskeleg hemmeleghet? Ei sår erfaring?  Eit indre rom skjult for dei fleste.  Ditt sinne når nokon trampar inn i dine innerste rom uten å bry seg om deg. Din redsel for kva andre kan gjera med deg og øydeleggja for deg.  Ser du det, ser du di og andre si synd, ser du avstanden mellom deg og Gud, deg og medmenneske, då ser du kvinna som står der forpjuska, sint og redd. I kaos.  Av det ho sjølv har gjort og av det andre har gjort.

Ser du mannen?
Men ser du mannen? Kor vart det av mannen?  Hadde dei ikkje vore to om det?  Viss ho var gripen på fersk gjerning, må også han ha vore der når dei greip henne.  Kor vart det av han?  Skulle ein først fylgja Moselova, så skulle dei begge steinast.  Kvifor skulle mannen sleppa unna, mens ho måtte stå åleine med ansvaret, konsekvensane og skammen. Kven veit om det ikkje var han som hadde pressa eller betalt, men når konsekvensane innhenta dei, kunne han bare forsvinna!

Ser du mannen.  Kan du unngå det?  Me kjenner jo mønsteret.  Me veit korleis historien gjentek seg.  Kor ofte sto ikkje kvinna igjen åleine med konsekvensane, med ydmykelsen, med skammen, med barnet, med aborten, med skulda, med slaga og blåmerka, med eit øydelagt sjølvbilde.  Og inne i Jerusalem sine gater spankulerer han fri og frank, kanskje til og med på leiting etter nye offer eller trofè.  Takk og pris at #metoo-kampanjen har gjort det lettare å sjå, konfrontera og ansvarleggjera han.

Kjenner du skuffelsen over nokre som lot deg sitja igjen med ei vond bør, då ser du mannen.  Og veit du at du sjølv stakk av frå eit ansvar, då vil du helst ikkje oppdaga mannen som glimrar med sitt fråver i denne forteljinga. Men du veit om han likevel.  Han bur i tankane og stel kraft til å leva med ope blikk.

Ser du mennene?
Kva er det du ser i dag? Er det kvinna, mannen, eller mennene?  Dei skriftlærde. Farisearar.  Dei med steinar i hendene.  Dei som held moralen så høgt at dei løftar på dyner,  ser bare kasus og tilfelle, men ikkje menneske.  Og løftar steinar.  Dei arbeidar overtid for å gjera vegen smalare og porten trongare for folk.  Dei kretsar og vaker over Jesus med falkeblikk for å ferska han i å øydeleggja moralen, for å fanga han i manglande truskap mot skrifta, for å ta han når han er for mykje venn med tollarar og syndarar og gjer Guds vilje utydeleg.

Du ser dei stå der, ikkje sant? Uten empatisk kjærleik til dei som fell og strevar med livet sitt. Uten nok syn for mennesket.  Uten sans for Menneskesonen. Dei har funne eit testspørsmål på Jesus sin truskap mot Skrifta. Det må gå galt.  Det går alltid galt når spørsmål om bibeltruskap er gjort med baktankar, når det er ledd i ein maktkamp.  Det går alltid galt når det er medmenneske som vert gjort til kasus, når skrifttruskap er noko som handlar om andre enn meg sjølv.  Det går lett galt når det er etikk og moral som er testspørsmålet.  Eller når skrifttruskapen skal målast med ein reint bokstavleg tolkning av bibelord – utan å vurdera kontekst, livet det gjeld og kva konsekvensar dette kan få. Bibelbruk i den leia gjer det vanskeleg å gjera forskjell på sentrum og periferi i Bibelen sitt budskap.  Då vert det så lett som med farisearane at dei siler myggen og sluker kamelen og ikkje legg vekt på det som tel mest i Skrifta.

Bibeltruskap
Du ser dei stå der, farisearane, med testspørsmålet sitt.  Dei står og karikerer kva skrifttruskap aldri må verta:  Noko me løftar opp utan å sjå korleis det rammar andre.  Noko som er verd at eit menneske ligg betydningslaust i støvet.  Noko som gjev rett til å dømma og rett til å steina. Til å gjera den andre til eit objekt, ikkje eit subjekt, til å omtala andre der me skulle ha snakka med og til. Noko som gjer at Bibelen sitt nådebudskap druknar i moralisme.

Truskap mot Bibelen som Guds Ord er avgjerande viktig. Me løftar frimodig fram bibelen som rettesnor her i kyrkja for gode relasjonar med både raust mangfold og tydeleg retning. Eg og du treng å leva livet vårt med høgare normer enn kva eg føler er rett og kva folk flest meinar. Me treng å spørja kva Jesus har sagt og kva Jesus ville gjort. Me treng å leva etter eit: ”Så seier Herren, han veit kva som er best for meg, og det er velsigning i å leva etter Guds vilje.” Å bøya meg i truskap mot Guds Ord er både ideal og god veg, men på ingen måte slik som dagens tekst beskriv skriftlærde som bruker ordet som eit våpen for å ta andre og sparka dei som ligg nede. 

Samliv og etikk
Det handla om samliv den gongen, og det er i samlivsetikken det brenn mest i dag også. Kyrkjene strevar med veiledning og samtalar og med å halda fram kva som er etisk rett i eit samfunn som set vidare rammar i lovverk og rettigheter.  Det er ikkje lett verken for kyrkjelege ledarar eller for den enkelte kristne i kvardagen å kombinera klar tanke, varmt hjarta og ei tunge som ligg beint i munnen. Faren er stor for enten å redusera  respekten for Bibelen som Guds Ord eller for enkeltmenneske som har fått ein vanskeleg bagasje i legning og erfaringar. Fristelsen er stor til unnvikande veiledning, eller til å salta talen så sterkt at enkeltpersonar ligg som offer på slagmarka. 

Ein betre veg
Kan me læra ein betre veg av Jesus?  Kan me finna eit ideal å følgja? Eg trur det.  For Jesus var tydeleg og klar i veiledning om rett og galt. Uten å gjera det til eit stort og gjentatt tema heldt han fram det monogame ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne som ramme og intensjon i skaparen sin draum om det djupaste fellesskapet og seksuelle samlivet han har skapt oss til. 

Men han var varm og klar samtidig.  Han kom med veiledninga åleine med kvinna. Fordømte ikkje.  Ho var ikkje på utstilling. Han gjekk ikkje med på å bruka henne som eit testkasus på truskap mot Skriftene. Nei, han avvæpna dei som sysla med slike tankar.

Eg trur me må læra.  Å kombinera respekt for Guds Ord og respekt for det enkelte menneske.  Det er nok faktisk bare det som er i stand til å reisa opp bibelen sin autoritet hos folk flest – og hos meg sjølv. Å vera sanninga tru i kjærleik, slik Paulus seier.

Derfor treng eg og du mest å sjå Jesus.  Me som ser kvinna og den manglande mannen og dei skriftlærde og steinane me så lett ber på nokon kvar, me får i dag sjå noko utruleg stort, noko heilt annleis.  Jesus.  Budskapet frå Gud til oss.  Visuelt.  Kven Jesus er.  Kva Jesus gjer.

Ser du Jesus?
Då ser du han som ikkje lar seg lura av taktiske feller. Då ser du han som gjer bibeltruskap til noko heilt praktisk som angår og reiser opp eit ulukkeleg menneske.  Han som verner ei kvinne frå menneske som meiner seg å kjenna Gud, ei som samfunnet og religionen ikkje ville løfta ein finger for å hjelpa. 

Ser du Jesus, då ser du han som ser mennesket lenge før han ser noko kasus eller ei sak å diskutera.
Ser du Jesus? Dei 2 heilt avgjerande orda han møter oss med.

Først:  "Den som er utan synd.... 
Dei avslørande orda.  Guds lov sine klargjerande ord.  Dei gjorde skriftlærde farisearar like avkledde og nakne som ho dei hadde funne nokre minutt tidlegare. Dunk etter dunk kunne høyrast mens steinane falt loddrett til jorda.  Hadde dei mista ansikt.  Ja! Hadde dei gått i si eiga felle. Ja!  Begynte dei å gå i seg sjølv med anger og bot?  Det veit me ikkje.  Kanskje nokre var så ærlege… 

Det er i alle fall meininga når Jesus talar lova sine ord til oss.  Dei vil inn til vårt inste.  Dei vil på innsida så me ser at me treng nåde. Dei vil gjera noko med det som er så vondt inni oss at me vert frista til å lindra smerten ved å påtala andre sine feil. Det kan vera skuld, det kan vera skam, det kan vera bittert hjarta.  Ein eller annan gong har me alle omtalt ein annan i plassen for å hjelpa, sett ned på, vore ein med steinar i hendene eller oppfatta som me var det. Då treng me Jesus sine ord om ”den som er uten synd…”

Men kvinna trong ikkje lova sine ord.  Ikkje først.  Ho var klar over sin eigen situasjon.  Og så kjem det mildt frå Mesteren:

"Så dømer ikkje eg deg heller...."
Han som kunne dømma henne, han ville ikkje! Var ho skyldig?  Ja!  Vart ho dømt?  Nei!   Det er evangeliet.  Det er Jesus.  Det er Jesus slik han ønskjer å handla i livet vårt.  Ikkje med å unnskylda synda.  Ikkje med å forsvara eller glatta over at me ofte sviktar.  Nei, noko mykje betre:  Han vil tilgje!  Han vil frikjenna!  Han vil reisa opp!  Han vil gje meg nye sjansar!  Han bryr seg om meg!  Han unner meg gleda i å høyra at steinar fell til jord, både rundt meg og inni meg.  Han unner meg å høyra at anklagen vert taus.  Han unner meg å høyra meg reinsa og rein.

Han må vita at bare slik kan livet mitt forvandlast.  Bare slik kan mitt svik, mine dømmande holdningar, mi skam verta bytta ut med noko mykje, mykje betre.  Bare slik kan eg nærma meg det forholdet til Gud og menneske som Jesus har. 

Derfor trur eg på nåden som både frifinn og forvandlar.  Eg trur på den gode rekkefølgen i Jesus sine ord: "Så dømer ikkje eg deg heller.  Gå bort og synd ikkje meir."  Får eg tru det første som eit ord frå Gud til meg, då har eg ein heilt annan motivasjon til å kjempa mot det som dreg meg og andre ned frå det gode livet og vekk frå Gud.

Utan steinar
I den opne famns kyrkje kan du koma med livet akkurat slik det er  - og få ny nåde hos han som aldri sluttar med å frifinna og forvandla. Eg vil gjerne at det skal vera eit kjennemerke med det som eg løftar fram i denne kyrkja.  Ikkje steinar. Men eit syn av Jesus.  Sjå på han.  Då ser du han som frifinn og forvandlar og gjev deg liten lyst og gleda i å dømma andre.  Mykje heller hjelpa kvarandre fram på dei nokså kronglete vegane me skal finna fram på, både enkeltvis og felles.

Uten steinar hengande over meg.
Uten steinar i hendene.
Bare Jesus og medmenneske i blikket!

Powered by Cornerstone