Saman som kyrkje i heile verda
Pinsedag 2021 - Joh.14, 15-21

Saman som kyrkje i heile verda

Ting tok visst heilt av på pinsedag.  Men like rett er det å sei at det tok av i ein retning som utan forskjell er god og meiningsfull også for dei som kan spara seg for at ting tek for mykje av.  Alle fekk evangeliet på sitt språk. Så jordnært og så heilag.  Eit språkunder, ja!  Men like mykje eit høyre-under som er det normale der Guds ånd får gje liv til tru og håp. 

Denne pinsedagen er noko så viktig at eg løftar det fram og held det som ei fane me kan flokka oss bak og følgja.  Å tenkja:  Dette er identiteten vår.  Dette er kyrkje-DNA.  Dette vil eg vera ein del av.  Dette vil eg by på meg sjølv i. Gjera ein forskjell i.  Kva står det på fana?  Jau: Saman som kyrkje i heile verda.

Dette er ikkje bare navnet på ein viktig aksjon frå pinse til jonsok for å støtta kristne søsken som lid meir under pandemi og urett og vondare levekår enn det me gjer.  Det er å feira pinse.  Det er å leva i pinsen si meining.

Gud vart global
Det er den verdensvide kyrkja til alle tider som har fødselsdag i dag.  På pinsedag vart Gud global.  På pinsedag vart evangeliet ikkje bare for eitt folk, men for alle folk og alle slags folk.  Det vart til og med forkynt slik at det vart forstått og nådde fram på morsmål etter morsmål. 

I dag legg me meir vekt på å syngja enn å snakka.  Me syng pinsen og kyrkjefellesskapet sine lovsangar til den treenige Gud, Far og Son og Heilag ande.  Me bed til Gud.  Me deler med kvarandre i solidaritet i den same kyrkjekroppen. Samlast til nattverd. Me er ein del av eit eineståande fellesskap.  Dei som sit i smittevernavstand her i dette vakre gudshuset, eller i hytte og hus med ein god skjerm, dei som syng og bed med tidssonane kloden rundt. 

Nokre er våre lidande søsken som har mykje sterkare begrensningar på å samlast.  Dei er med oss i Antalya og me med dei, og med andre som Stefanusalliansen er ei utstrekt hånd til.  Dei er med oss og me med dei i Midt-austen – Syria, Libanon, Jordan, Egypt, Israel og dei palestinske områda. Saman som kyrkje over heile verda.  Slik det skal vera på pinsedag og etter pinsedag.  Det viktigaste me får vera i og gjera ein teneste i.  Det er ei stor glede å bera på ein sånn identitet!

Ei kraft som står bak
Og det er ei like stor glede at det er ein forunderleg hemmeleghet bak dette.  Ei kraft som står bak.  Ein livgjevar.  Ei veldig kraft.  Ein talsmann. Ein sannings Ande. Ein eld.  Ei tunge.  Ein vind. Eit løfte og ein verkeleghet som kjem til syne i bibeltekstane i dag.

Skal me ta Jesus på ordet, og det syns eg me skal, så er denne store, gode krafta ikkje langt vekke.  Ho skal bu hos oss, ja vera i oss, gjera at me lever, at me ser Jesus. Ja, ho skal utføra og virka at me ønskjer å følgja orda hans og leva i den kjærleiken som er hans kjennemerke og hans bud. 

Han bur i meg
Nå vil eg stoppa litt ved denne tanken.  Den hellige ånd, som er Jesus sin talsmann, bur i huset mitt, i kvardagane mine og er i meg.  Jesus meiner det han seier.  Løftet i dåpshandlinga held det fast:  «Den allmektige Gud har nå gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn» – så du aldri er foreldrelaus i den aller høgaste meininga av ordet.

Trur eg dette?  Ja, skulle eg ikkje tru Jesus sitt ord og sakramentet sitt løfte!  Kjenner eg det?  Det er jo absolutt meir variabelt.  I glimt: Ja!  Men eg trur jo at DHÅ er trøstar og livgjevar og hjelpar og Gud sitt verk i meg også når eg ikkje merkar eit fnugg eller ikkje kjem på å tenkja på det. 

Å få "åndå"
Men desse glimta.  Me seier av og til at me fekk «åndå».  Me heiv oss over og gjekk laus på noko som krevde mobilisering og ekstra innsats.  Me fekk «ånda» på vask og rydd eit besøk og ein oppmerksomhet og på noko me hadde utsett. Og det var ikkje måte på kva som kunne skje. Eller me fekk «ånda» på noko meir kreativt.  Noko som vart skapt og var eit hakk over normalen.  Inspirasjon.  Kanskje «ånda» var meir hellig enn me trudde?  Noko som ikkje var prega av lyst og grådighet og ærekjært jag, slik som lågare drivkrefter kan vera.

Å nærma seg ei due
Det er mange sterke bilder og metaforar på Guds ånd.  Eit av dei er dua.  Var det usynlege vengeslag som sveiv der over vatna i opphavet, i det aude og tome i ei forventning til at Gud skulle skapa kosmos av kaos? Dua kom i alle fall over Jesus i ei avgjerande stund. Ho viste seg i dåpen, og Anden var etterpå ei avgjerande kraft i det livet som forandra verda og viser oss Gud, tru, håp, kjærleik. Og dua som landar, er eit sentralt motiv i glaskunsten og altarkunsten her i Bryne kyrkje.

Så kan det ha vore deg og det kan ha vore meg som møtte dueflokken i park og på torg då me var små.  Var det ved Breiavatnet?  Begeistra gut som vil ta på pip-pipar.  Dei ser jo så tamme ut.  Og gutten spring for å ta på.  Og når det ikkje går, så vert det gjerne meir springing og hoiing og vifting med armar.  Det går jo ikkje å koma nærmare ei due med sånn voldsom innsats.  Men viss gutten set seg ned.  Heilt stilt. Roar seg.  Så kan det vera at dua kjem nærare av seg sjølv.  Det er i stillheten me kan merka og erfara at duer og Gudsånd nærmar seg – og tek til orde på sin gode måte.  «I stillhet og tillit skal styrken dykkar vera», seier Skrifta. 

Og derifrå kan det skje at Jesus sin talsmann som bur i meg og ikkje er langt vekke, er livgjevar for slike gode ting som piplar fram og heiter Anden sine frukter.  Slikt som andre merkar, meir enn me sjølv:  Kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.  Sterk, god kraft som kjem innanfrå og har opphavet ovanfrå.

Eit salig kaos...
Den første pinsen kom alt i eit stort salig kaos.  Vind og sterk susing.  Eld og eldtunger. Hus og folk fylte av Guds Ånd som nå tok bustad i kvar enkelt disippel.  Det var ekstase og vekkelse og massedåp.  Lite som minner om regulerte sitjeplassar med registrering og kontrollerte former og ordningar.  Den kristne kyrkja sin fødselsdag.  Og me får tru i vår tru at dette er den tredje personen i den treeinige Gud, som kan få ting til å ta av, bli til, at tru virkar og vert praktisert.  Noko som er meir enn at me får «åndå».  Slike dagar der me ser Jesus, for han lever og me skal leva.

... og normalt liv
Det må vera rett å seia at ting tok heilt av på pinsedag.  Men minst like rett at det tok av i ein retning som utan forskjell er god og meiningsfull også for dei som kan spara seg for at ting tek for mykje av.  Alle fekk evangeliet på sitt språk. Så jordnært og så heilag.  Jesus som frelsar og Herre på ein måte som kunne forstås og gripast.  Eit språkunder, ja!  Men eit under som er det normale der Guds ånd får gje liv til tru og håp.  Evangeliet forståeleg til alle folk og til alle slags folk.  I tale og minst like mykje i handling.

Og der er me:  Saman som kyrkje i heile verda.  Ein kropp.  I dag på pinsedag:  Takknemleg.  Lovsyngande.  Bedande.  Delande. Slikt som piplar fram fordi Anden bur i oss.  Og «oss» er eit stort fargerikt mangfold som er saman som kyrkje i heile verda!

Powered by Cornerstone