Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida 2020. Matteus 15,21-28

Livsglede og gudskamp

Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser mennesket først, før prinsippa. Ho får rett.

Ei kvinne sluttar ikkje å ropa om menn er tause og avvisande. Ei modig kvinne let seg ikkje vifta vekk av menn med definisjonsmakt. Ho bles ikkje av den viktigaste kampen ho står i, sjølv om oddsa ser dårlege ut.  Ho gjev ikkje opp håpet om ho møter motgang og motstand.

Skulle mest tru det var kvinnedagen i dag!  Og det er det jo.  Og det er absolutt lov til å la ein frimodig kvinnestemme i evangeliet vera til inspirasjon, både i fortid og nåtid.  Stå på, kvinner!  Og lytt, menn!  Til kvinner som ber fram ei naud og hevdar retten til å verta høyrd og tatt på alvor. 

Og det er ikkje bare kvinnedag. På Bryne er det livsgledehelg. Me heiar på livsglede og vil sleppa ho fram.  For alle som bur her.

På toppen av alt er det årsmøtesundag i kyrkja. Dåpsfamiliar i glede! Livsglede er eit fellesskap. Eit fellesskap som syng i glede, og vågar å kjenna på nød og gjera nød og lengsel til bønn og strategi og innsats.

Det som er verd å kjempa for
For verken kvinneverd og kvinnerettar, familieliv og livsglede eller ei kyrkje for gode relasjonar kjem av seg sjølv. Det hender det beste må kjempast fram.  Det kan vera at livsglede er å stå oppreist i dei stormane som kjem, fordi me slår ring om kvarandre, støttar kvarandre og vert enige om ein veg å gå.

Denne sundagen er ein dag om kampane våre. Kamp for livsgleda og håpet og meining og fellesskap. Til dette har evangeliet gitt oss ei kvinne å identifisera oss med.  Og ein Gud som lar seg kjempa med, som vert berørt av oss, endrar forsett og grip inn.  Det kan ikkje vera sjølvsagt, at Gud er slik!

Men i kampen har han visst sett noko forunderleg: Ei stor tru…!! Jesus har møtt ei uvanleg stor tru, ei tru som overraska og berørte han, og fekk han til å gripa inn og hjelpa….

Ei stor tru som ikkje vil sleppa tilliten til at Jesus kan gripa inn i vonde tider og dagar, eller til Gud som til slutt skal velsigna når natta er over.

Ei stor tru, ikkje ei sterk tru, ei sånn som trur at ho veit alt eller insisterer på å vita alt. Ja, for den «sterke» trua kjem skikkeleg i beit med teksten for i dag!  Kan du forklara alt der?  Ein livsskjebne som gjer at ein jentunge er plaga av noko som vert rekna som vond åndsmakt. Jesus som er fullstendig taus. Og så avviser han mor med prinsipputtalar og lar ho få følelsen av å ha verdi som ein hund i forhold til jødane sin barnerett!  Og kven kan ta på seg å gje ei vanntett forklaring på at Guds Son på jord lar seg pressa til å skifta meining?

Vær så god!  Preikestolen er ledig. Plassen i gudstenestegruppa også, for der var me ganske ærlege på at desse tekstane og forteljingane ikkje lett går opp i fasit og A4 verken om Gud eller menneskelivet.  Men Jesus ser altså ei tru som er så stor at han sjølv velgjer å snu og skifta meining.  For livsgleda si skuld.

Så nå får me spørja:  Kva er ei stor tru?  Kva viser Gudsordet  om stor tru gjennom det som skjer mellom Jesus og denne kvinna?

1. Ei stor tru ropar på Gud når livsgleda er i knipe.
Kvinna var ikkje jøde.  Ho høyrde ikkje til Guds utvalde folk. Ho var sosialt og religiøst ein utanforståande. Men Jesus hadde altså bevega seg ut av jødiske område, til fønikiske kystområde i nord. Kvinna var kanaanear. Men det hindra henne ikkje i å ropa på Davids Son, Israel sin Messias.  Ho kom med si naud.  Med den djupaste. Med dotter si. Den næraste. Med det som var det aller vondaste å bera. Ho kom med sin livssmerte og sin livskamp.
Alle menneske har sin livskamp.  Og poenget er:  Det er i den at trua viser seg, det er der trua høyrer heime, det er der Jesus oppdagar og vert berørt av ei tru.  Av ei kjempande tru.

Du er eksperten på ditt liv.  Du kjenner din smerte, du veit om det som plagar og tærer, det som tek søvn om natta og humør om dagen, klumpen i brystet, dei visne og kraftlause hendene, det du gruar for, vanskelege valg som skal tas, det du spør etter, draumar som brast, sorga som ikkje vil gje seg, bitterheten over andre som formørkar livet, skuld som gneg innvendig for det du sjølv stelte istand.  Me kjenner livskampen alle, sjølv om nøden og smerten har mange variantar og ulik fordeling.

Men: Det er her trua høyrer heime. I det verkelege, ekte og sannferdige livet.  I ropet etter Gud og hans hjelp i knipe. Om ein høyrer eller ikkje høyrer til dei som sosialt og religiøst vert rekna for gudsfolket, har lite å seia.  Eg trur jo ikkje på Jesus fordi eg er lukkeleg innforbi eit kyrkjefelleskap og kosar meg i ei bibelgruppe, i kyrkjekaffidrøs eller korsang eller salmar og liturgi.  Eg trur fordi eg treng Jesus, det er noko i livet mitt der eg ikkje har andre eg kan gå til, det er eit rop som ikkje lar seg stoppa. Sjølv tenkjer eg ikkje på det som ei sterk tru, men ei tru som kjempar med livet slik det er, og i alle fall vender seg til Gud når det brenn som mest.   Ei stor tru ropar på Gud når livsgleda er i knipe, når nøden er der: ”Herre, du Davids Son, miskunna deg over meg. Kyrie eleison.”

2. Ei stor tru gjev ikkje opp om Gud er taus.
Sjølv om det er vanskeleg og tøft:  ”Men han svara henne ikkje eit ord.”  Det må ha vore grusomt vanskeleg for kvinna!  Ho hadde bretta ut si djupaste naud i tillit til Jesus – og så snakka han ikkje eingong til ho!!  Ho som var sosialt og åndeleg ein utanforståande hadde våga å plassera seg innforbi.  Og så var Jesus taus! 

Mange opplever noko liknande.  At Gud var taus og fjern.  At det var så mange spørsmål som hopa seg opp og alle begynte dei på ”kvifor??”  Me kjende ikkje bare livskampen på kroppen.  I tillegg fekk me gudskampen. Kva er det nå eigentleg Gud svarer på dei gode bønnene våre?  Me bed om framtid for ungane me har fått i gåve og på lån.  Me bed for ungdommane våre. Me bed om beskyttelse, og så vert nokon likevel mobba og vikla inn i rus og psykiske lidingar.  Me bed for helsa, og så kjem sjukdommar likevel, også det uhelbredelege.  Med bed for fred i verda og opplever at mistillit veks.  Me bed om vekst og fornying i kyrkja hos oss og i landet, og lengtar etter meir enn me ser.
 
Ei stor tru gjev ikkje opp med det, om det kan virka som om Gud er taus.  Kvinna var uthaldande heilt til Jesus var ettergjevande.  Ho gjekk ikkje skuffa heim.  Jakob kjempa til hofta gjekk or ledd:  ”Eg slepper deg ikkje før du velsignar meg.”  For ei stor tru er ikkje avhengig av svara.  Eller fulle forklaringar, ho er forankra til Jesus. Trua held seg til Gud, for det er viktigare å få hjelp til å leva med enkelte av livsgåtene enn å få løyst dei alle.  Trua fortset å venda seg Jesus, og har ei livsglede i det, undervegs mot eit svar som kan koma.

3. Ei stor tru tviheld på at Jesus set mennesket først. Før prinsipp og grenser.  
Jesus presenterer ei slik grense i dag. Han er komen til dei bortkomne i Israels hus. Dette er eit utsagn der forklaringane kan hjelpa oss eit stykke på veg.  For det var Jesus si oppgave på jorda å leva som ein jøde og ta seg av det folket Gud hadde valt ut.  Målet var frelse for heile verda, over alle grenser. Men vegen gjekk om Israelsfolket først.  Det var først etter oppstandelsen, etter at den nye pakta var grunnlagt, at misjonsbefalinga vart gitt til alle folkeslag.

Men for kvinna vart det ikkje enklare av den grunn.  Ho var like mykje i nød for det, ja, kanskje ennå meir.  For nå kjempa ho ikkje bare med Jesus sin uforståelege taushet og læresveinane si avvisning, ho kjempa mot Gud sjølv og hans frelsesordning.  Men aldri lar ho seg stoppa, nauda er for stor, og det same er tilliten til Jesu omsorg for den enkelte.  Ho hiv seg på kne, reknar han ennå for Herre og ber om hjelp.  På den måten grip ho – kanskje uten å vita det – det innerste i Guds frelsesplan, det som skulle verta kjent for heile verda etter påskedramaet:  At Guds omsorg er uten grenser.  Me er alle rekna med.  Det er ingen andre enn oss sjølv som kan setja oss utenfor Guds omsorg og frelse.

Kvinna går eit par rundar med Jesus og kjempar for dette:  ”Ja, det er sant, Herre, eg ser at du ikkje kan ta brødet frå barna og gje det til hundane, eg aksepterer at det utvalde folket går føre meg.  Men: Hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira, det er ikkje snakk om å øydeleggja noko for andre, Herre, det vert ikkje mindre brød på barna om hundane får smulane!”

Ho forankrar alt sitt håp hos Jesus.  Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser mennesket først, før prinsippa.

Ho får rett.  Det er slik Jesus er. Han lar seg bevega til å gripa inn. Eg trur det er slik han er.  Eg trur han føregrip noko for denne eine kvinna, som seinare og alltid gjeld alle.  Alle er like for Gud.  Alle er like mykje verd.  Trua og kyrkja set ikkje avvisande grenser.  Her er ikkje jøde eller greker, mann eller kvinne, trell eller fri, dei er alle eitt i Jesus Kristus.  Paulus seier det.  Jesus grunnla det og står for det.  Kyrkja har det til rettesnor både i kvardag og på årsmøte.

Mange av oss må nok leva med ei veikare tru enn ho som hadde den store.  Men det me ikkje kan leva uten, det er ein stor Jesus som vert berørt i hjarta.  Ein som ser til alle menneske, også meg som kjempar på min måte med mitt liv.  Ein stor Jesus som har gitt livet for meg og mi frelse.  Ein stor Jesus som har gitt løfter som held, om at hans rettferdighet er min, aldeles gratis.  Eg får eiga alt i trua.  Når livet mitt er forankra hos Jesus.

For tru er tru.  Den ber uansett kor og frå kven.  Livsglede i kampen.  Livsglede i trua. I bønna. I Jesus.

Powered by Cornerstone