Å gå seg vill og verta funnen
5.sundag i treeiningstida 2019 - Matteus 18,12-18

Å gå seg vill og verta funnen

Det er ein svimlande tanke at min evne til å vasa meg vekk, kan gjera Gud lei seg og bedrøva. Og det at eg kjem tilbake til flokken, kan gjera Gud jublande glad. Gud sin fortvilelse er å missa meg. Gud si glede er å finna meg.

Det går an å gå seg vill og koma vekk.  Det er ikkje bare sauer i heia som kan det.  Det kan eg gjera.  Det kan kven som helst gjera.  Me kan koma vekk frå Gud.  Me kan missa oss sjølv. Gøyma oss for venner.  Koma vekk frå fellesskapet i kyrkja.

Det går an å gå seg vill og koma vekk.  Ikkje gå lenger på gamle velprøvde stigar, på vegen til det gode i det trygge tråkket som står der.  Men me vil ikkje gå der, fortel profeten Jeremia (6,16-19). 

Det går an å gå seg vill i det me trur på.  Halda oss med evangelium som ikkje er sant, men falskt. Seier Paulus (Gal.1,6-9).  Og det går an å gå seg vill i det å leva.  Me lever ikkje godt liv.  Mestrar det ikkje.  Trua er ikkje sann.  Livet er ikkje godt.

Korleis kan det skje? 
Viss me tok ein runde i kyrkjebenkene om det, så hadde me kome opp med ufattelege mange måtar me kan gå oss vill på.  Noko fristar over evne.  Noko er me blinde for, før det er for seint.  Noko vert me lurte opp i stry av. Livet kan treffa oss midt i trynet så me ikkje får trua og det me møter i kvardagen til å henga i hop.  Nokon eller noko kan ha gjort meg så mykje vondt at eg ikkje orkar å vera i eit fellesskap som held det å tilgje høgt.  Eg kan ha gjort noko eg skjemmest så for eller angrar så på, at eg skygger banen sjølv.

Så dette kan henda.  At nokon trekkjer seg så langt vekk frå flokken at dei går seg vill.  Det kan henda kven som helst av oss.
Ein som har skrive sant og vakkert om det er Edvard Hoem, i ein salme me snart skal syngja. 

Salme med sommarauge
Salmen ser livet med sommarauge.  Han beskriv korleis sol og sommarvind får livet til å folda seg ut.  Alt sprett og veks og opnar seg.  Blomar foldar seg ut, frøsvermane svirrar mot det blå, fuglane flyg i himlen inn.  Alt opnar seg og tøyer seg mot lyset.  Akkurat slik det er med oss menneske når me ser livet med sommarauge og har så mykje lyst og lengsel i oss.

No kallar sol og sommarvind. Vårt liv spring ut, vår dag er lang.
No lokkar hav og doggvåt skog, og fjerne hjarteklokkers klang.
Far ut! Far ut! Kjenn himlens regn og skjelv i nattevindens sus.
La auga gå mot ukjent verd, og styr ditt steg mot ukjent hus.

Det er poesi og vakkert, det er ekte og sant om mennesket sin lengsel, om skaparen som har gitt oss alle denne trangen til å søkja og leita og folda oss ut. Ein trong etter å finna og få med oss. 

Legg ut, legg ut, du svoltne sjel, og berg din draum i sorg og lyst.
Finn fàr i fjell mot høgste tind og styr din stamn mot ukjent kyst.

Og så – midt i salmen – kjem det ord om det som drog for langt ut, som førte for vidt, som gjorde at me fekk kjenna baksida av lengten sin lyse draum.  Kva då?

Då er det at Hoem sin salme ikkje bare viser oss skaparen som gjev oss utferdsdraumen, men nådens Gud som har heim for oss.   Hans lengsel etter oss er sterkare enn alle våre lengsler.  Gud veit at gleda over å koma heim er djupare enn trangen til å fara ut. Og slik helsar nåden sin Gud oss når me kom for langt vekk frå heimen og når me står ved grensa for der som våre steg kan gå.

Så herleg er den grøne jord med store fjell og vide hav,
så enkle er dei lovnadsord som ber oss over død og grav.
Kom heim, kom heim, du barn som rak så vide om før sol gjekk ned!
Kom heim og kjenn den milde smak av nådens sol, av himlens fred.

Så nær oss er den kjærleikshand som styrer fjerne klotars gang,
som rører oss i framandt land og tar oss heim til moders fang.
Kom heim, kom heim til faders hus!  Var synda stor, er nåden stor
Og himlens glede blir eit brus av tusen venger over jord.

Denne salmen har berørt meg mykje.  Han er ærleg om livet og sann om evangeliet.  Han koblar livet på det beste og såraste med evangeliet på det sterkaste og varmaste.  Kom heim, du som bare måtte fara ut.  For det må dei fleste.  Det er å leva.  Og det er minste sak i verda å plutseleg ha gått seg vill. Men den beste å koma heim igjen.

Det er slike store ting Jesus snakkar om i evangeliet for i dag. Hans gode evangelium ropar ut kva Gud vil, og det spør kva me vil.

Kva Gud vil - og eg vil?
Kva vil Gud?  Hald dykk fast:  Far i himmelen er på leiting på jorda. Gud vil finna.  Gud vil ikkje mista ein einaste ein.  Han gled seg ekstra om han finn igjen ein bortkomen.  Det er ein svimlande tanke at min evne til å vasa meg vekk, kan gjera Gud lei seg og bedrøva.  Og det at eg kjem tilbake til flokken, kan gjera Gud jublande glad.  Gud sin fortvilelse er å missa meg.  Gud si glede er å finna meg.  Slik er Gud!  Det vil Jesus!

Så då er spørsmålet:  Kva vil eg?
Kanskje det må vera å verta funnen av han som leitar?  Gong på gong.  Heile livet.  Å verta funnen er den gleda som passar til han som leitar til han finn, både den bortkomne og si eiga store glede.

Kva vil eg?  Verta funnen?
Viss nokon har gått seg vekk i fjellet, eller er sakna på sjøen, vert det sett inn store leitemannskap.  Dette veit me. Vert nokon berga eller funne i god behold, er gleda vanlegvis enorm på begge sider. Ingen sukkar over å vera leitemannskap. Eller over ressursbruk og utgifter. Sjølv om det kan vera litt flaut for den som kom vekk, vil takken for innsatsen likevel vera større enn skamma.

Gleda over å finna og verta funnen er rein, god glede.  Det er Gud si glede.  Og det skal vera vår glede, seier Jesus.

Matteus-perspektivet
I Matteusevangeliet er forteljinga om den bortkomne sauen brukt til å sei noko om omsorg for kvarandre, om å leita og finna og bry oss når nokon går seg vill - slik Gud gjer.

Det er ikkje så lenge sidan nå, ein sterk og viktig samtale som ende med det som Jesus fortel om i dag, og som kyrkja kallar skriftemål.  Å løysa på jorda, det som skal vera løyst i himmelen. «Trur du at min tilgivelse er Guds tilgivelse?» Eit skjelvande ja, og ein nokså ydmyk stemme som seier at det skal verta som du trur. «I Jesu namn: Du er tilgitt!» Ein eineståande gåve som gjer at eit menneske kan leva forsont med vegar som tok vanskeleg retning, og klara å tilgje seg sjølv og få fred, fordi det fins ein fullkommen, guddommeleg tilgivelse som vert tilsagt med håndspålegging for den som ber om denne store nåden. 

Det er fantastiske stunder som prest, og eg trur det må vera mange som ber på noko dei hadde ønska å leggja av seg.  Bruk oss prestar eller andre de har tillit til. Å be himmelkrefter ned på jorda. Jesus har gitt fullmakt til det.  For ikkje ein einaste ein er verd å gå tapt og fara vill.

Fellesskap som bryr seg
Jesus ser alltid den enkelte.  Og han kallar oss til å vera eit fellesskap som bryr seg om kvarandre.  Omsorga seier
meir enn noko at det kristne fellesskapet ikkje er ein vanesak, men eit Kristus-fellesskap!

Jesus minner i dag om ein spesiell form for omsorg: Mitt og ditt og heile menigheten sitt ansvar når ein bror syndar. Altså når ein som bekjenner trua, fell, og synda si øydeleggjande kraft får stela liv og tru. Kva gjer me då?

- trekkjer på akslene og tenkjer, dette må han/ho ordna opp i sjølv.... Eller kanskje presten....?

- gjer det til "ein snakkis", men sjølvsagt bare blant gode venner...

- slepp det laus i selskap og tipsar media, særleg viss vedkomande hadde oppfatningar som kolliderer med mine?...

Men Jesus er klar og tydeleg. Det er omsorg som gjeld. På ein einaste måte. Gå til den som har synda. Ikkje snakk om han, men til han. Di oppgåve er å vinna han tilbake. Han er ein bror. Ho er ei søster. Som treng hjelp. Som treng deg. 
Og Søren Kierkegaard har teke både evangeliet og tilgivelsen og omsorga på kornet når han seier: "Jeg vil heller ankomme evigheten med 3 skriftede mord på samvittigheten enn med god samvittighet etter hele livet å ha sladret om andre og baktalt dem så livet ble en pest for dem

Dette er ikkje lett!  Å konfrontera på ein god måte.  Me vil jo vera vennlege, vare og er redde for å såra.  Me vil ikkje blanda oss inn og vera brysomme på ein utidig måte.
Men Jesus seier me skal bry oss.  Ordna opp i konfliktar.  Gjera opp der me har gjort andre vondt, hjelpa andre inn i fellesskapet når noko står der og hindrar dei.

Gleda over å verta funnen
Eg hadde nok likt at nokre sa i frå på ein fin måte om eg hadde såra og gjort ting vanskeleg rundt meg.  Eg hadde absolutt ikkje likt det viss eg ante at omsorga betydde mindre enn behovet for godt omdømme og reine hender i menigheten.  Men kunne eg få hjelp til å gjera opp der noko eller nokon var skada, så var det fint.  

For eg vil så gjerne verta funnen sjølv. Boren heim. Til Gud si store glede over den som kjem heim.  Til mi store glede over å høyra til hos han som elskar meg, og hos gode kristne søsken som har ekte omsorg for meg.

Eg håpar eg snakkar til deg også nå.  Om det som Jesus legg inn over oss.  Og nå skal me syngja det, Norsk Salmebok 333…

Powered by Cornerstone