"Vi såg hans herlegdom" - Var det når...?
Johannes 1,1-14 - Juledag 2013

"Vi såg hans herlegdom" - Var det når...?

Johannes sitt juleevangelium endar med eit vi! ”Vi såg hans herlegdom!” Kven er ”vi”? Er det oss? Er me rett og slett målet for Johannesprologen sitt enorme sveip over tid og rom, historie og evighet, mørke og lys, skaping og frelse.
Hyrdenes tilbedelse
Hyrdenes tilbedelse     

Joh.1,1-14:

I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.

Han var i opphavet hos Gud.
Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.

Det som vart til
i han, var liv,
og livet var lyset for menneska.
Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.

Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

Det sanne lyset,
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.

Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.

Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.

Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.
Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.


Johannes sitt juleevangelium endar med eit vi! ”Vi såg hans herlegdom!”

Kven er ”vi”? Er det oss? Er me rett og slett målet for Johannesprologen sitt enorme sveip over tid og rom, historie og evighet, mørke og lys, skaping og frelse. ”Vi såg hans herlegdom!” Er det konklusjonen, målet, poenget, responsen? Er det dit me skal førast denne juledagen? Kvar gong dei første linjene i Johannesevangeliet opnar døra til mysteriet Gud og hans brann etter å nå oss med frelsande kjærleik.

Vi såg hans herlegdom!” Gjorde me det? Kva tid då? Korleis?

1.  Var det nå?  Er det når verselinjer og musikk får røra med oss.  Himmelske tonar driv jo og fyller øyregangane heile jula.  Kanskje dei er augene me ser Jesu herlegdom med?  For mange er det musikken som opnar augene.  Julebudskapet får faktisk ikkje tak i oss før tonane smyg seg inn med vare instrument eller trengjer seg på med feite gospeltonar eller mektige oratorium. 

Eller er det andre sider av kunsten sin måte å opna auge på som gjer at me får sjå Jesu herlegdom?  Bildande kunst?  Litteratur? Julekrybber? Maria med barnet?  Barn som spelar og framfører? Eller er det poesien som treff? Poesien med rytme og bilde-skapande ord tek tak.  Johannesprologen er poesi, rytme, musikk i seg sjølv og treffer oss på kanalar andre slags ord ikkje gjer.

Eg har snakka med og lese om folk som oppdagar Jesu herlegdom gjennom kunst- og kulturbriller. Kunsten i kyrkja her gjer noko med oss! Og kven har ikkje kjent at barnetru og kunnskap om Jesus langs livet sin veg kunne bli fornya langs kulturelle veger.  Har det skjedd denne jula?  Kanskje i dag?  Vi såg Jesu herlegdom i kunsten sitt uttrykk og inntrykk?

2.  Eller:  Var det når me såg lyset vinna over mørket? Vi såg Jesu herlegdom i alt det gode som fylgjer Jesu navn. Nokre ergrar seg grøne over alt som er mørkt og galt og seier at Gud neppe er både god og allmektig.  Andre av oss tykkjer at det gode si gåte er vel så stor som det vonde si gåte er. 

At godheten fins, er ikkje det eit større gudsbevis enn vondskapen er det motsette?  Er ikkje inspirasjonen frå Jesu liv og forkynning eit større lysglimt i historien, enn alt det vanskelege og vonde som er gjort, også i Jesu namn, eller i kyrkja sitt namn?

Resten av preika kan du lesa i denne lenka...

Powered by Cornerstone